– Me skal ikkje avskrive Sørloth frå troppen, men frå startellevaren så kan han vere veldig trua per dags dato, seier Andrine Hegerberg i den nyaste episoden av NRK-podkasten «Bakrommet».
Tysdag tok landslagssjef Ståle Solbakken ut dei 25 spelarane som skal spele landskampar dei kommande vekene. På lista stod ikkje Alexander Sørloth.
Kristoffer Løkberg stiller seg også bak Hegerbergs utsegn.
– Eg blir veldig skuffa over Oscar Bobb viss ikkje han sørger for at høgrekanten er hans i løpet av denne samlinga, og at han ikkje viser Sørloth til ei innbytarrolle.
Han meiner Oscar Bobb er ein naturleg erstattar for trønderen, og no kan han få fire kampar til å vise seg fram. Noreg skal bryne seg på Danmark, Wales og Portugal (to gonger) i nasjonsligaen. Første kamp er 24. september.
– Viss han ikkje får kontroll på kroppen og byrjar å få litt minutt i Atlético, så om ikkje Oscar Bobb tek plassen, så et han i alle fall veldig innpå der no, legg Hegerberg til.
Sørloth pådrog seg ein muskelskade tidleg i august og har vore utanfor troppen til klubben sin, Atlético Madrid, sidan den gong.
– Nesten vore for god som innbytar
Sjølv om trønderen har vore ein fast og viktig spelar for Noreg dei siste åra, meiner Løkberg at det er meir enn naturleg at rolla hans no blir endra:
– Det er ein naturleg del av ein spelar sin evolusjon og karriere at du endar over i ein sånn fase. Sørloth må berre angripe den rolla så godt det går, og det er hans veg til å vere med på det laget her i mange år framover, seier Løkberg.
Ekspertane peikar på korleis Sørloth har løyst situasjonen i klubben sin.
– Sørloth har løyst den innbytarrolla i Atlético Madrid heilt fantastisk. Han har nesten blitt ein «supersub» der, sjølv om han hatar det, seier Hegerberg.
Løkberg slenger seg på:
– Han har nesten vore for god som innbytar. Eg veit at han hatar den rolla, men det vil vere noko anna på eit norsk landslag viss du utover i 30-åra framleis får lov til å vere med og spele ei viktig rolle, seier Løkberg.
Startar han i neste meisterskap?
EM i 2028 blir eit naturleg høgdepunkt for det norske landslaget. Om Sørloth framleis har ein fast plass i startellevaren då, er ekspertane delte på.
Nei, meiner Løkberg.
– Eg blir iallfall skuffa viss Oscar Bobb ikkje er det soleklart beste valet som høgrekant i 2028.
Ekspertkollega Carl-Erik Torp trur ikkje Noregs startellevar kjem til å vere like fast som han har vore det siste året.
– Ståle har hatt ein ganske enkel jobb med å vita kven som utgjer den beste ellevaren. Framover trur eg det blir tøffare kamp om plassane og at det vil variere meir utifrå kven som er i best form, seier Torp.
Torp og ekspert Magnus Wolff Eikrem trur Sørloth kan ha ein sjanse, men det føreset at han blir frisk.
– Han kjem tilbake, han har vore og er ein så viktig spelar for Ståle. Han har kanskje vore den beste i Ståles periode forutan Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland. Sørloth har alle moglegheiter til å starte i 2028, seier Eikrem og held fram:
– Den høgresida med Sørloth, Ødegaard og Julian Ryerson vil vere livsfarleg då også.
– Sørloth må levere og halde seg skadefri. Då er han veldig fort i startoppstillinga når me kjem til eit nytt meisterskap, seier Torp.