Ulukke på Arna stasjon
TREKKSPEL: Togvognene på godstoget fekk ein trekkspeleffekt etter ulykka. I tunnelen stod også eit passasjertog med 170 personar, som det tok over fem timar å få ut. Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Eg kan stadfeste at søksmålsvarsel har gått frå Bane Nor. Utover det har vi ingen fleire opplysingar eller kommentarar å komme med på dette tidspunktet.

Det skriv leiar for ekstern kommunikasjon i Bane Nor, Stine Smemo Strachan, til NRK.

Godsvogner krølla seg saman

Det var mars 2024 at eit godstog eigd av OnRail AS køyrde i høg fart forbi eit raudt lys, og spora av på ein sporvekslar ved Arnanipatunnellen på Arna stasjon.

Fleire av godsvognene krølla seg saman i ein «trekkspeleffekt».

Godstoget kom frå Bergen, og i motgåande retning kom eit passasjertog med 170 passasjerar. Det stoppa 500 meter frå ulykka og vart ståande inne i tunnelen i fleire timar.

Ingen personar blei alvorleg skada i ulykka.

I november i fjor kravde Bane Nor millionerstatning frå OnRail AS. Bane Nor meinte ulykka på Arna stasjon i 2024 totalt har kosta dei 28.342.137,82 kroner.

Den 2. juli i år sende Bane Nor søksmålsvarsel til OnRail og deira forsikringsselskap, via Crawford & Company Norway AS.

– Vi tar det eigentleg med ro, fordi OnRail har ei lovbestemt ansvarsforsikring, som dekker opp til ein halv milliard kroner, seier dagleg leiar Henning Aandal i OnRail.

Togavsporingen ved Arna.
Toget låg som eit trekkspel på togskjenene. Foto: Oskar Rennedal

Lokførar godtok bot

I ein rapport slo Havarikommisjonen fast at den direkte årsaka til ulykka var at både lokføraren i godstoget og terminalarbeidaren gløymde å opne ei kran.

Dette førte til at bremsene på vognene ikkje fungerte, og rapporten slår fast at den direkte årsaka til ulykka, var svært redusert bremsekraft.

I mai i år vart det kjent at den sikta lokføraren hadde godtatt ei bot på 30.000 kroner.

Etter dommen sa Aandal i OnRail at dei hadde gått gjennom sine rutinar og prosedyrar.

– Dei har vist seg å vere bra nok. Vi har likevel gjort nokon justeringar, men vi sagt at både opplæringa har vore god og at lokomotivet var nytt. OnRail som selskap har ikkje vore i søkelyset frå politiet, sa Aandal.

lokomotiv arna arnanipa
Lokomotivet etter ulykka. Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Ueinige i dokumentasjonen for kravet

I ein e-postutveksling NRK har fått innsyn i, kjem det fram at Bane Nor opplyste Crawford & Company Norway AS, som representerer OnRail AS, om varselet alt i slutten av juni i år.

Før dette har partane vore ueinige i om det økonomiske tapet til Bane Nor er «til­strekkeleg sann­synleg­gjort».

Opprydding etter togulykke i Arna
Det har så langt ikkje blitt einigheit om erstatningssum for Bane Nor. Foto: Sissel Rikheim / NRK

Crawford & Company Norway AS skreiv at dei «synest det tvilsamt om Bane Nor vil bli i stand til å dokumentere store deler av sitt krav».

Dei meiner at Bane Nor og Onrail sitt forsikrings­selskap er «meir tent med å komme fram til et om­forent erstatnings­beløp, utan at ein går inn i alle detaljane i saka».

– Vi er kjent med at forsikringsselskapet motseier kravet til Bane Nor, seier Aandal.

– Dekkast

Aandal seier varselet om søksmål gjeld Bane Nor sitt «påståtte tap etter avsporinga i Arna».

– Viss det viser seg at OnRail som selskap er erstatningspliktig, så dekkast det av ansvarsforsikringa til OnRail.

Henning Aandal, gründer og dagleg leiar i togselskapet Onrail AS på godsterminalen på Alnabru i Oslo.
Dagleg leiar Henning Aandal i OnRail tar søksmålsvarselet med ro. Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Aandal seier at ifølge politiet har ikkje OnRail som selskap gjort noko feil.

– Viss lokomotivføraren er tilsett for å køyre OnRail sine tog, så ligg det vel eit ansvar der også?

– Det er det forsikringsselskapet og Bane Nor diskuterer no, men OnRail vil heldigvis ikkje bli sjølv ansvarleg økonomisk, ettersom det er forsikringsselskapet som vil betale ein eventuell erstatning, seier Aandal.