– Det er pengar som betyr mykje, og som ein heller kunne ha brukt på sparing.
Det seier Madelen Luberth om pengane ho sette av til depositum da ho for tre år sidan flytta til Bø for å studere.
Ho har leigd eit rom i eit kollektiv og mellom anna fått erfare korleis det er å ha dårleg råd.
Derfor synest ho det er leitt å sjå at ho i praksis har tapt pengar på å binde opp fleire tusen kroner i depositum på ein konto med null prosent rente.
– Sårbare for å bli utnytta
Bankane har nemleg operert med låge renter på depositumskontoar.
I fleire år har halvparten av norske bankar hatt ei rente på null eller nær null, ifølge tal frå Finansportalen og Renteradar.
Det var lite som tyda på at rentene ville auke, fram til Forbrukartilsynet i vinter kravde at bankane følgde lova.
På eit halvt år har rentene skote i vêret. Litt seint, meiner Luberth, som ein dag håper ho har nok eigenkapital til å kjøpe bustad.
– Det er kjipt å innsjå at eg kunne ha spart opp meir no, seier 23-åringen.
Du kan sjå kva depositumsrente dei største bankane har lenger nede i saka.
– Lova må gripe inn
Fleire medieoppslag, saker i Finansklagenemnda og tips frå Forbrukarrådet og Leieboerforeningen var årsaka til brevet Forbrukartilsynet sende til bankane i februar.
Her ber dei bankane sikre at depositumskontoane har minst «vanlege» rentevilkår, altså ei rente på nivå med den vanlegaste sparekontoen med flytande rente.
– Viss bankane har ei for låg rente, som bryt med krava i husleigelova, så er jo det ulovleg, seier Mari Bakke Akslen.
Ho er underdirektør for tilsynsavdelinga hos Forbrukartilsynet.
– Det at depositumskontoar skal vere renteberande, er meint å kompensere det tapet leigetakarane har når pengane deira er låste på ein konto over tid, seier Akslen.
Ho påpeiker at verken utleigar eller bankane har noko å vinne på høge renter.
– Sidan utleigar vel bank, men leigetakar får rentene, har verken utleigar eller banken interesse av å sikre gode vilkår. Nettopp derfor er leigetakaren sårbar, og lova må gripe inn, seier ho.
Kraftig auke
Sidan bankane fekk brevet, har rentene omsider auka – ganske mykje òg.
Samanlikna med august i fjor har snittet på depositumsrenter hos dei største bankane auka frå 0,67 prosent til 2,34 prosent.
– Det er sjølvsagd bra, men om det er nok, må ein jo vurdere konkret, for det skal jo vere vanlege rentevilkår, påpeiker Akslen.
Marknadssjef i Renteradar, Sindre Noss, synest det er positivt at bankane har snudd.
Han er likevel tydeleg på at dei har utnytta leigetakarane og at rentene har vore låge for å kunne auke rentemarginen i banken.
– Historisk sett har det vore lite konkurranse om depositumskontoar, så bankane har sloppe unna med å gi svært låge renter på desse, seier han.
– Det er ikkje snakk om dei store beløpa. Er det da så viktig?
– I sum blir det ein del pengar i depositumskontoar rundt om i bankane. For leigetakar kan det òg bli ein del pengar om dei bur same stad i fleire år, for vi skal hugse på rentersrente-effekten, seier han og legg til:
– For unge og andre som ikkje har råd til eigen bustad, er dette viktige pengar.
Ikkje heilt i mål
Noss meiner at tre prosent rente, som nokre av bankane no har lege seg på, er ei brukbar rente på ein slik konto.
– Men det er ein del bankar som framleis ligg lågt, rundt to prosent. Dei bør sjå om dei kan heve renta litt meir, seier han.
Det er leiar i Unge Høgre, Nicolai Østeby, og studentleiar i SDSN, Eda Nikoliqi, samd i.
Set pris på korrigering
Banksjef i Vestfold for Sparebank 1 Sør-Norge, Kamilla Vedeler, seier at bankane lyttar til Forbrukartilsynet si rettleiing.
– Vi set pris på at vi får skikkelege tilbakemeldingar når vi har produkt som ikkje speler på lag med den kundegruppa som bruker dei mest, seier Vedeler.
– Kvifor har de ikkje sett opp rentene tidlegare?
– Dette er ein konto ein må ha for å stille tryggleik i eit leigeforhold og må ikkje bli forveksla med sparing, seier og ho legg til:
– Kontoane kan krevje mykje manuelt arbeid for banken, både ved oppretting, oppfølging og ved eventuelle tvistar. Det er ikkje eit rett-fram-produkt, og da kostar det meir. Hugs at gebyret er det utleigar som skal betale.
Forbrukartilsynet opplyser at dei framover skal følge med på korleis renta utviklar seg.
– Vi vurderer fortløpande behovet for kontrollar, og korleis vi best følger opp eventuelle lovbrot, seier Mari Bakke Akslen.