Barnet var ikkje meir enn nokre månader gamal då den alvorlege feilen blei gjort på Kristiansund sjukehus. Dette medførte store skadar, og barnet vil for resten av livet ha behov for omfattande pass og pleie.
Barnet har tidlegare fått over 18 millionar i erstatning etter to rundar der Norsk Pasientskadeerstatning først nekta å betale.
No er Staten ved Pasientskadenemnda dømd til å betale 800.000 kroner ekstra – til ombygging av familien sitt hus.
Blei ikkje flytta over i tide
Babyen blei lagt inn på sjukehuset i Kristiansund med symptom i luftvegane, men fekk ikkje rett behandling i tide. På grunn av oksygenmangel fekk barnet ein alvorleg hjerneskade og epilepsi.
Pasientskadenemnda har tidlegare slått fast at barnet ikkje blei flytta over til Ålesund sjukehus i tide. Sjukehuset ligg rundt 15 mil unna, men er spesialistar på nyfødde.
Det blei konkludert med at det mest truleg var årsakssamanheng mellom den forsinka overflyttinga og utviklinga av hjerneskade.
Tusenvis av nordmenn søkjer kvart år om erstatning for pasientskadar, men 70 prosent får avslag.
Må bygge om huset
Dei 800.000 kroner som barnet no har fått er erstatning for påførte utgifter til bustadtilpassing.
Barnet bur heime hos familien, men behova til det skadde barnet har gjort at huset har blitt ombygd.
Dette inneber spesialtilpassa bad, heis, bodplass for hjelpemiddel, plass til assistent/nattevakt og treningsrom.
Advokaten til familien ønskjer ikkje å kommentere saka.
Pasientskadenemnda har så langt ikkje svart.
Dommen er førebels ikkje rettskraftig.