Flere sitter i en sofa rundt et bord. De sitter på en balkong med utsikt over byen. Klokketårnet er markert med en rød ring.
KLIN KLANG: Klokkespelet høyrest godt på balkongen til Berit Sæther Carlberg. Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

På ein balkong i Tønsberg blir stilla broten. Klokka har akkurat passert 15.00 og klokkespelet frå toppen av taket byrjar å spele.

Først roleg ...

Så byrjar det å klinge meir og fleire klokker samstundes.

– Gjestene våre, og barnebarn kallar klokkespelet for bråketårnet. Eller bråkebygningen, seier Erik Furevik. Han er styreleiar av sameiget, Kremmerhuset Panorama.

Erik Furevik og Berit Sæther Carlberg ser vekk fra kamera til høyre. De sitter på en balkong. Bakgrunnen bak dem er dus.
Naboane er frustrerte over klokkespelet. Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Klokkespelet har spela slik sidan 1971. Då det blei gjeve i gåve til tidlegare Sem kommune, i samband med 1100-årsjubileet til Tønsberg by.

Kvar time frå 09.00 til 21.00 på kvardagar spelar det. På søndagar er det klokkespel kvar time frå 13.00 til 21.00.

En bygning, med flere klokker på toppen som spiller hver time.
I over 50 år har klokkespelet i Tønsberg spela, nå kan det bli endringar. Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Saka blei først omtala av Tønsbergs Blad.

Nå har naboane som flytta inn i ei nyoppussa blokk i 2020 fått nok. Dei bur 72 meter frå klokkespelet og meiner det går på helsa laus.

– Støyen er så høg og plagsam at den er utanfor det som antakeleg retningslinjer seier at skal vere tillate støy i eit bustadområde, seier nabo Berit Sæther Carlberg.

Høyr klokkene her:

– For oss som bur nærme, så blir det industristøy nesten. Grunna den harde metalliske klangen frå klokkespelet, og med masse desibel som drar på seg, seier Furevik.

Men desse klokkene kom i 1971, dette bygget er nyare. De visste vel kva de gjekk til?

– Ja, me visste kva me gjekk til fordi me tilfeldigvis hadde gått forbi nokre gonger. Men å gå forbi ein gang eller to, er noko heilt anna enn å oppleve klokkespelet 4500 gonger per år, seier han.

Lite forsking på klokkespel som støykjelde

Norun Hjertager Krog er seniorforskar ved avdeling for luftkvalitet og støy ved Folkehelseinstituttet.

Ho seier det finst lite spesifikk forsking på helseverknader av klokkespel som støykjelde.

– Sidan klokkespelet går føre seg på dag- og kveldstid, og ikkje om natta, vurderast risikoen for direkte helseskade som låg.

Men ho seier likevel at støyplage i seg sjølv kan reknast som ein helsekonsekvens.

– Støyen kan påverke trivsel, opplevd bokvalitet og velvære i kvardagen. Slike plager bør takast på alvor, sjølv om de ikkje nødvendigvis fører til målbar sjukdom.

Det finst ikkje eiget støyregelverk for klokkespel seier forskaren, men det er kommunens ansvar etter folkehelselova å vurdere skadeverknadane.

Skal vurdere helsefarene

Kommunen skal behandle saka 21. april. Da vil dei vurdere fleire sider ved saka, opplyser Trygve Børsting (V).

Han er leiar for kulturutvalet, idrett og folkehelse.

Trygve Børsting har mørkt skjegg og hår. Han har sorte briller og ser rett i kamera med et nøytralt uttrykk.
Trygve Børsting i utvalet for kultur, idrett og folkehelse, har trua på ei løysing for alle. Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

– Det høyrast mykje betre her enn til dømes når ein sit på kommunehuset, seier han frå balkongen.

– Så er det jo samtidig ein viktig del av bybildet her i Tønsberg.

Han har trua på at det er mogleg å finne ei løysing for alle.

– Eg tenker me må finne plass til både kultur og helse.