Eirik Bjørnø, daglig leder i Viking FK.
Dagleg leiar i Viking, Eirik Bjørnø, må sørga for at det blir saga ned tre for å gi plass til Bayern München sine TV-bussar. – Heldigvis har me ein banemann som har vore her i 100 år og kan operera ei motorsag, flirer Viking-sjefen. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det er ikkje kven som helst Viking møter i sin første kamp i Meisterligaen på heimebane i Stavanger.

13. oktober møter fjorårets serievinnar i Noreg storlaget Bayern München og stjernespissen Harry Kane i Jåttåvågen.

Tyskarane nedsabla Bodø/Glimt 5–0 i sin første kamp i Meisterligaen, medan Viking tapte 3–1 mot Stuttgart.

Representantar frå den tyske storklubben har alt besøkt Stavanger og Viking sin stadion to gonger i haust. Seinast måndag ettermiddag.

Dette for å finspissa detaljane og vera best mogleg førebudde til kampstart.

– Dei har gitt beskjed om at dei kjem med to-tre produksjonsbussar, i tillegg til den offisielle tv-produksjonen. Me må gjera nokre tilpassingar, blant anna kappa ned nokre tre for å få plass til dei. Det er jo litt gøy, seier dagleg leiar i Viking, Eirik Bjørnø.

– Er vane med den store scena

Harry Kane, Michael Olise, Manuel Neuer og dei andre stjernespelarane kjem til Stavanger i charterfly dagen før kampstart.

Totalt har storlaget bestilt to direktefly.

To av lagbussane som skal frakta spelarane og staben mellom flyplassen, hotellet og stadion i Stavanger blir køyrde opp heilt frå Tyskland i full Bayern-profilering, fortel Bjørnø.

– I tillegg kjem det ein heil haug med svarte Audiar til byen. Det var det dei skulle køyra. Det er tydeleg at det er ein klubb som har kontroll på sysakene, og som er vane med den store scena, seier Bjørnø.

Delegasjonen som tar turen frå Bayern München til Meisterligakampen i Stavanger er totalt på eit par hundre, ifølge Viking.

– Det blir eit kraftig opplegg. Men det er berre bra for regionen å få vist seg fram, meiner han.

Kane
Harry Kane og Bayern München kjem snart til Stavanger. Foto: Reuters

Litt sliten bortegarderobe

Viking sin heimebane, Lyse Arena, er blitt 22 år gammal. Det viser godt igjen i bortegarderoben som viser tydelege teikn på aldring med sliten måling og enkle kår.

– Kva sa delegasjonen frå Bayern München då dei såg garderoben?

– Den er nok litt mindre enn dei er vane med, men alt i alt trur eg dei var fornøgde med arenaen vår. Det er ein flott stadion som har fasilitetane som krevst i Europa, seier Bjørnø.

Men tyskarane, som jaktar Meisterliga-pokalen, nøyer seg ikkje berre med det Viking tilbyr.

– Me høyrer rykte om at dei skal ha med seg mellom 15 og 20 spinningsyklar. Våre var ikkje gode nok. Dei har også med eigne massasjebenkar.

– Dei fekk ikkje hakeslepp av garderoben i Stavanger?

– Nei, dei er vane med andre forhold når dei reiser, kontra det dei har heime i Tyskland. Me har ikkje heilt same standard som Bayern, men det er naturleg at det er litt forskjell.

– Bratt læringskurve

Dagleg leiar Bjørnø seier det er aktuelt med permanente endringar på sikt for å møta krava som blir stilte til Europa-kampar.

Men per nå vil han ikkje kommentera om det er aktuelt å utvida staben.

– Framover må me nok legga til rette på ein litt annan måte enn i dag.

– Kva då for eksempel?

– Fasilitetene for media er utfordrande. Med så store lag som Bayern, kjem det eit enormt presseoppbod. Me har fire kommentatorplassar, og det går rykte om at me treng 30–40. Me får ei bratt læringskurve, men gler oss til å koma i gang.

Kapteinen ikkje skremt

Viking-kaptein Zlatko Tripic har mest fokus på det som skal skje på bana.

– Me har tru på at me kan få med oss noko prestasjonsmessig, men også poeng. Me spelar heime mot Bayern, så me skal gi dei nokre utfordringar. Det er eg heilt sikker på.

– Men har Viking ein sjanse mot ein av favorittane til å vinna heile Meisterligaen?

– Ja, hundre prosent.

– Til å vinna kampen?

– Ja, det meiner eg. Men me må ha ein maks dag, og så må Bayern ha ein litt svakare dag.

Viking-kaptein Zlatko Tripic følger med på Champions League-trekningen.
Viking-kaptein Zlatko Tripic meiner Viking har sjansar til å slå storlaget Bayern München. Foto: Ole Andreas Bø / NRK

NRK har bede Bayern München om kommentarar etter sist befaring i Stavanger, men den tyske klubben har ikkje svart på spørsmåla.

For å samanlikna storleiken på klubbane:

Bayern München har om lag 1500 tilsette. Dette inkluderer både spelarar, trenarapparat, administrasjon, drift av arenaen, ungdomsakademi og internasjonale kontor i blant anna New York og Shanghai.

Viking har om lag 100 tilsette, inkludert spelarar.