en mann og en kvinne som holder en baby (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Benjamin Bjørkedal og Guro Øksendal er foreldre til Signe Lovise. Dei trudde det var god plass i barnehagen, men tok feil. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er lunsj for dei minste ved Folkestad barnehage, og rundt bordet står foreldre klare til å bidra dersom det er for skummelt å sitte der åleine.

Signe Lovise (1) har funne seg til rette.

– Då vi flytta hit håpte vi at ho skulle ha nokon å leike med. Det siste vi tenkte var at barnehagen skulle bli full, seier pappa Benjamin Bjørkedal (30).

Barn og vaksne er samla rundt bordet for å ete lunsj i Folkestad barnehage
Det er mange små på tilvenning i Folkestad barnehage. På fire år har barnetalet dobla seg. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kjøpte småbruk

Han og sambuaren Guro Øksendal Henriksbø (24) har gjort det mange drøymer om. Dei har kjøpt seg eit småbruk, rundt 50 minutt unna Volda sentrum.

Då det dukka opp hus med løe og stort areal til 2,8 millionar kroner i Bjørkedalen der Benjamin vaks opp, slo paret til.

Men det skulle vise seg at mange andre i etableringsfasen også har flytta til småbygdene rundt Volda.

Dermed blei barnehagen full. Ei heilt ukjend problemstilling på bygdene, som vanlegvis slit med lave fødselstal.

Benjamin Bjørkedal og Guro Øksendal Henriksbø med vesle Signe Lovise på småbruket i Bjørkedalen
Paret kjøpte seg småbruk i bygda Bjørkedalen, der Benjamin vaks opp. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Må bruke dagsenteret for eldre

Folkestad barnehage har no rekordmange barn og har måtte vore kreativ for å få plass til alle.

Barnehagestyrar Kim Cato Kolseth pakkar ut leiker i ei stove med lenestolar og vaksen kunst på veggane.

Dette er dagsenteret for dei eldre i bygda, men nokre dagar i veka skal barnehagebarna leike seg her.

Også eit klasserom på skulen like ved, skal brukast for å få plass til alle 24. For fire år sidan var det berre 12 barn i barnehagen.

– Det er svært populært å bu på bygda her og det ser vi på fødselstalet også. Det er veldig kjekt og vi får meir å styre med, seier Kolseth.

Kim Cato Kolseth er styrar i Folkestad barnehage. Her viser han leiker som foreldra har donert.
Dagsenteret til dei eldre skal no brukast av barnehagen. Styrar Kim Cato Kolseth pakkar ut leiker som foreldra har donert. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Flyttar til større stader

Det som skjer på bygdene rundt Volda er slett ikkje vanleg. Det seier Marianne Tønnesen, som er forskar ved by – og regionforskingsinstituttet ved Oslo Met.

– Når vi ser på dei store flyttetrendane i Noreg er hovudbiletet at unge folk flyttar frå små stader og til større byer eller større stader, seier Tønnesen.

Forsking viser at unge flyttar frå bygdene for å studere eller jobbe. Når dei seinare finn seg partnar og vil stifte familie, flyttar dei gjerne ut av storbyen, og til område i nærleiken av byen.

At barnehagen på Folkestad har blitt full på grunn av tilflytting, er altså stikk i strid med den nasjonale trenden.

– Det er uvanleg at barnehagen blir full på ein plass som ligg såpass langt utanfor dei store byane, seier Tønnesen.

Marianne Tønnesen, SSB
Marianne Tønnesen er forskar ved by – og regionforskingsinstituttet ved Oslo Met. Foto: Tom Arne Søyland / NRK

Skapte hovudbry

Ordførar Sølvi Dimmen (Sp) synest det er gledeleg at unge busett seg i bygdene, men innrømmer at det har skapt litt hovudbry med full barnehage.

– Dette var ikkje noko vi var budde på. Det var overraskande, seier Dimmen.

Ho trur eitt av motiva til dei unge som flyttar handlar om å ha god plass rundt seg og kanskje at dei har ein draum om sjølvberging.

Kan sleppe ut barna

Også Birte Folkestad har flytta heim til bygda, etter fleire år på Austlandet. Ho har to barn i barnehagen, og ser verdien av å bu landleg til.

– Det gir ei tryggleikskjensle. Du kan sleppe ut barna utan å vere redd for mykje trafikk, seier Folkestad. Ho bur i nærleiken av mor og bror, og barna kan springe inn og ut av husa, slik ho sjølv gjorde som barn.

Birte Folkestad og Tilja på Folkestad barnehage
Birte Folkestad med Tilja (17 md.). Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Slepp å vere på utstilling

Den korte barnehagedagen er slutt, og Benjamin Bjørkedal, Guro Øksendal Henriksen og Signe Lovise køyrer dei 20 minutta heim til småbruket sitt.

– Det er jo veldig sentralt for å vere ein så liten plass, meiner Guro. Det er 15 minutt til næraste butikk.

På småbruket bognar det av bær på buskene. I pallekarmar veks det gulrøter og poteter. Snart kjem det også høner på garden, og kanskje geiter etter kvart. Paret forstår kvifor så mange andre også har flytta til småbygdene rundt Volda.

– Eg trur folk har lyst å ha litt plass. Det å kunne sleppe å vere på utstilling, men å kunne styre med akkurat det dei vil, seier Benjamin.

Guro Øksendal Henriksbø og Benjamin Bjørkedal på trilletur på småbruket
Guro og Benjamin gler seg til å få høner og kanskje geiter på småbruket. Dei har også mykje vedlikehaldsarbeid framføre seg. Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK