September, oktober og november er høgsesong for turismen i Nepal. Nesten 40 prosent av turistane som besøkjer landet kjem i denne perioden.
Desse tre månadene er dermed heilt avgjerande for turistnæringa. Turismen gjev arbeid og inntekter til over ein million menneske i fjellandet.
No ber turistminister Khadak Raj Paudel utanlandske turistar om ikkje å avlyse reisene sine etter katastrofeflaumen.
Kvar femte bestilling kansellert
618 av dei 4900 sakna etter flaumkatastrofen er turistar.
Eit hotell i hovudstaden Katmandu opplyser at kvar femte bestilling no er kansellert, ifølgje The Kathmandu Post.
Håpet er at kampanjen #NepalCalling i sosiale medium skal hjelpe.
I Katmandu møter NRK Raine Gass som har komme hit frå Sør-Afrika.
– Eg var på veg hit med fly då eg høyrde om det som skjedde. Det var forferdeleg. Slektningane mine var også bekymra for meg, dei var redde for at eg skulle bli tatt av eit skred eller bli utsett for nok anna.
– Passar det seg å komme?
Men Raine Gass er mest bekymra for dei fastbuande i Nepal. Og ho reflekterte over om det passa seg å komme hit som turist i denne situasjonen.
– Dette pregar heile landet, det er så mange menneske som er døde og sakna. Familiebanda er sterke her. Eg trur at alle kjenner nokon som er råka av katastrofen, seier ho.
– Korleis konkluderte du?
– At det var OK å dra. Lokale innbyggjarar som eg har snakka med, støttar turismen. Sesongarbeidet som guide utgjer ein svært stor del av inntektene. Turismen er viktig for å støtte økonomien. Det trengst pengar for å byggje opp igjen lokalsamfunn som er øydelagde. Det vil koste enormt mykje pengar, seier ho, og legg til:
– Vi må vere respektfulle og vise at vi forstår situasjonen folk her er i.
Ho er snart klar for å dra innover i det spektakulære fjell-landskapet. Alt tyder på at det er trygt. Men ho vil vente eit par veker, til monsunen minkar i styrke.
– Blei bekymra
Paula Luigken frå New Zealand er snart klar til å setje kursen mot Mount Everest. Ikkje til topps, rett nok, men til Everest basecamp, ved foten av fjellmassivet.
Det er ei reise på 12 dagar.
– Er du sikker på at du greier å komme deg opp til 5000 meters høgde?
– Eg håpar det. Vi får sjå. Det verkar som ei spennande reise.
Ho er i Nepal saman med Mike Garnett. Dei fekk høyre om flaumen samtidig som dei planla reisa.
– Eg prøvde å finne ut korleis det ville påverke meg og ferien min. Kvar er det? Kan vi framleis dra? Kva skjer med forsikringa vår? Er vegane opne? Eg var bekymra. Eg kontakta forsikringsselskapet og turoperatøren. Dei sa det var OK, fortel Paula.
Ho hadde også ei anna bekymring. Den handla om å komme som turist til eit land som er i sorg.
– Alle desse menneska har opplevd noko heilt forferdeleg. Ville det vere passande å dra? Folk at mista familien og alt dei eig og har. Eg er her på ferie. Har dei tid og energi til å ta imot oss? Det har bekymra oss, seier ho.
– Vi treng turistane
I den situasjonen var det godt å høyre at turistministeren sa «kom hit!».
– Han sa at landet treng turismen meir enn nokon gong. Dei treng turistpengane våre. Det fjerna litt av «skuldkjensla».
Mike Garnett har gjort dei same vurderingane.
– Men som Paula sa, så kjenner vi oss velkomne.
Kritika Bajgain kjem frå Nepal, og stadfester den oppfatninga som turistane vi snakkar med har.
– Nepal er i ein alvorleg situasjon. Men turistar treng ikkje vere redde for å komme hit. Vi er gjestfrie her, vi ønsker alle velkommen. Vi treng turistane, seier ho.