Illustrasjon på salgsvogn med troll, nisser og jordbær, merket med Bergen Special. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
KUNSTIG: Reklameplakatane har ikkje så mykje med Fisketorget å gjera. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Torghandlarar på Fisketorget i Bergen har den siste tida teke i bruk meir eller mindre vellukka salsplakatar laga med kunstig intelligens.

Turistar og fastbuande har kunna sjå vikingbåtar, fjordar, fjell, troll og geiter på ulike plakatar.

Etter at NRK publiserte ei sak om marknadsføringa tok Bergen kommune tak.

Næringsbyråd Reidar Digranes (Sp) seier dei etter ei synfaring har bede torghandlarane om å byta ut plakatane.

– Slikt høyrer ikkje heime på Fisketorget. Me har ein visuell profil, noko som også står i kontrakten med leigetakarane, seier Digranes, og held fram:

– Me har bede dei fjerna plakatane, og det er gjort. Dette blir ikkje eit problem framover, seier han.

Han opplyser også at det i framtidige kontraktar vil bli forbod mot å bruka slike KI-plakatar.

BERGENSINSTITUSJON: Bilete laga med kunstig intelligens dukka opp på mange boder på Fisketorget i Bergen. Foto: Oskar Rennedal / NRK
BERGENSINSTITUSJON: Bilete laga med kunstig intelligens dukka opp på mange boder på Fisketorget i Bergen. Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Kan gje eit dårleg inntrykk av byen

NRK har tidlegare snakka med Jason Miklian, som er seniorforskar ved Senter for global berekraft ved Universitetet i Oslo.

Han meiner slike KI-plakatar kan øydeleggje inntrykket folk får av Bergen.

– Saka er interessant fordi ho ikkje berre handlar om mat og KI, men også om kor dette skjer, nemleg på ein verdsarvstad som er mykje besøkt av utlendingar, seier han.

Personer står foran et reklameskilt for geitost fra Hardangervidda på et utendørs marked. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
AUTENTISK OST: Men ikkje autentisk plakat. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Miklian har forska på effektane av KI-generert innhald.

– Dersom slike kulturelle landemerke blir fylte med KI-generert innhald av låg kvalitet kan det gje eit dårleg inntrykk av byen og landet, seier han.

Kan vera ulovleg

Det er ikkje berre det visuelle uttrykket som kan vera eit problem ved å bruka KI-genererte reklameplakatar.

Fagsjef for forbrukarrettar i Forbrukarrådet, Thomas Iversen, seier det også kan bryta med marknadsføringsreglane.

– Å villeia folk kan vera ulovleg. Matrettar som blir presenterte ved hjelp av KI ser neppe slik ut i røynda, og då kan biletet fort vera ulovleg, seier han.

Reklameplakat for Fish & Chips fra Bergenfisk AS. Illustrasjon med matrett og prisopplysninger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FREISTANDE: Men ikkje ekte. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Lovar eit meir ekte fisketorg

Byråd Reidar Digranes seier det er starta eit arbeid for å gjera Fisketorget finare.

– Dei raude telta vil forsvinna til neste år. Me skal få opp eit nytt bygg som ser finare ut, og som bergensarar kan vera stolte av, seier han.

Byråden fortel at torget skal bli meir ope, med gode siktlinjer.

Mennesker går mellom røde markisetelt på Fisketorget i Bergen. Bebyggelse i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SKAL VEKK: Dei raude telta på Fisketorget skal ikkje stå der neste sommar. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Digranes seier det nye Fisketorget også skal koma torghandlarane til gode.

– Det vil bli enklare enn i dag å produsera varer med høg kvalitet. Torghandlarane får også høve til å skriva lengre kontraktar med kommunen enn i dag, seier han.

Nøgd torghandlarveteran

Åge Sørensen har selt varer på Fisketorget sidan 1978, og er talsperson for seljarane. Han er godt nøgd med at Bergen kommune tek tak.

– Det skal ikkje vera slike KI-plakatar på Fisketorget. Me snakkar med kommunen om å få inn i kontraktane korleis marknadsføringa skal vera, seier Sørensen.

mann i raudt telt
VIL IKKJE HA KI: Torghandlar Åge Sørensen er godt nøgd med at plakatane no er vekke. Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Sørensen er også godt nøgd med at Fisketorget skal framstå i ny drakt frå neste sommar.

– Dei raude telta har vore eit naudsynt vonde.