Ektepar går tur rundt et vann.
ENDELEG: Kvar månad har ekteparet John og Nina Harris-Christensen sjekka sakslista til Beslutningsforum for å følge med om Carvykti skulle opp til vurdering. Måndag sa dei til og med ja til behandlinga John treng mot sin kreftsjukdom. Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

– Eg er kjempeglad og takksam, seier John Harris-Christensen i Haugesund.

For seks år sidan fekk han den nedslåande beskjeden om at han hadde fått beinmergskreft.

Han har vore gjennom cellegift og immunterapi.

Nå tar han tablettar for å halde kreftsjukdommen i sjakk, og kvar månad reiser han til Oslo for å få vite om behandlinga verkar eller ikkje.

At Noreg innfører CAR-T-behandlinga Carvykti gir nytt håp for familiefaren.

– Nå håpar eg styresmaktene får opp kapasiteten så raskt som mogleg, sånn at eg og dei 150 pasientane som treng denne behandlinga kan dra nytte av dette ja-et, seier Harris-Christensen.

Tre rundar før det blei ja

I mars sa beslutningsforum for nye metoder nei for andre gong og bad Sykehusinnkjøp forhandle pris på nytt.

Mindre enn tre månader seinare var behandlinga igjen på sakskartet og i dag blei det ja.

– Vi har diskutert saka grundig og landa på at vi nå kan innføre Carvykti til pasientgruppa, seier Jan Frich, leiar av Beslutningsforum i ei pressemelding.

Jan Frich ser rett i kamera.
Leiar i Beslutningsforum for nye metoder, Jan Frich.Fotografi: Bjørn Olav Nordahl

Ny pris er ein av grunnane til at det nå blei ja.

Listeprisen for Carvykti er om lag 4,5 millionar kroner med moms, men den framforhandla prisen er hemmeleg.

– Dette er verkeleg ein gledas dag! Vi i Kreftforeningen er utruleg glade for at Noreg seier ja. Dette er ei behandling som gir mange, mange ekstra leveår for alvorleg sjuke pasientar. Det viser også at vi satsar på framtidas kreftbehandling, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross.

MENER MAN KAN GJØRE MER: Ingrid Stenstadvold Ross er direktør i Kreftforeningen.
Ingrid Stenstadvold Ross er leiar i Kreftforeningen. Foto: NTB

Hadde trua den tredje gongen

Overlege på Oslo universitetssjukehus og leiar for Oslo myelomatosesenter, Fredrik Schjesvold, kallar behandlinga den beste nåverande kreftbehandlinga.

Han hadde trua på at det skulle gå vegen denne gongen.

Fredrik Schjesvold
Overlege på Oslo universitetssjukehus, Fredrik Schjesvold. Foto: Hallgeir Aunan

– Det er gledeleg for norske pasientar at Carvykti nå er tilgjengeleg for norske pasientar, seier han, men legg til at behandlinga kan gi biverknader.

– Behandlinga gir betre overlevelse enn standardbehandling i gjennomsnitt, men talet på pasientar som døyr av behandlinga anten på grunn av sekundær kreftsjukdom eller infeksjonar, er høgare med denne. Det er også risiko for andre alvorlege biverknader og det er viktig at pasientar som skal gjennomgå behandlinga blir godt informert og aksepterer det, seier han til NRK.

Godkjenning av behandlinga gjeld frå 1. august, men innføringa vil ta noko tid, forklarer Schjesvold.

Han trur dei første kan få behandling i september føresett at alt er klart.

Både Danmark og Sverige har tidlegare innført behandlinga.

Kreftforeningen anslår at 150 pasientar treng medisinen.