To birøktere i vernedrakter mater bier fra en sukkerpakke ved en bikube i et skogsområde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Steffen Pfändt og Kari-Anne Thygesen forar biene i kuben med vanleg kvitt sukker. Foto: Eirik Haukenes / NRK

På Averøya på Nordmøre er det ikkje berre folk som er misnøgde med sommarvêret.

Også biene held seg innandørs. Helst skulle kløverenga vere fulle av dei nektarsugande insekta, men ingen flyg ut av kuben i regnet.

– Ein slik vassdrope kan bety døden for ei bie, seier Steffen Pfändt.

Og når biene ikkje kjem seg ut, kan dei heller ikkje samle nektar.

Pfändt driv honningproduksjon saman med kona Kari-Anne Thygesen.

Steffen Pfändt driv med bier
Steffen Pfändt kjem frå Tyskland og starta som birøktar då han og kona kjøpte hus på bygda i Averøy. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mindre honning

Paret har om lag 900.000 bier i 18 bikubar, men i år blir det mindre av fleire honningsortar.

I mai og juni var det glade dagar med fint vêr og rikeleg med fruktblomstring og løvetann.

Men då bringebærbuskene blomstra kom regnet, og det blei dermed ingenting av bringebærhonningen.

Birøktarane ventar også at det blir mindre lynghonning fordi røsslyngen blei skadd i vinter.

– Det er mange ting som må klaffe. Dersom det er for kaldt har ikkje plantene nektar. Og dersom det regnar kjem ikkje biene seg ut, forklarer Pfändt.

Må naudfore biene

Paret lettar på det eine lokket for å sjekke om biene har nok mat i kuba til seg sjølv og larvane.

– Det er her dei har honningen sin. Den er veldig lett, så her er det ikkje så veldig mykje, forklarar Kari-Anne Thygesen.

Det betyr at dei må gi dei tamme biene naudmat: kvitt sukker, sukkervatn eller melispasta. Biene er ikkje så begeistra for det, men et det dersom dei ikkje har noko anna.

Birøktarane har fora dei slik før, men det er slett ikkje vanleg å måtte ty til denne nødmaten.

Kvinne med briller og birøkterdress står i en skog. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kari-Anne Thygesen er fylkesleiar i Norges birøktarlag i Møre og Romsdal og sit i styret nasjonalt. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ikkje dårleg for alle

Det er for tidleg å seie korleis honningsesongen i heile landet kjem til å ende, seier generalsekretær i Noregs birøktarlag, Katrine Røed Meberg. Ut frå signala ho har fått ser forholda bra ut for mange på Austlandet, men det ser verre ut på Vest- og Sørlandet.

– Vi har eit langstrekt land med ulike vêrforhold. Det har vore både tørke og mykje regn, så det påverkar sjølvsagt blomstringa. Og det igjen påverkar honningproduksjonen, seier Meberg.

Ho veit ikkje kor mange som må fore biene med sukker no.

– Det er ein naudssituasjon når ein må mate dei om sommaren, seier Meberg.

Interessa for birøkting har auka og mellom 4000 og 5000 driv med det, anten som hobby eller har det som levebrød.

Frykta for dronninga

På Averøya er birøktarparet bekymra fordi dei fryktar at dronninga er borte. Utan dronning vil biesamfunnet døy ut. Det er berre dronninga som legg egg.

Det er strenge smittevernreglar i Møre og Romsdal og det er difor ikkje lov å hente dronningar frå andre stader i landet.

Etter litt gransking av brettet i bikuben, kan dei puste letta ut. I dag er der egg.

– Juhu. Vi har dronning. Då var det berre at det var så dårleg ver at ho ikkje gadd å legge egg, ler Thygesen.

To birøktere i vernedrakter arbeider med en bikube i et skogsterreng. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Paret har 18 bikubar på fleire ulike plassar i Averøy. Foto: Eirik Haukenes / NRK