Totalt tre personar blei skadde då ein bil køyrde av vegen på Julsundvegen i Molde torsdag morgon.
16 år gamle Leah Grydeland frå Molde omkom som følge av skadane ho fekk i ulykka.
Den 18 år gamle bilføraren blei alvorleg skadd og får no behandling på St. Olavs hospital i Trondheim. Vedkomande sat fastklemt og måtte bli frigjort etter ulykka.
Mannen er no sikta for brot på vegtrafikkloven § 3, som handlar om å vere aktsam og merksam i trafikken.
– Siktinga er basert på det førebelse materialet vi har samla inn i etterforskinga. Både dei undersøkingane vi har gjort og forklaringar frå vitne, seier politiadvokat Elias Undersåker Enga til NRK.
Han vektlegg likevel at det er for tidleg å konkludere rundt årsaka til ulykka.
Har ikkje fått avhøyrt bilføraren
Julsundvegen ligg vest for Molde sentrum. Ulykka skal ha skjedd ikkje så langt frå Mordalsvågen.
Politiet jobbar vidare med å etterforske hendinga. Ein rekke vitne blei avhøyrt torsdag.
– Føraren er ikkje avhøyrt enno og avhøyr kan først bli gjennomført når tilstanden hans tillèt det, seier Enga.
Ifølge politiet skal bilen ha kome køyrande vestover frå Molde og køyrt ut i ei svak høgre kurve.
– Vi jobbar med å kartlegge hendingsforløpet før utforkøyringa. Mellom anna vil vi undersøke mobiltelefonane til dei involverte og teledata, for å få ei nærmare formeining om hastigheit då ulykka skjedde, seier Enga.
Han opplyser vidare at det per no ikkje mistanke om ruspåverka køyring, men at det er sikra blodprøve av førar som er sendt til analyse.
Det er 80-sone på staden der ulykka skjedde.
Éin lettare skadd
Ein 17 år gamal gut var også i bilen då ulykka skjedde. Han skal ifølge politiet vere lettare skadd.
Vedkomande får behandling på sjukehuset på Hjelset i Molde.
– Vi har avhøyrt han på sjukehuset. Han har gitt sin versjon av kva som skjedde, men eg kan ikkje gå nærare inn på kva han har sagt, med omsyn til etterforskinga, seier Enga.
Alle dei tre som var i bilen blei først sende til sjukehuset på Hjelset for oppfølging etter ulykka.
Har lagt ned blomster
Det har blitt lagt ned blomster og tent lys på ulykkesstaden. Fleire i Molde-samfunnet er prega av hendinga.
Ein av dei som hadde tatt turen dit fredag var Iben Olea Furesund.
– Det har vore tungt. Det skjer i hjartet.
Kommunen har sett i gang eit psykososialt kriseteam som vil ta vare på alle dei næraste pårørande.
– Vi tenker på dei som er rundt dei. Føresette, familie og venner. No er det ei tung stund for dei, sa fungerande ordførar i Molde, Hege Gagnat til NRK torsdag.
Opnar skulen
Romsdal vidaregåande skole held ope fredag frå klokka 13.00 for elevar og andre som ønskjer å vere saman i sorga etter dødsulykka i Molde.
– Det var med stor sorg vi fekk meldinga om at Leah Grydeland omkom i ulukka, seier rektor Ivar Rød.
Det blir ikkje noko fast program, men det blir tent lys til minne om Leah Grydeland. Ho hadde vore elev ved skulen det siste året.
Det psykososiale kriseteamet i Molde kommune vil vere til stades, og alle er velkomne, står det i ei pressemelding som kommunen har sendt ut.
Molde kommune informerer også om at det vil vere tilbod til dei som treng nokon å snakke med fleire stader gjennom helga og dei nærmaste dagane
Torsdag kveld heldt også Molde domkyrkje ope for dei som trengde det.