Han har nyleg komme heim frå nok eit suksessfullt landslagsopphald.
Denne gongen blei det tre nye skåringar, og no er han nummer to på lista over mestskårande spelarar gjennom tidene – for Filippinane.
– Det er alltid gøy på backpacking, seier Kristensen og ler.
Men det langt frå backpacking han driv med, sjølv om destinasjonane med landslaget har vore Filippinane, Maldivane og no sist Indonesia.
– Ein merkar trykket når ein kjem ned til Asia og inn i Manila og dei store byane. Ein merkar at det er trykk og at dei diggar fotball, fortel Kristensen til NRK.
Han er frå Hauketo i Oslo og speler for KFUM Oslo i eliteserien. Angrepsspelaren har mor frå Filippinane, og han spelte sin første landskamp for landet i 2024.
Vill rekord
Sidan har det blitt 16 mål på 20 kampar. Berre éin spelar har skåra fleire gjennom historia for Filippinane. Phil Younghusband har 52 mål.
– Eg har litt å ta igjen, seier han og ler.
Younghusband spelte for landslaget i 13 år og skåra 52 mål på 108 kampar. Det gir eit snitt på 0,48 mål per kamp. Kristensen står så langt med eit målsnitt på 0,8 mål per kamp, og har berre spelt for landslaget i tre år.
– Du går for han vel?
– Ja, eg har vel framleis tid på meg. Vi får prøve på det.
Over 30 grader skilnad
2. oktober skåra han to mål då Thailand blei slått 2–1 i Asean cup. KFUM-spissen rapporterer om 34 grader, sol og varme.
Ti dagar seinare var banen omgitt av is, det var rim i kunstgraset og frostrøyken låg over KFUMs heimebane som eit teppe.
På tribunen sat publikum med polvottar og hakka tenner.
– Det var 34 grader, sol og varme. Når ein kjem tilbake hit og det er kuldegrader, så er det ikkje alltid det beste. Eg kjende det på graset, det var litt frost på overflata, seier han.
I angrepsrekka i KFUM har han ein annan landslagsspelar, Bilal Njie. Han returnerte nyleg frå landslagsopphald for Somalia.
– Dei presterte ganske godt for dei ulike landslaga sine. «Johs» sa vel sjølv at ein må ha litt krydder i troppen sin. Det er vel bokstavleg talt ordentleg krydder, både frå Somalia og Filippinane. Vi er glade for å ha dei karakterane og dei spelarane i troppen, seier KFUM-trenar Jørgen Isnes til NRK.