– Det er veldig bekymringsfullt at vi i ein situasjon kan kome i mangel og måtte rasjonere. Vi er heilt avhengige av tilgang på diesel. Både for å få køyre våronn og for å få inn avlingane når den tid kjem.
Ståle Hustoft er bondelagsleiar i Rogaland, og sjølv bonde.
No fryktar han at mangel på drivstoff skal påverke matproduksjonen i Noreg i ein mogleg krisesituasjon.
– Diesel er ein veldig viktig innsatsfaktor. Og vi har ikkje mogelegheit til å omstille oss til andre energikjelder. Det er tunge maskiner som er langt ifrå ein ladeleidning.
Han representerer ein av dei mest aktive landbruksregionane i Noreg, med over 4100 aktive gardsbruk.
No har han ei klar oppfordring til myndigheitene.
– Bønder må bli prioritert i ein rasjoneringssituasjon. Det er kritisk at vi kan oppretthalde norsk matproduksjon. Da må tilgang på drivstoff til bønder vere prioritert.
Framleis god tilgang
Statssekretær i Næringsdepartementet, Ragnhild Sjoner Syrstad, seier at vi i dag har god tilgang på drivstoff i Noreg.
– Vi har ikkje mangel på drivstoff i Noreg no. Men situasjonen i Midtausten er alvorleg og endrar seg fort, så vi førebur oss på at situasjonen kan endre seg.
Ho fortel at regjeringa jobbar for å hindre at vi endar opp i ei drivstoffkrise.
– No er det to ting som gjeld. Det første er å auke produksjonskapasiteten i Noreg til maks. Det har Mongstad gjort.
Equinor sitt raffineri i Nordhordland auka nyleg produksjonen.
– I tillegg så vurderer regjeringa tiltaka for å redusere forbruket som IEA har foreslått. Ein fellesnemnar for dei er at dei reduserer etterspørselen etter drivstoff. Sånn at dei som treng det mest, er fremst i køen når vi eventuelt må prioritere, seier Syrstad.
Men kor langt fram bøndene står i den eventuelle køen, kan ho ikkje seie noko om.
– Landbruket er viktig for norsk matproduksjon. Men det er diverre for tidleg å seie noko om kven som blir prioritert på noverande tidspunkt. Utover at tenester som er kritiske for liv og helse, står høgt i prioriteringslista.
Må planlegge for eigen beredskap
Etter krigen i Midtausten har drivstoffprisane auka grunna mangel på tilgang på olje. Blokadar og uro i Hormuzsundet gjer at store mengder olje og gass ikkje kjem ut.
Som eit hastetiltak sette Stortinget ned drivstoffprisane.
Dessutan vurderar regjeringa å auke beredskapslagera. No har vi 20 dagar med drivstofflager, medan Sverige og Finland har 90.
Jonas Gahr Støre har tidlegare sagt at bønder må «planlegge for eigen beredskap», men avviser at folk bør hamstre.
Thina Saltvedt er sjefanalytikar i Nordea, og ekspert på oljemarknaden. Ho meiner at om vi ikkje senkar forbruket no, blir det mindre til alle seinare.
– Andre land har begynt å sette ned forbruket sitt, mens vi held igjen. Det kan gjere at det blir meir utfordrande for alle på lang sikt.
Å sette ned drivstoffprisane gjer at vi opprettheld eit høgt forbruk, meiner ho.
– Vi må hugse at dette er ein fysisk vare som det har blitt mindre av. Om vi endrar på prisane slik at forbruket vårt blir endra, så hjelper ikkje det på situasjonen andre stader i verda.
Hustoft forstår kvifor myndigheitene sette ned drivstoffprisane.
– Men det er jo urovekkande at vi ikkje har tiltak for å bremse det unødvendige forbruket.
No har han ei oppfordring til regjeringa.
– Vi må sikre at landbruket kjem i ein dialog, slik at vi blir prioritert ved ein rasjonering. På lengre sikt må nok vi bønder òg rigge oss med meir beredskapslager på gardsnivå av dei innsatsfaktorane vi trenger.