Det starta bra. Same dag som helsetilstanden til kong Harald vart verre, byrja ei pakt å ta form:
Dei folkevalde skulle leggje all strid til side og skjerme det offentlege rommet for partipolitisk støy.
Etter modell frå det tyske Burgfrieden, som påla alle innanfor bymurane å leggje ned våpena, skulle ein borgfred senke seg over norsk politikk ein periode.
Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dag. Klokka 06.35 sovna kong Harald inn.
På Stortinget svara sekretariatsleiarane i Ap og Frp med å teikne ned ei lang og sirleg liste over kva det inneber å setje tann for tunge.
Lista omfatta innlegg i sosiale medium, bedriftsbesøk, møte med eksterne aktørar og «annan politisk kommunikasjon». Her gjaldt det å ikkje ta nokre sjansar.
Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dag.
Vedum såg at det var godt
I løpet av natta sa islendingane nei til Brussel, og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum såg at det var godt:
«Ei påminning om at vi i Norden kan samarbeide tett med Europa utan å gi frå seg suverenitet», uttalte han.
Ingen var meir indignerte enn Høgre.
«Eigentleg mest trist», uttalte generalsekretæren, og la til:
«Eg trudde dei var solide forsvararar av kongefamilien. Og så klarer dei ikkje å halde borgfred i tre dagar eingong.»
Og slik gjekk det til at borgfreden vart det motsette av kva han skulle vere: Ikkje ei ramme for å leggje ned våpena, men ei kjelde til meir kjekling og støy.
Kva gjekk gale? Fleire ting.
Ei fallitterklæring for politikken
Den første feilen var å tru at verdigheit i ei sørgjetid ikkje går saman med normal politisk aktivitet.
Om det er tilfellet, ville det vore ei fallitterklæring.
Om dei folkevalde må binde seg for munnen for at det ikkje skal falle eit skeivt ord, bør dei finne seg noko anna å gjere.
Så burde borgfreden aldri vore formulert som ein lovtekst.
Han burde berre ha eksisterte i ånda, som ein felles, uuttalt overeinskomst om å ta det litt rolegare i sørgjeperioden.
Problema oppstår når denne uuttalte semja vert forsøkt festa til papiret.
Då stivnar det som må vere mjukt og formbart, til noko hardt og kantete.
Portvaktarar og grensevaktarar
Ein borgfred må byggje på tillit.
Trær du eit titals påbod over hovudet på dei folkevalde, får du det motsette i retur.
Det reduserer oss alle til grensevaktarar som fører tilsyn med at ingen teiknar utanfor linjene.
Men verda står ikkje stille, sjølv ikkje når kongen går bort, og linjene flyttar på seg. Berre eit elastisk og fleksibelt rammeverk tek høgd for dette.
Borgfreden hadde difor fleire feil, både i form og substans.
Han var tonedøv og stolte ikkje på at dei folkevalde hadde musikalsk gehør.
I staden kompenserte han med eit utførleg og rigid regelverk som berre ein jurist kan elske.
Kvifor initiativtakarane la eit så pessimistisk menneskesyn til grunn, kan berre dei sjølve svare på.