Sukkerfrie matvarer 5
BRÅBREMS: Matvareprisane er no lågare enn dei hadde vore om prisveksten var lik som dei siste åra. Foto: n653058

Sidan våren 2022, samtidig som krigen i Ukraina braut ut, har norske forbrukarar opplevd ein kraftig vekst i matvareprisar.

No viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå at veksten i matvareprisar har dempa seg kraftig.

Ikkje sidan mars 2022 har prisveksten i matbutikken vore lågare.

Skiftet kjem av korleis næringskjeda har takla både koronakrisa og krigen i Ukraina, meiner matforskar Ivar Pettersen i Alo Analyse.

Då krigen braut ut, skaut prisen på heilt sentrale råvarer som kveite og mais i vêret. Sidan har prisane på verdsmarknaden falle tilbake frå dei høgaste toppane.

Matforsker Ivar Pettersen snakker om matpriser i en Kiwi butikk
Matvareforskar Ivar Pettersen i Alo analyse meiner at matbransjen er førebudd på svingingar i verda. Foto: Veslemøy Prøis / NRK

– Det er ganske stor motstandskraft i desse verdikjedene for matvarer. Dei taklar ganske store utfordringar, seier Pettersen.

Matprisar og lønnsvekst

Likevel betyr ikkje oppbremsinga at maten har blitt billegare. Prisane stig ikkje i same tempo som før, men mange opplever framleis at handleturen er dyr.

– Det at folk føler at det har blitt dyrt med mat, kjem av at vi har hatt ein kraftig prisauke etter Ukraina-krigen starta. Andre varer har ikkje stige like mykje. Då ser ein at «Oi, mat har blitt mykje dyrare enn andre ting», seier økonomiprofessor Frode Steen på NHH.

– For eksempel har mat hatt fem-gongen i prisstigning når vi samanliknar med sko og klede vi også kjøper rimeleg ofte. Dette er varer vi typisk importerer. Mat produserer vi mykje sjølv, fortset han.

Han peikar samtidig på at inntektene har følgt etter:

– Vi har dei siste åra fått ei lønn som følger denne prisstigninga.

Portrett av en eldre mann med grått hår i blazer, stående innendørs ved en glassvegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Økonomiprofessor Frode Steen ved Norges Handelshøyskole meiner at marginen til daglegvarekjedene er lik som før. Foto: Sandra Lid Krumsvik / NRK

Når lønna stig, aukar også produksjonskostnadene for matvarer. Sidan Noreg har strenge reglar for import og produserer mykje mat sjølv, påverkar lønnsveksten vareprisane.

– Lønnsveksten har vore høg dei siste åra, og då blir også maten dyrare. Vi må få ned lønnsveksten og ned prisveksten, seier han.

Spår prisvekst rundt 3 prosent

I år spår Ivar Pettersen at matvarene kjem til å stige mellom 2,5 og 3 prosent. Det er langt lågare enn dei siste åra.

– Kostnadene går opp, gjødsla og arbeidskrafta blir dyrare. Produktiviteten aukar, men ikkje nok til å kompensere for kostnadsaukane, seier han.

Matforsker Ivar Pettersen snakker om matpriser i en Kiwi butikk
Pettersen trur prisveksten på matvarer vil ligge på same nivå som andre varer framover. Foto: Veslemøy Prøis / NRK

– Kven i verdikjeda vil du seie tar rekninga for at matvareprisane ikkje stig særleg no?

– Det er ingen vi kan peike på som betaler rekninga for forbrukarane. Kanskje med unntak av dei tilsette i daglegvarehandelen, matindustrien og bøndene som stadig vekk jobbar meir effektivt. Produktiviteten aukar, og det er med på å halde prisane nede, svarer han.