To ambulansearbeidere hjelper en dresskledd og tilsynelatende beruset mann som ligger på fortauet utenfor Burger King i Strandgaten i Bergen.
RUSA: Helsepersonell måtte følga opp fleire feststemde personar i Bergen sentrum. – Me ser litt konsekvensar av store folkemengder og rusmiddelbruk, seier innsatsleiaren for helse. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Etter ein roleg start på 17. mai-feiringa, har det tatt seg kraftig opp i fleire norske byar utover ettermiddag.

I Tromsø måtte politiet rykkja ut med store ressursar i ettermiddag. Det braut ut eit masseslagsmål midt i Storgata, akkurat då det årlege borgartoget gjekk gjennom byen.

Mellom 20 og 30 mindreårige skal ha vore involverte, og situasjonen blei først omtala som svært uoversiktleg. Minst ein person har fått hovudskadar etter å ha blitt slått med eit knokejern.

Politiet har pågripe fire personar dei meiner hadde ei hovudrolle i slagsmålet. To av desse er tatt med til politistasjonen og melde for forholdet. Alle er under 18 år.

Politi kaster ølflasker i søppelspannet mens bunadskledd kvinne får helsehjelp i bakgrunnen
HEKTISK: Etter klokka 14 skjedde det eit taktskifte, ifølge politiet i Bergen. Her kastar ein politibetjent ølflasker i bosspannet på Torgallmenningen medan ei bunadskledd kvinne får helsehjelp i bakgrunnen. Foto: Oskar Rennedal / NRK
Innsatsleder Kent-Ove Haaland i politiet sitter i politibilen under 17. mai-feiringen i Bergen sentrum.
BEMANNAR OPP: Politiet vil vera tydeleg til stades i Bergen sentrum utover kvelden. – Eg vil oppfordra folk til å oppføra seg, seier innsatsleiar Kent-Ove Haaland. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Bergen: Ber foreldre henta barna sine

I Bergen sentrum melder politiet om fleire tilfelle av slåsting, ordensforstyrringar og svært rusa ungdommar fleire stader i byen.

Like før klokka 18.00 fekk politiet melding om ei alvorleg valdshending under eit arrangement på Bergenhus festning. To vekterar blei utsette for vald, og ein av dei blei så skada at vedkomande måtte hentast av ambulanse.

Den mistenkte blei pågripen like i nærleiken etter å ha sett seg opp mot politiet, og sit no i arresten.

Utover ettermiddagen har naudetatane hatt hendene fulle. Då NRK var i sentrum sundag ettermiddag var det fleire tilløp til slagsmål. Fleire stader fekk overstadig rusa personar helsehjelp.

Ved Burger King i sentrum måtte politiet rykka ut etter melding om fullt slagsmål mellom rundt 20 ungdommar.

– Me har vore i Strandgaten tre gonger på kort tid på grunn av slåsting og uro, seier innsatsleiar Kent-Ove Haaland i Vest politidistrikt til NRK.

Rundt kl. 16.15 blei det sendt fyrverkeri inn i folkemengder som hadde samla seg på Torgallmenningen. Fleire personar blei treft, men ingen såg ut til å ha blitt alvorleg skada.

Politiet har kalla inn ekstra ressursar til sentrum, opplyser innsatsleiar Kent Ove Håland til NRK.

– Eg vil oppfordra folk til å oppføra seg, ta vare på kvarandre og avgrensa alkoholinntaket.

Politi og ambulanse i Strandgaten i Bergen sentrum i forbindelse med vold og rus under 17.mai-feiringen. To ambulansearbeidere sitter på huk ved en dresskledd mann som ligger på fortauet og trenger helsehjelp.
FLEIRE EPISODAR: Både politiet og ambulansepersonell hadde fleire oppdrag etter tilløp til slåstkampar, vald og rus utanfor Burger King i Strandgate i Bergen. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Overfor Bergens Tidende ber innsatsleiar Tom Johannessen foreldre koma på banen.

– Me oppfordrar foreldra til å henta barna sine.

Masseslagsmål med knokejern i Tromsø

Det er ikkje berre på Vestlandet at nasjonaldagsfeiringa har vorte prega av uro utover ettermiddagen.

I Tromsø rykte politiet ut med store ressursar til Storgata etter melding om eit masseslagsmål midt under det årlege borgartoget. Mellom 20 og 30 mindreårige skal ha vore involverte, og situasjonen blir omtala som svært uoversiktleg.

Minst éin person er frakta til legevakt med hovudskadar etter å ha blitt slått med eit knokejern.

– Vårt arbeid er vanskelegare no som det er mykje folk samla i Storgata, seier operasjonsleiar Christian Andreassen i politiet, som førebels ikkje kan seie om rus var involvert.

Politiet måtte rykke ut da det oppstod slåsskamp i borgertoget i Tromsø. En poilitibil kjører gjennom en gate i Tromsø.
TROMSØ: Politiet måtte rykka ut då det oppstod slåsskamp i borgertoget i Tromsø Foto: Torgeir Skeie / NRK

Brukte skysstasjon som vorspiellokale

I Akershus og Oslo blir det også meldt om fleire slåsskampar.

På Jessheim har ein 18-åring blitt køyrt til legevakta etter at han vart slått ned av ein annan tenåring. I Drøbak sentrum har politiet observert fleire synleg berusa tenåringar. Det er førebels ikkje meldt om nokon alvorlege hendingar, men politiet oppfordrar foreldre om å henta heim barna sine.

I hovudstaden har politiet måtte rykkja ut til fleire slåsskampar i løpet av den siste timen, både på Frogner og Grønland. Det er ikkje melda om alvorlege personskader i nokon av slagsmåla.

Også i Innlandet har politiet måtte gripa inn overfor ungdommar som feirar nasjonaldagen.

På Gjøvik skysstasjon vart ein ungdomsfest avbrote i ettermiddag. Rundt 50 ungdommar i alderen 15 til 18 år hadde teke i bruk venterommet på stasjonen som festlokale. Fleire av ungdommane skal ha vore rusa då politiet tømde lokalet og fjerna dei frå staden.

Dronefoto som viser områder av Bryggen, Zachariasbryggen og Torget i Bergen sentrum. Store folkemengder var samlet i sentrum for å se på prosesjonen og feire nasjonaldagen.
FOLKSAMT: Politiet seier det har fått særleg mange område frå området rundt Bryggen sundag ettermiddag. Dette biletet av Zachariasbryggen og Torget er tatt tidlegare på ettermiddagen. Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

– Politiet har ikkje kapasitet til å køyra rusa ungdomar heim

Like etter klokka halv fem meldte politiet i Bergen at operasjonssentralen ikkje lenger klarte å loggføra alle hendingane som handla om vald, rusing og ordensforstyrringar i sentrum i politiloggen til media.

Det er særskilt mykje rusa ungdom rundt Torgallmenningen, Torget og tivoliet på Bontelabo.

I loggen går politiet ut med ei generell oppfordring til foreldre som har ungdom i byen om å ha dialog med dei, og gjerne halde seg edru sjølve.

– Politiet har ikkje kapasitet til å køyre rusa ungdommar heim, seier Brakstad.

– Mange unge jenter og gutar

Ifølgje politiet er det særleg mykje unge jenter og gutar i sentrum som har drukke store mengder alkohol.

Også Helse Bergen merkar at trykket aukar. Det er blitt fleire og fleire helseoppdrag utover dagen.

Innsatsleiar Eirik Egge i Helse Bergen i Bergen sentrum 17. mai 2026.
AUKE UTOVER DAGEN: – Dagen har gått veldig greitt. Han starta relativt roleg, men så ser vi ein auke i talet på oppdrag utover ettermiddagen, seier innsatsleiar Eirik Egge i Helse Bergen. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Egge seier dei fleste hendingane handlar om konsekvensar av store folkemengder og rus.

– Det er mykje av det me driv med til vanleg, men me ser litt konsekvensar av store folkemengder og rusmiddelbruk.

Skadeomfanget omtalar han likevel som relativt avgrensa.

Retting: I ein tidlegare versjon vart ein del av ei setning utelaten, slik at det kunne sjå ut som om politiet slutta å loggføra meldingar. Det er no presisert at det var kapasiteten i politiloggen til media det var snakk om. Rettinga er gjort kl 21.30.