– Som dei fleste i Moss har fått merke, har vi begynt å spunte. Vi har sendt ut nabovarsel, men det er nå vi verkeleg kjenner det på kroppen.
Det seier Hanne Stormo, prosjektleiar i Bane Nor.
Prosjektet er den nye jernbanen gjennom Moss, eit prosjekt som har vist seg å vere krevjande på grunn av grunnforholda.
62 lange stålstenger skal pressast ned i bakken som ein del av støtteveggen i Moss sentrum, for å gjere området meir stabilt.
Ulempa: Arbeidet er ekstremt bråkete.
– Vi måler støy nå som er noko over det vi har berekna, og nå er det viktig med tiltak, seier Stormo.
Deler ut øyreproppar
Eitt av tiltaka er at Bane Nor står og deler ut øyreproppar på gata til forbipasserande. Dei har også stengt gangfeltet nærast arbeida.
– Vi har god kontakt med kommuneoverlegen, og sjekkar med entreprenøren om vi kan få redusert med nokre desibel.
Jostein Bekkhus er ein av dei næraste naboane til det støyande arbeidet.
– Det er ganske stressande, faktisk, seier han.
Det er det også for den sju månader gamle hunden hans, Vito. I motsetning til Jostein, kan ikkje Vito verne seg mot bråket.
– Det er vrient å vite når spuntinga stoppar og startar. Brått må eg snu når eg er ute på tur med han, for Vito har jo ikkje noko høyrselsvern.
Heller ikkje innandørs er situasjonen optimal for hunden.
– Dei første dagane var han litt irritert og sinna. Det er vanskeleg for han å sove, seier Bekkhus.
Kan vere skadeleg
Naboen fortel at har målt støy på 87 desibel innandørs.
– Vi veit at det er krevjande for naboane, og har stor forståing for det, seier Stormo i Bane Nor.
Når NRK måler støyen med ein app ute på gata, viser den 88,6. Ifølge Arbeidstilsynet kan støy over 80 desibel over tid vere skadeleg for høyrselen.
– Det er urovekkande verdiar, men det kjem også an på kor lenge ein har blitt eksponert, seier Suzana Akilah, helse- og miljørådgivar i miljøretta helsevern i Moss kommune.
Ho understrekar at arbeida skjer på dagtid måndag til torsdag, og at det aller viktigaste er å unngå støy på kvelden og natta.
– Men det er ein vanskeleg prosess for dei som bur der. Dei har vore belasta lenge med støy. Alle som kjenner dei ikkje kan vere der, må få alternative tilhaldsstader.
Tidlegast ferdig i 2032
Bygginga av dobbeltsporet i Moss har vist seg å vere både kostbart og krevjande på grunn av kvikkleire i grunnen.
Første estimat var at bygginga skulle vere ferdig i 2024. Dette blei først utsett til 2026, så 2030, før det siste estimatet foreløpig blei desember 2032.
Også dette verkar noko usikkert.
Det er nettopp arbeida med å stabilisere grunnen som har ført til den eine utsettinga etter den andre.
Hanne Stormo i Bane Nor understrekar at både utsettingane og støyen til sjuande og sist kjem Mossesamfunnet til gode.
– For kvar dag som går, så blir det tryggare. Det er derfor vi gjer denne jobben, for å gjere området meir stabilt.