Siste: Brannvesenet har no sløkt brannen, seier Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt til NRK klokka 16.15.
Brannmannskap vil vere på staden utover kvelden og drive med ettersløkking.
Gate 1 vil bli stengt etter kvart. Årsaka er fare for nedfall frå bygget.
– Det vil verte nokre trafikale utfordringar her utover, men det vil kome nokre trafikkdirigentar som skal handterer dette, seier Olsen.
Naudetatane rykte tysdag morgon ut til eit leilegheitskompleks i Måløy. Tre-fire leilegheiter i toppetasjen skal ha fått brann eller røykskadar.
I halv tolvtida opplyste vaktleiar Jostein Steinsland-Hauge i 110 Vest at dei byrja å få kontroll. Klokka 12 blussa den opp igjen.
Ein time seinare fortel operasjonsleiar i Vest politi Knut Dahl-Michelsen at det framleis brenn i takkonstruksjonen i bygget. Det har rast saman som følge av brannen.
Han seier brannen er krevjande å sløkke, men at det ikkje er spreiingsfare til andre bygg per no.
Det bur 20 personar i bygget. Ifølgje politiet skal alle vere evakuerte.
Høyrte smell
Rune Stian Nybakk bur i ei av naboleilegheitene til der det tok fyr.
– Eg kjente røyklukt men trudde det kom utanfrå.
Då han stod opp sjekka han si eiga leilegheit etter brann.
– Etter nokre få minutt høyrte eg eit kraftig smell og så gjekk brannalarmen.
Like etter fortel han at det var full fyr i leilegheita under han.
– Korleis var det å sjå heimen din gå opp i flammar?
– Det viktigaste er at alle har berga seg. Eg var i tvil då eg gjekk ut om eg kjem til å få gå inn igjen, seier Nybakk.
Fleire ressursar
– Vi har slått den ned så godt vi kan, og vi har røykdykkarar inne i dei ulike leilegheitene, sa innsatsleiar i Kinn brann og redning Petter Bakke tidlegare på føremiddagen.
Rundt klokka 12 var det meldt om at dei byrja å få kontroll på brannen. Like etter blussa den opp igjen.
– Kva er det som gjer at brannen får blusse opp att?
– Ein tek nok gjerne ned trykket litt på sløkkinga, vil eg tru. Det kan vere ein samanheng med at den pågåande kjølinga kan ha fått seg ein liten dupp, så eg reknar med at når dei får omorganisert ressursane, så er kjølinga snart tilbake der den var.
Gate 1 i Måløy vil vere stengt i fleire timar, skriv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politi.
Ingen skadde
Folk vart evakuerte frå både bygningen som brann og nabobygg. Ingen skal vere skadde.
– Nokre har fått i seg litt røyk, men vi har ikkje fått melding om personskade, seier innsatsleiar for politiet, Morten Hagen.
Operasjonsleiar i Vest politi Knut Dahl-Michelsen seier folk evakuerte seg sjølve frå bygget.
Dei vil ikkje få flytte tilbake i dag.
– At det brenner i toppetasjen, kor krevjande er det?
– Heldigvis har brannvesenet tilgang til nok ressursar. Men det er klart at eit bygg med mange leilegheiter og personar er utfordrande.
Kva som starta brannen er ikkje kjent. Ein restverdiredningsbil er sendt frå Førde for å hjelpe i arbeidet.
Opne flammar
Brannen vart varsla like over klokka 09. Via ein videostraum kunne 110 Vest konstatere at opne flammar frå etasjen.
Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til nærliggande bygg.
– Det er vindstille, røyken går meir eller mindre rett opp og vi har vatn på brannen. Men ting kan sjølvsagt endre seg, så dette er vurderingar som blir gjort fortløpande, seier han.
Det er fleire næringsverksemder i første etasje på bygget. I dei andre etasjane er det leilegheiter.