Brannruinar Sula
Det er framleis brennande glør i ruinane etter brannen i Sula torsdag kveld. Då brannvesen og politi kom fram var fritidshuset overtent. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Dei siste åra har det vore fleire mistenkelege brannar i Sula på Sunnmøre, og folk er difor ekstra på vakt.

Politiet har natt til fredag søkt med både drone og hund etter at det på nytt begynne å brenne like etter klokka 22 torsdag kveld. Målet er å finne ut om at det kan finnast folk i området som har noko med brannen å gjere.

– Dronen er brukt for å få oversikt over åstaden og mellom anna sjå om det er andre personar i området, seier operasjonsleiar Alexander Sandblåst Strømmen.

Han seier dei også no er i kontakt med fleire av dei som bur i nabohusa til fritidshuset som begynte å brenne.

Politiet avslutta ikkje arbeidet sjølv om det blei nattemørkt, men hadde ressursar tilgjengeleg og vurderer fortløpande behovet.

– Ut på fredag morgon blir krimteknikarar og etterforskarar sett inn i arbeidet, seier operasjonsleiaren.

Politiet brukar drone
Politiet har sendt opp ein drone torsdag kveld for å sjå etter uvedkomande i området der det har brunne.Faksimile: NRK

Har gått opp fleire stiar

Huset som brann ned til grunnen torsdag kveld ligg på sørsida nede ved foten av Sulafjellet. Derifrå går det fleire stiar oppover mot fjellet der det har vore fem uoppklarte hyttebrannar dei siste tre åra.

Innsatsleiar Mathias Stemland sa til NRK like før klokka 01.00 at politiet også har søkt med varmekamera, med båt frå sjøsida og også har gått opp ein del av stiane som leiar opp mot Sulafjellet.

Dette har så langt ikkje ført til funn av uvedkomande i området.

– Eg trur ikkje det er farleg å bruke hyttene, folk må gjerne opphalde seg på hyttene og i fjellet. Det er ingenting som tilseier at det er fare for folk, men eg skjønar at folk er bekymra for eigedommane sine, seier Stemland.

Mathias Stemland
Innsatsleiar Mathias Stemland seier folk ikkje treng å vere redde for å bruke hyttene sine etter endå ein brann. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Gjer veldig vondt

Nokre av dei som eig hytta som brann ned kom etter midnatt på plassen for å sjå. Dei kjende lukta på lang veg, men fattar knapt det som har skjedd.

– Det gjer veldig vondt, eg hadde verkeleg ikkje tenkt at det kunne skje. Det burde eg ha tenkt på, når du tenker på alle hyttebrannane som har vore på Sula dei siste åra, og så var det brått oss det galdt, seier ein av hytteeigarane.

Ho seier dei har fått mange meldingar og telefonar frå folk som vil uttrykke medkjensle.

Ho ønskjer ikkje å stå fram med namn, men NRK kjenner identiteten hennar.

Hytteeigarar ser på brannen
Nokre av dei som eig hytta som brann ser på dei siste flammane. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Ber om tips

Like før midnatt melde politiet at huset var heilt nedbrent, og at det ikkje var fare for spreiing til andre hus i området.

Politiet ber no om tips og vil ha opplysningar eller observasjonar i området Nøringset/Oksavik.

Politiet stadfestar at dei ser også denne brannen i samanheng med dei andre, uoppklarte brannane i Sula dei siste åra.

Fleire fryktar at ein pyroman går laus, og politiet har tidlegare stadfesta at fleire av hyttene kan vere sett fyr på med vilje.

Hytteeigarar har montert overvakingskamera på grunn av alle brannane, andre henger opp vimpel når dei overnattar, for å varsle om at dei er til stades.

– Vi tek høgde for at det kan ha samanheng, seier operasjonsleiar Alexander Sandblåst Strømmen.

– Forstår du at folk blir bekymra når det brenn på Sula igjen?

– Ja, vi skjønnar at folk blir bekymra, det er klart.

Brannen sett frå Hareid
Røyk og flammar har vore synleg på lang avstand torsdag kveld.Faksimile: NRK

Huset som sto i brann er ein fritidsbustad utan nokon til stades, melder politiet.

Operasjonsleiar Alexander Sandblåst Strømmen seier det har vore mange telefonar frå folk torsdag kveld.

to brannfolk
To brannfolk i Sula. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK