Påtalenemnda i Norges Fotballforbund legg vekk saka mot Niklas Castro.

Det kjem fram i ei melding frå NFF.

NFF viser til punkt 12 i retningslinjene for disiplinærsaker, der berre brot som normalt gjer minst to kampar karantene blir følgt opp i ettertid.

– Det har vore mykje greier. Eg synest det vart blåst veldig mykje opp, seier Niklas Castro når NRK snakkar med han på trening tysdag.

Etter å ha sendt Brann opp i leiinga i kampen mot Rosenborg sist søndag, feira Castro på kontroversielt vis med å vise fingeren til kameraet og rope «fuck you».

Castro forklarte feiringa på ulike vis. Til NRK sa han at det var eit veddemål.

– Det var eit veddemål eg hadde med nokon, og så vart det kanskje litt meir kjensler enn eg hadde tenkt at det skulle bli. Eg er eit kjenslemenneske og burde kanskje ikkje gjort det, men det var det som skjedde der og da, sa han etter kampen.

No er han letta for at saka er ferdig.

– Det er veldig deilig at det ikkje blir noko meir ut av det. Alle Facebook-krigarane kosa seg i kommentarfeltet i nokre dagar, og det er heldigvis over no, seier Castro tysdag.

Fotballspiller smiler mens han blir intervjuet av journalister med mikrofoner.
Niklas Castro er nøgd med at saka no er lagt vekk. Foto: Nina Kausland / NRK

VAR fekk det ikkje med seg

VAR-sjef i NFF, Svein Oddvar Moen, forklarte overfor NRK at feiringa fort kunne fått konsekvensar for Castro.

– Det kunne openbert blitt eit raudt kort, men verken dommarteamet eller VAR-teamet oppfatta fingeren, sa han.

Han forklarte at VAR-teamet var opptekne med å sjekke noko som skjedde i forkant av scoringa til Castro.

Difor vart det ingen konsekvensar for Castro der og då. Saka vart sendt til NFF si påtalenemnd for å bli vurdert vidare.

Brann-spiller Niklas Castro smiler og tar seg til pannen under et intervju.
– Om dei vel å straffe meg, synest eg det er sjukt, men det er litle Noreg det, sa Castro etter kampen mot Rosenborg. Foto: Paul S. Amundsen / NTB

I spelereglane for Eliteserien står det at ein spelar kan bli utvist om spelaren «brukar språk, gestikulerer eller gjer handlingar som er grovt krenkande eller fornærmande».

Påtalenemnda kan i etterkant ileggje spelarane karantene eller bot for hendingar som dommaren eller VAR ikkje har fått med seg.

Men no har påtalenemnda lagt vekk saka. Grunngjevinga er at feiringa til Castro ikkje ville ført til minst to kampar karantene, som er kravet for at saka skal bli følgt opp i ettertid.