Brenna Lovera opna målfesten med to scoringar, før Josefine Birkelund og resten av Brann-laget fullførte jobben.
No ventar gullfeiring på Brann Stadion neste helg.
Hadde alt i eigne hender
Det var knytt store forventningar til Brann før bortemøtet mot LSK kvinner.
Seriegullet var alt innanfor rekkevidde, etter at Ålesund gjekk på tap mot Stabæk laurdag.
Bergensarane visste at tre poeng ville vere nok til å avgjere gullkampen.
Svaret kom umiddelbart
Etter berre fire minutt sende Brenna Lovera gjestene i føringa.
Josefine Birkelund kom seg fri på høgresida og slo inn i feltet. Karoline Haugland fekk ein touch på ballen, før den amerikanske spissen var på plass og sette inn 1–0 frå kort hald.
Lovera med kunstscoring
Bergensarane tok fullstendig kontroll over oppgjeret og pressa LSK Kvinner stadig lengre tilbake på bana.
Etter 23 minutt var Lovera framme igjen. Nea Lehtola løfta ballen inn i feltet, men spissen vart pressa ut mot dødlinja. Frå ein skrå vinkel banka ho ballen opp i det næraste krysset.
Etter pause heldt dominansen fram. Brann hadde god kontroll defensivt og skapte stadig nye moglegheiter.
Etter 55 minutt kom den tredje scoringa, då Lauren Davidson slo eit presist innlegg langs bakken. På bakre stolpe kom Birkelund stormande, og backen hadde ingen problem med å setje ballen i det opne målet.
Med 3–0 var det meste avgjort.
Brann heldt fram med å kontrollere kampen og kunne til slutt juble for ein 4–1-siger.
Dermed var seriegullet sikra med éin serierunde att.
No ventar gullfest i Bergen
Etter ein sterk sesong kan Brann-spelarane no kalle seg seriemeistrar for tredje gong.
– Dette er sinnssykt deilig. Vi har kjempa heile sesongen. Vi visste da me vant i fjor at det kom til å bli vanskeleg å gjere det igjen, men her står vi, seier Karoline Haugland til TV 2 like etter gullet ble sikra.
Neste helg kjem Molde til Bergen i sesongens siste seriekamp. Då skal Brann ta imot seriepokalen framfor eigne supportarar på Brann Stadion.
Full jubel i garderoben
Det var naturleg nok stor jubel i Brann-leiren etter kampen.
Mette Hammersland, marknads- og medieansvarleg for Brann kvinner, fortel til NRK at stemninga i garderoben er på topp.
– Det blir sunge og dansa overalt her no. Dette var utruleg kjekt og svært fortent. No ventar feiring i Bergen seinare i kveld, seier Hammersland.