Brann er klar for tredje kvalifiseringsrunde i serieligaen etter å ha slått rumenske Universitatea Cluj 3–1.
Samanlagt var stillinga 2–2 før kampen, etter at Brann kollapsa og slepte inn to mål på tre minutt i første kamp i kvalifiseringsrunden.
I kveld vart Niklas Castro den store helten, med to scoringar i ein kamp som gjorde at bergensarane vann 5–3 samanlagt.
Etter åtte minutt sende Castro vertane i leiinga og Brann Stadion til himmels. Brann heldt fram med å kontrollere kampen, men vart straffa på ein kontring av Jovo Lukic, som utlikna for Cluj etter 26 minutt.
– Me gjekk på ein hjernebløding, sa Eirik Horneland om Cluj-utlikninga.
Rett før pause heada Brann sin Ulrik Mathisen inn 2–1 på eit innlegg frå Castro. Etter pause handla det framleis om Castro, som banka inn 3–1 frå distanse.
– Castro er ein veldig god spelar, men Brann har fleire kvalitetsspelarar, sa Cluj-trenar Cristiano Bergodi etter kampen.
Castro returnerte til Brann etter skade tidlegare i juli og Horneland er nøgd med comebacket.
– Han har alltid vore god for oss, alltid vore ein å stola på. Eg er litt overraska kor sterk han har vore etter skaden.
No er Brann klare for tredje kvalifiseringsrunde i serieligaen, der dei møter kypriotiske Apollon Limassol.