Brannen på Gilje tre
Her kan ein sjå dei store øydeleggingane brannen på Gilje tre i Gilja i Rogaland har gjort.Fotografi: Ole Andreas Bø / NRK

Siste, 17:13:

Det er sendt ut et nytt nødvarsel i området der det brenner. Faren er nå over, sier politiet.

Brannvesenet melder om kontroll på brannen, opplyser politiet.

– Brannvesenet driv framleis med ettersløkking og det meste av røyken er vassdamp. Fokuset til brannmannskapa nå er å redde verdiar frå åstaden. Dei vil halde på utover kvelden, opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Kim Flakstad.

– Dette er heilt frykteleg. «Trevaren», som vi kallar det, er ein del av bygda, så dette er eigentleg berre vondt. Den betyr alt for bygda, fortel Tonje Gilje Frafjord.

Ho er ein av 200 tilsette hos Gilje Tre, som ligg i den vesle bygda Gilja med knapt 400 innbyggjarar.

Mari-Anne Høiland Gramstad
Mari-Anne Høiland Gramstad er tydeleg prega av storbrannen.Fotografi: Johan Mihle Laugaland / NRK

Onsdag morgon kom det melding om brann ved den store vindaugsprodusenten. Det har velta store mengder røyk ut av bygningen fram til klokka 13.

Mari-Anne Høiland Gramstad har vore tilsett ved Gilje tre i 33 år, heile sitt vaksne liv.

– Dette er ein trist dag. Eg har aldri vore med på noko tristare. Det er heilt uverkeleg og ein grufull dag, seier ein tydeleg prega Høiland Gramstad.

Klokka 13 fortel innsatsleiar i brannvesenet, Eirik Andreassen, at dei har fått slått ned mykje av brannen.

– Det har roa seg, men det er framleis mange småbrannar inne i bygget.

Brann hos Gilje tre - åpne flammer
Opne flammar ved den store vindaugsprodusenten i den vesle bygda. Fotografi: Ole Andreas Bø / NRK

Ved 16-tida opplysar politiet om at dei evakuerte kan flytte tilbake til bustadane sine.

Ein tung dag

Dagleg leiar i Gilje tre, Thor Eirik Gilje, seier til NRK at det er ein tung dag.

– Det er veldig trist når du ser flammane og røyke stige opp, seier han.

120 tilsette var på jobb då brannen brøyt ut, og for Thor Eirik og dei andre tilsette var det berre å kome seg ut då brannalarmen gjekk.

– Å få evakuert ut folk så fort som mogleg og få kontroll på dei var prioritet ein.

Brannen på Gilje tre
Brannen på Gilje tre har roa seg onsdag ettermiddag. Fotografi: Ole Andreas Bø / NRK

Men sjølv om det er ein tung dag, ser han framover.

– Her skal vi produsere vindauge igjen. Vi skal reise oss. Det er det ingen tvil om.

Bad folk om å halde vindauge lukka

Ingen personar skal vere skadd, opplyser operasjonsleiar Anders Oppedal ved Sør-Vest politidistrikt, men det har vore mykje og svart røyk på staden.

Klokka 10.40 blei det sendt ut naudvarsel til alle innbyggarar i området med beskjed om giftig røyk. Alle vart bedt om å halde vindauge lukka for å unngå å bli eksponert for røyk.

Brannen vart meldt like før klokka ni, og brannvesenet rykte ut frå tre brannstasjonar. Reporter på staden meldte klokka 12 om full fyr i over tre timar.

Brann hos Gilje tre
Mykje og svart røyk kjem ut av bygningen.Fotografi: Ole Andreas Bø / NRK

Store styrker med på sløkking

Vaktleiar i Rogaland brann og redning, Svein Nesse, seier dei har sendt åtte bilar til brannen med over 20 brannmannskap.

Brann Gilja
Det brenner kraftig på Gilja i Gjesdal kommune.Fotografi: Mari-Anne Høiland Gramstad

Oppdragsleiar i politiet, Sigbjørn Staveland Sørenes, opplyser at det skal ha blitt uført takarbeid i forkant av brannen.

Eirik Andreassen er innsatsleiar for brannvesenet. Han fortalde klokka 12 at brannen hadde spreidd seg over ein av avgrensingslinjene dei laga.

Brann hos Gilje tre. Innsatsleder i brannvesenet
Innsatsleiar Eirik Andreassen i brannvesenet.Fotografi: Ole Andreas Bø / NRK

– Kontorfløya står i brann. Vi jobbar iherdig med å avgrense brannen, så den ikkje kjem inn i produksjonslokala. Røykdykkarar er inne.

Administrasjonslokala er ikkje til å redde, meldast det frå staden.

Forsøker å avgrense skadane

Innsatsleiar i politiet, Olav Neteland, seier brannen ser ut til å ha starta i taket. Delar av takkonstruksjonen har rasa saman. Brannen starta i den gamle delen av fabrikken.

Årsaka til brannen er førebels ukjend.

Gilje Tre er ein av dei største produsentane av vindauge og dører i Noreg med over 250 tilsette. Fabrikken vart etablert i 1948 og leverer 100.000 vindauge og 20.000 dører i året.

Innsatsleiar Olav Neteland i politiet omtalte brannen som stor og omfattande. Han seier at ingen er skadd, men nokre har fått tilsyn av helsepersonell på staden.

Brann hos Gilje tre
Store styrker på staden for å sløkke brannen.Fotografi: Ole Andreas Bø / NRK

Vegane i området er delvis stengt for å gi rom for naudetatane og Frafjordtunnelen har manuell dirigering.