Nystemten var knapt ferdig før Aalesund sjokkerte på Brann Stadion.

I eit regntungt toppoppgjer brukte gjestene frå Sunnmøre berre om lag 30 sekund på å ta leiinga. Ingeborg Skretting skar innover frå høgresida og sette ballen forbi Brann-keeperen.

– For ein pangstart på kampen. Det har ikkje gått minuttet ein gong, sa TV 2-kommentator Petter Bø Tosterud.

Med siger kunne bergensarane auke forspranget til ni poeng med berre fire kampar att å spele. I staden vart det Aalesund som tok kontroll på oppgjeret.

Men då kampen gjekk inn i sluttfasen, var det ikkje berre resultatet som skapte reaksjonar.

– Heilt absurd at kampen fekk fortsette

Utover i andre omgang vart forholda på grasmatta stadig meir krevjande. Regnet hølja ned, og fleire stader på bana samla vatnet seg i store dammar.

– Vi ser ringverknadene av vatnet på bana. Ballen stoppar jo heilt opp, sa TV 2-ekspertkommentator Joanna Bækkelund.

Omtrent eit kvarter før slutt vart det diskutert om kampen kunne halde fram. Etter samtalar med trenarar og kapteinar valde dommaren å la spelet gå vidare.

Etter kampen var Brann-trenar Laura Kaminski svært kritisk til avgjerda.

laura kaminski
Brann-trenar Laura Kaminski, var misfornøgd med at kampen heldt fram i regnvêret. Foto: Skjermdump / TV 2

– Det er heilt absurd at kampen fekk fortsette. Det utvikla seg berre til noko eg ikkje ville sjå på. Det har sjølvsagt påverka resultatet vårt, og om eg var i deira sko, ville eg jo sjølvsagt ha spelt vidare.

– Spelarsikkerheita må vere førsteprioritet, men her vert den ikkje teken omsyn til i det heile teke, sa Kaminski til TV 2.

Brann-kaptein Karoline Haugland var samd med trenaren i at forholda ikkje var gode nok.

– Eg synst det var uforsvarleg å vere der ute, det gjekk ikkje an å spele. Ballen låg, og spelarar fauk veggimellom der ute, fortalde Haugland til NRK.

Dommar Henrikke Nervik fortalde at ulike alternativ vart vurderte då kampen vart stoppa.

– Det er synd for ein toppkamp at det blir så prega av vêret. Men for sikkerheita sin del, som er mitt ansvar, synest eg ikkje det var nok til å skulle stoppe, flytte eller utsetje kampen, sa Nervik i pressesona etter kampen.

brann aalesund
Dommar Henrikke Nervik hamna i hardt vêr etter avgjerda om å la kampen halde fram. Foto: Skjermdump / TV 2

Ho opplyste at det mellom anna vart vurdert å flytte kampen til ei kunstgrasbane i nærleiken, men det vart ikkje rekna som eit forsvarleg alternativ.

Aalesund-kaptein Mette Muri meinte derimot at forholda var like for begge lag.

– Det blei ein skikkeleg slitekamp. Andre omgang liknar vel ikkje på fotball eingong, men forholda var dei same for begge lag, sa Muri til kanalen.

Fekk aldri henta inn forspranget

Den tidlege leiinga gav Aalesund den starten bortelaget kunne drøyme om.

Brann jaga utlikning, men sleit med å skape det same trykket som har kjenneteikna laget gjennom sesongen. Då Emilie Strand Blindheim dobla leiinga etter drygt ein halvtime, vart motbakken enda brattare for serieleiaren.

Brann møter Aalesund i cupfinalen på Ullevaal stadion
Ingeborg Skretting fekk Aalesund opp i leiinga etter berre 30 sekund spelt. Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Elendig start, alt for dårleg. Dei har to sjansar og scorar to mål, vi har ti sjansar og ingen mål. Så vi må vere mykje meir effektive framfor mål, sa Haugland etter første omgang.

Etter pause pressa Brann på for å kome tilbake i kampen, men Aalesund forsvarte seg godt.

Då ni minutt med tilleggstid var lagde til, fekk heimelaget likevel nytt håp. Amalie Eikeland reduserte til 1–2 heilt på tampen og skapte spenning i sluttminutta.

Trass i ein offensiv sluttspurt klarte ikkje Brann å berge poeng.

Brann gjekk inn til oppgjeret som suveren serieleiar med 15 sigrar og to uavgjorde på dei første 17 seriekampane. Laget hadde heller ikkje tapt i Toppserien sidan juni i fjor.

Revansj etter cupfinalen

Då laga møttest i cupfinalen på Ullevaal for ein dryg månad sidan, var det dei raudkledde som kunne juble etter ein 3–1-siger og løfte pokalen.

Oslo 20260906. Jubel etter skåring av Aalesund-spiller Katarina Dybvik Sunde under NM-finalen i fotball for kvinner mellom Brann – Aalesund på Ullevaal stadion i Oslo søndag. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Det var Aalesund som kunne juble til slutt etter tre poeng i banken. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Aalesund kom til Bergen som den næraste utfordraren til Brann på tabellen, og greidde det ingen andre hadde klart på lenge: å slå serieleiaren i Toppserien.

Aalesund-trenar Martin Lindmark var svært stolt over måten laget stod imot heimelaget på.

– Det å komme hit på Brann Stadion og angripe den kampen sånn som vi gjer, og score dei måla som vi gjer i første omgang, det er imponerande. At vi klarer å stå imot det trykket, det imponerer meg, seier Lindmark til TV 2.