Regjeringa set av nøyaktig null kroner til å halda fram med bygginga av Stad skipstunnel i det reviderte nasjonalbudsjettet som blir lagt fram i dag.
Då finansminister Jens Stoltenberg gjesta Politisk kvarter tysdag morgon, sa han at skipstunnelen ganske enkelt kostar meir enn han smakar.
– I ei tid med behov for ansvarleg styring og knallharde prioriteringar, kan vi ikkje forsvare å bruke milliardar på eit prosjekt med så usikker samfunnsnytte, sa han.
Symbol på kløfta mellom sentrum og periferi
Til gjengjeld lova han vestlendingane pengar til rassikring, vedlikehald og andre samferdselsprosjekt.
Om det rekk til å stilla frontane, er eit ope spørsmål.
Etter fleire tiår med utgreiingar og omkampar har Stad skipstunnel forvandla seg frå å vera eit konkret samferdselsprosjekt til å bli eit potent symbol på den politiske kløfta mellom sentrum og periferi.
For tilhengarane er han eit monument over nasjonal vilje, ingeniørkunst og ei nødvendig oppreising for ei kystbefolkning som føler seg gløymd av Oslo.
For kritikarane har han derimot vorte sjølve kroneksempelet på «manglande budsjettdisiplin», «offentleg sløsing» og «økonomisk irrasjonalitet».
– Dette er omtrent som venta, seier Einar Lie.
Han er professor i økonomisk historie og har kritisert ideologien bak tunnelen i fleire artiklar.
Lie legg til:
– Det ville vore heilt påfallande om dette prosjektet skulle bli ståande i ei tid med hardare prioriteringar.
Då regjeringa freista å setja ned foten i det ordinære statsbudsjettet i haust, vart dei trossa av eit fleirtal på Stortinget som kravde at arbeidet skulle halda fram.
Arbeidet resulterte i eit nytt og rimelegare prisoverslag på skipstunnelen som gav håp og «glør til bålet» for dei som drøymer om å segla gjennom fjellet.
Denne gongen er det færre politiske spor att å utforska.
– Stad skipstunnel er spektakulær, men i ei tid med auka forsvarsutgifter og ei aldrande befolkning, tvingar harde prioriteringar seg fram, seier Morten Welde ved NTNU.
– Med negativ samfunnsnytte og galopperande kostnader står prosjektet seg dårleg mot meir kritiske føremål. Revidert nasjonalbudsjett viser at regjeringa evnar å prioritere når det økonomiske handlingsromet blir mindre.
– Har svikta kysten
I Vestland blir tunnel-avlysinga møtt med hovudristing blant dei som meiner tunnelen er livsnødvendig for tryggleiken rundt det vêrharde Stad-havet.
Berre i løpet av morgontimane har fleire ordførarar og opposisjonspolitikarar klaga over det dei karakteriserer som ei «nedprioritering av kysten».
Til argumentet om samfunnsnytte viser dei til at regjeringa har sagt ja til ei rekkje prosjekt med lågare samfunnsøkonomisk nytte enn skipstunnelen (sjå regjeringa si eiga oversikt her.)
Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande, les avslaget inn i ei større politisk forteljing om korleis makta er konsentrert i «Oslo-gryta», og at eit «Oslo-dominert» arbeidarparti ikkje evnar å sjå over vasskiljet til vest.
– Dette er skuffande, men ikkje overraskande, seier han.
– Dei har svikta kysten.
Han legg til at Senterpartiet vil kjempe for å få Stad skipstunnel tilbake i budsjettet.
– Dette handlar om politiske prioriteringar
Også Kystrederiene reagerer kraftig på at regjeringa igjen vil skrota Stad skipstunnel. Administrerande direktør Tor Arne Borge kallar det «eit alvorleg tilbakesteg for tryggleiken» langs kysten:
– Dette handlar om politiske prioriteringar. Når milliardprosjekt på veg og bane får halda fram trass i store kostnadsaukar, medan eit beredskaps- og tryggleiksprosjekt til sjøs blir stoppa, blir det vanskeleg å forstå kvifor sjøtransport skal behandlast annleis.