mann foran reklamevegg
VIKTIG BRIKKE: Patrick Berg blei ei viktig brikke under fotball-VM. Foto: Beate Oma Dahle / Beate Oma Dahle / NTB

Han drog til VM som reserve, men enda opp med å bli ei viktig brikke i Noregs VM-suksess. Også i Nasjonsligaen er han sjølvskriven på midtbanen.

Patrick Berg trur grunnen til landslagssuksessen er samansett, men kjenner han har funne ut av rolla si.

Han nemner både dynamikken med midtbanekollegaene og stega han har tatt med Bodø/Glimt i Europa er noko av grunnen, men også:

– Eg trur også det er litt mentaliteten min òg, inn mot den samlinga, der eg på ein måte hadde mista plassen min kanskje allereie før vi starta, seier Berg og held fram:

– Det gjorde at eg kunne komme inn i ein litt sånn angrepsposisjon, og hadde eigentleg ikkje så mykje å tape, kjente eg. Så eg trur det også hjelpte meg inn mot samlinga, seier han.

VM: Patrick Berg kom etterkvart inn på mot Irak. Foto: Pilar Olivares / REUTERS,NTB

Bodø/Glimt-stjerna innrømmer at det er forskjell på å vere i angrepsposisjon og det å skulle forsvare plassen sin.

– Eg trur det sekundet du har noko å tape, eller skal forsvare noko, så har ein tendens til å bli litt meir reservert, kanskje, enn om ein går inn med føresetnaden om at det får gå som det går. Om eg gjer det dårleg, så har eg eigentleg ikkje tapt noko. Men om eg gjer det bra, så har eg vunne veldig mykje. Så det trur eg er litt menneskeleg.

  • Høyr Wales - Noreg på NRK Sport torsdag klokka 20.45.

Gløymer aldri

I den første VM-kampen til Noreg starta Berg på benken, men i det 81. minuttet kom han inn. Da merka Noregs spelaransvarleg, Brede Hangeland, noko spesielt.

– Eg kjem aldri til å gløyme då han skulle inn mot Irak der i ein kamp med maks press, og var heilt roleg. Det såg ut som han hadde kvilepuls i sekunda før han skulle inn på den kampen der, og det seier jo litt om han som type, og den roa og tryggleiken han har, fortel Hangeland to dagar før Noregs kamp mot Wales.

mann med mikrofoner
ROS: Brede Hangeland hadde mange lovord om Patrick Berg. Foto: Beate Oma Dahle / Beate Oma Dahle / NTB

– Så han, som alle dei andre 25 som var i den troppen der, skal vere utruleg stolte av innsatsen sin, legg han til.

Får ros

NRKs fotballekspert meiner Berg kom inn akkurat i rett tid.

– Han sat jo og såg på ein litt rufsete start av det norske laget mot mot Irak. Og så kom han inn på eit godt tidspunkt. Resten av laget hadde gjort unna opningsnervane og begynt å fungere betre saman med han på banen, seier Kristoffer Løkberg.

Han meiner Berg blei betre og betre utover meisterskapet.

Berg kom inn til pause mot Senegal, og kort tid etter leverte han den målgivande pasningen til Erling Braut Haalands 3-1-skåring. Etter det beheldt han plassen sin.

– Han tok jo moglegheita han fekk i VM med begge hendene og gjorde plassen til sin.

Løkberg rosar måten Berg har tatt seg til rette på midtbanen.

– Han har spelt ei litt anna rolle på banen, fordi Sander Berge er den naturlege djupe midtbanespelaren, som er ein posisjon han i utgangspunktet har vore best i, og spelt i for Bodø/Glimt. Så skal han jo ha mykje ros for måten han har klart å tilpasse seg ei ny rolle på banen og spelt den indreløparrolla på sin måte ut frå styrkane sine.

mann kysser panna til mann
KYSSET: Erling Braut Haaland var tydeleg fornøgd med den målgivande pasningen han fekk frå Patrick Berg mot Elfenbeinskysten i VM. Foto: Reuters