– Eg trur eg berre forbind det veldig med stemninga, å ta seg ein øl og ha det gøy og kose seg med venene sine, seier Hannah Nordahl Gresseth.
Ho tek seg gjerne ein røyk når sola skin.
– Men ikkje fast, nei. Berre når det er sol og fint ver, nokon gonger her og der. Det er ikkje akkurat det sunnaste ein kan gjer, så eg prøver å ikkje røyke så veldig mykje.
Denne veka vart ei ny røykelov vedtatt i Storbritannia.
Dei innfører eit livslangt forbod mot tobakkskjøp for alle fødd etter 2008. Aldersgrensa skal auke med eitt år kvart år, slik at dagens unge aldri vil kunne kjøpe sigarettar lovleg.
Samstundes strammar dei inn reglene for e-sigarettar kraftig, med reklameforbod og strengare salskontroll.
Helse- og omsorgsdepartementet seier dei ikkje har planar om å følgje etter Storbritannia, ifølgje TV 2.
Bra for folkehelsa
Gresseth trur det ville vore ein god idé om også Noreg fekk eit generasjonsforbod.
– Det er jo eit bra tiltak for folkehelsa. Så det hadde sikkert ikkje vore så dumt, seier Gresseth.
Men ho trur ein del kjem til å få tak i røyk likevel.
– Det er ikkje usannsynleg at ein finn nokon som er fødd før 2009 til å kjøpe for seg, seier ho, og legg til:
– Det spørst jo om folk kjem til å innrette seg etter det, eller om dei berre finn eit smotthol.
I ein anna solvegg i Oslo, sit det fleire som nyt litt «frisk luft».
– Vi er jo fødd før 2009, så vi slepp heldigvis unna, seier Ingeborg Skolt med eit flir.
Ho og Marius Juliusen nyt sola i Oslo med ein pils – og ein sigg.
– Ingen av oss røyker til vanleg, berre når vi drikk og det er fint vêr, seier Marius.
Men dei trur ei sånn lov også hadde vore bra å ha i Noreg.
– Det er jo bra om ikkje barna våre kan få røyke, seier Ingeborg.
– Personleg synest eg det er forjævlig. Men eg trur det er bra for å få slutt på røykinga, seier svenske Marcus Klarin.
Han har røykt fast i mange år, men prøver å slutte.
– Eg begynte da eg var ung, fordi da var det kult. Men no er det ikkje så kult lenger, seier han.
– Eg skulle ønskje eg aldri hadde begynt å røyke. Det er unødvendige pengar, og heller ikkje bra for helsa.
Vil alltid vere appetitt på nikotin
– England har valt ein risikoproporsjonal tilnærming der dei bruker e-sigarettar aktivt for å fase ut røyking.
Det seier Karl Erik Lund, som har forska på tobakk i 37 år. Han er forskingsleiar ved avdeling for rusmiddelforsking ved Folkehelseinstituttet (FHI).
– Det er den motsette politikken av det vi har i Noreg, der vi i realiteten forbyr dei minst farlege produkta mens ein får kjøpt sigarettar 24/7.
Han er spent på å sjå korleis røykeforbodet i Storbritannia vil fungere.
– Eg er bekymra for at ein får eit handhevingsproblem og at ein gløymer dei eldre, sårbare røykarane i det einsidige fokuset sitt på ungdom.
– Det er i den eldre befolkninga røyking er mest utbreidd og kor dei helsemessige konsekvensane er størst.
Han seier at om ein strammar inn på éin type nikotinopptak, sprett etterspørselen ofte over på eit anna produkt.
– Vi såg det i Noreg i 2004; da røykelova kom, gjekk røykinga ned mens snusbruk gjekk opp. Det vil alltid vere ein appetitt på nikotin i samfunnet, og etterspørselen blir ikkje borte sjølv om ein reduserer tilbodet på eitt område.
Går feil veg
– Eg meiner absolutt vi bør vurdere dette i Noreg, seier Ida Lindtveit Røse.
Krf-nestleiaren meiner vi bør la oss inspirere av Storbritannia og det nye generasjonsforbodet deira på røyk.
– Vi er alle einige om at vi skal ha ein røykfri generasjon som veks opp, men det krev også at vi kjem med tiltak for å få det til.
Men ikkje alle er samde.
– Det er noko vi overhovudet ikkje ønskjer skal innførast i Noreg, seier helse- og omsorgspolitisk talsperson i Framstegspartiet, Kristian August Eilertsen.
– Vi erkjenner at det å bruke tobakk og røyk ikkje er helsefremmande, for å seie det sånn. Men vi meiner at vi må respektere vala som vaksne menneske tar.