Fedrenettverket Stavanger
Statsråd Kjersti Stenseng besøkte Fedrenettverket i Stavanger. Foto: Tom Edvindsen / NRK

Måndag formiddag besøkte arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) organisasjonen Fedrenettverket i Stavanger.

Med seg hadde ho ein nyheit om statsbudsjettet for neste år.

Regjeringa foreslår no å bruke 96 millionar kroner meir på integrering.

– Regjeringa stiller opp, men stiller også krav i integreringspolitikken. Vi forventar at dei som kjem til Noreg lærer seg norsk, kjem i arbeid og blir ein del av fellesskapet, seier Stenseng.

Måndag formiddag besøkte arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) organisasjonen Fedrenettverket i Stavanger.
Kjersti Stenseng vil bruke nesten 100 millionar kroner meir på integrering i neste års statsbudsjett. Foto: Tom Edvindsen / NRK

Ho er tydeleg på kva regjeringa meiner er aller viktigast for at innvandrarar skal kome seg i jobb.

– Den aller viktigaste suksessfaktoren no for å kome inn i arbeidslivet, det handlar om språk. Det handlar om god norskopplæring. Derfor ønskjer vi å bruke meir ressursar på dette, seier Stenseng.

Blant anna vil regjeringa bruke nesten 18 millionar kroner på betre og meir fleksibel norskopplæring.

– God investering

Hos Fedrenettverket i Stavanger blei ministeren møtt av blant andre styreleiar Anthony Martins.

Fedrenettverket er ein organisasjon for innvandrarfedrar som ønskjer å vere meir til stades i nærmiljøet, heime og i samfunnet. Dei ønskjer å gjere det lettare å forstå og finne plassen sin i det norske samfunnet, og samstundes byggje bruer mellom kulturar, menneske og system.

Anthony Martins i Fedrenettverket
Anthony Martins i Fedrenettverket er glad for støtta. Foto: Tom Edvindsen / NRK

Slik håpar dei å bidra til tryggare og meir stabile heimar for barn og unge – og eit varmare samfunn der alle fedrar kjenner at dei høyrer til.

Martins er glad for at det no kjem meir pengar til arbeidet med integrering.

– Dette er eit veldig fint beløp og ein ressurs til å kunne jobbe vidare, seier han.

Han er spesielt oppteken av at ein må satse på dei unge.

– Når ein begynner å integrere særleg ungdommane tidleg, er det ei veldig god investering. Poenget er å samle dei sosialt, at dei kan kommunisere og snakke saman, og få dei ut av einsemda, meiner Martins.

Vil ha meir fokus på sosial inkludering

Hildegunn Fandrem er professor i spesialpedagogikk ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Ho har blant anna forska på norskopplæring blant innvandrarar i grunnskulen.

Hildegrunn Fandrem i gangen ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.
Hildegunn Fandrum har eit UNESCO-professorat i mangfald, inkludering og utdanning. Foto: Tom Edvindsen / NRK

Fandrem meiner språkopplæring er vel og bra, men etterlyser eit breiare fokus frå politikarane.

– Vi har veldig fokus på norskopplæring i seg sjølv, og det å lære språk. Eg trur at det er meir å gå på når det gjeld å fokusere også på deltaking, på sosial inkludering. Det vil seie at ein også må sjå på korleis norskopplæringa er organisert. Det er ei anna viktig side av saka med å få dei integrert, seier professoren.