Politiet har gjennomført ei kriminalteknisk undersøking etter eksplosjonen på Foldnes i Øygarden tysdag ettermiddag.
– Den avdøde er frakta ut av leilegheita, seier politiadvokat Cathrine Schjelderup i Vest politidistrikt til NRK.
Det var ikkje mogeleg å ta seg inn i leilegheita, som er totalskadd.
Brannvesenet måtte derfor hente den avdøde ut ved hjelp av ein stor kran.
Det er førebels ingen som er sikta i saka, og den avdøde har status som antatt gjerningsperson.
Dei næraste pårørande er varsla.
– Politiet har ikkje mistanke om at andre personar er involverte i eksplosjonen. Den avdøde skal obduserast torsdag, seier Schjelderup.
To born heime då det eksploderte
Det var bebuarar til stades i alle dei fire bustadene i går.
Det var også to born heime i ei av leilegheita under eksplosjonen.
Ein ambulansearbeidar og ein bebuar vart skadd og vart køyrde til Haukeland universitetssjukehus.
Politiet vil ikkje sei noko om helsetilstanden til dei to skadde.
Politiet opplyser at dei i dag held fram med etterforskinga av saka, og undersøker fleire hypotesar.
– Målet er å finne ut kva som har skjedd og kvifor, samt kva som forårsaka eksplosjonen og den etterfølgande brannen, seier Schjelderup.
– Skremmande
Dagen etter brannen var det framleis svilukt i området, og det kom framleis røyk frå branntomta.
Personar som bur i området verkar prega.
Wenche Seim bur i same bygd som der eksplosjonen skjedde. Ho skulle eit ærend og høyrde lyden av eit ambulansehelikopter som for over taket deira.
– Så såg eg masse røyk, og eg tenkte «herregud, no igjen, brann sikkert i eit hus» for det kom så masse røyk, seier Seim.
Dei hadde brann i nabohuset i oktober i fjor.
– Det var eigentleg veldig traumatisk, så me fekk jo litt flashback.
Etter kvart blei det full fyr i huset, og på veg til ærendet sitt trefte Wenche full utrykking.
– Då skjønte eg at det var alvorleg. Me høyrde det var ein som var omkomen, og du kjenner det jo litt i magen. Det er skremmande eigentleg.
Vil unngå ryktespreiing
I kjølvatnet av eksplosjonen har det oppstått spekulasjonar og rykte om kva som kan ha skjedd.
Ordførar i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, ber innbyggjarane om å vere varsame med å vidareformidle ubekrefta opplysningar.
– Vi må ha tillit til at politiet gjer jobben sin, slik dei alltid gjer. Dei vil kome med informasjon etter kvart som det er verifisert, seier han.
Følger opp dei involverte
Politiet fekk melding om eksplosjonen klokka 13.30 tysdag.
Helsevesenet var på staden i samband med eit helseoppdrag då eksplosjonen skjedde.
Dei vart ifølge politiet ikkje utsette for truslar.
Politiet var då på veg for å assistere, fordi helse ikkje fekk kontakt med personen i leilegheita.
– Vi kan stadfeste at ein av våre ambulansearbeidarar blei innlagt på Haukeland, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander ved Haukeland universitetssjukehus.
Han seier at dei føl opp dei involverte, og andre råka medarbeidarar.
Politiet opplyser at dei framleis tar vitneavhøyr og har gjennomgang av digitale spor.
Dei har tidlegare mellom anna tatt beslag i ein bil i eit parkeringshus som var knytt til den sakna personen. Politiet var i dialog med bombegruppa i Oslo då dei tok seg inn i bilen.
Følger opp skular og barnehagar
Politiet er i kontakt med Øygarden kommune for å sikre oppfølging av innbyggarar som kan ha behov for dette.
– Blant anna er det fleire skular og barnehagar i området som kommunen no følger opp, skriv Lutro.
Politiet opplyser at dei også ønsker å få oversikt over personar som har observasjonar eller video eller bilete før eksplosjonen skjedde, eller i ei tidleg fase av brannen før brannmannskap kom til staden.