I ein kjellarleilegheit i Aurland bur Ilsabe Breuhaus saman med sonen Elias på sju år.
Dei trivst godt i leiligheita, men behovet for ein større plass å bu blir meir aktuelt for dei i takt med at sonen veks til.
I tre månader har ho difor prøvd å finne seg ein ny stad å bu. Ho er ikkje åleine.
På Finn og Hybel.no er det null annonsar for langtidsutleige, medan det på Airbnb ligg ute over 100 annonsar for korttidsutleige til turistar.
For å spare plass vel Ilsabe å sove i same seng som sonen.
– Det gjekk fint i starten då han var liten, men no merkar vi at det kan bli trangt, fortel ho og legg til:
– Han treng plass til å leike, og eg treng plass.
Utleigemarknaden tømt i norske kommunar
Korttidsutleige eksploderer i norske byer, men turistkommunane merker trykket aller mest.
Aurland ligg midt i verdsarvområdet på Vestlandet og tek årleg imot meir enn 1 million turistar.
Varaordførar Johannes Dalsbotten (H) i Aurland stadfestar at bustadmarknaden i kommunen er ekstremt anstrengt.
– Det skuldast ein kombinasjon av folketalsauke og ein utfordrande topografi som gjer det både dyrt og vanskeleg å byggje nytt på grunn av flomsonar, rasfare og strenge verneplanar, seier Dalsbotten.
I tillegg trenger turistbedriftene mange bustader til sesongarbeidarane sine, og de betaler godt.
Dei store kommersielle reiselivsaktørane i verdsarvfjorden reiser rundt og langtidsleigar vanlege einebustader og leilegheiter heile året.
– Det er mykje enklare for kommunane viss dei har eit klart lovverk å forhalde seg til. Vi kjem nok til å prøve å lage eit regelverk no når vi skal behandle arealplanen, og så får vi sjå kor langt vi tør å strekke strikken.
Aurland som nasjonalt eksempel
I mars kom regjeringa med ein rettleiar som skulle vere med på å løyse Airbnb-floka. I denne rettleiaren blir Aurland trekt fram som eit døme på korleis floka kan løysast.
Men situasjonen er framleis den same.
– Vi veit at tiltaka har gitt resultat, men samstundes er det ikkje dermed sagt at Aurland har løyst alle utfordringane i bustadmarknaden.
Det seier statssekretær Martin Østtveit-Moe i Kommunal- og distriktsdepartementet
Statssekretæren vedgår at det å føre tilsyn med ulovleg korttidsutleige er både tid- og ressurskrevjande for små kommunar.
– Regjeringa ser difor på løysingar der kommunane i framtida skal kunne krevje utleigedata om tal på døgn og leigeforhold direkte frå plattformer som Airbnb, og ikkje berre frå eigarane sjølve.
– Vent med å innføre forbod
Ferske tal frå Husleigarindeksen for andre kvartal 2026 viser at den gjennomsnittlege leigeprisen i Noreg no har nådd 14 101 kroner, som er ein auke på over 5 prosent på berre eitt år.
Samstundes viser ei nasjonal brukarundersøking at 63 prosent av norske leigetakarar synest det er vanskelegare å finne ein stad å bu, og nesten 30 prosent peikar på Airbnb som hovudårsaka.
Kjetil J. Olsen, dagleg leiar i Husleie.no fortel at utleigarar over heile landet går over frå langtidsleige til korttidsleige.
Olsen peikar på at mangel på overnattingskapasitet i distrikta tvingar fram denne utviklinga.
– Heile Noreg tiltrekkjer seg enorme mengder sommarturistar, men hotellkapasiteten er for dårleg. Når campingplassane er fulle, blir det skapt eit enormt behov for korttidsutleige, noko som gjer Airbnb ekstremt attraktivt, seier Olsen.
Han skildrar dagens situasjon som «den perfekte stormen». Høgare rente- og skattenivå har gjort tradisjonell langtidsutleige langt mindre lønsamt enn før, samstundes som Noreg opplever ein massiv turistboom.
Men der lokalpolitikarane i Aurland etterlyser strengare nasjonale sanksjonsverktøy, er Husleie.no-sjefen kritisk til å innføre forhasta forbod.
– Faren med å leggje for strenge avgrensingar på korttidsutleige, er at det kan slå motsett og uønskt veg. Dersom utleigarane ikkje lenger finn det lønsamt, risikerer vi at bustader blir trengde heilt ut av marknaden.
Vurderar å flytte
Ilsabe Breuhaus skryt over Aurland som ein fantastisk kommune for barnefamiliar, med ny barnehage, skule, sykkelbane og svømmebasseng.
– Det er eigentleg alt i Aurland kommune. Vi treng ikkje reise langt for å oppleve noko, men så manglar det ein stad å bu. Og det gjeld ikkje berre meg, seier ho.
Ho fortel om kjende i same situasjon som har vorte ståande utan hjelp frå kommunen.
Viss ikkje noko skjer med bustadmarknaden, er ho redd for at lokalsamfunnet vil miste sårt trengd arbeidskraft og unge familiar til nabokommunane.
For hennar eigen del er grensa snart nådd.
– Eg vurderer jo stadig vekk å flytte frå Aurland. Fordi det er berre eit spørsmål om tid kor lenge vi kan klare oss med lite plass.
–Dersom vi ikkje finn noko her, så må vi jo flytte, avsluttar Ilsabe.