– Det er omtrent umogleg å få leigd ein stad å bu om du ikkje kjenner nokon. Skal du kjøpe, slik vi ønsker, er situasjonen enda verre, seier Ingrid Hveding Sauvik.
Snart seks år har gått sidan ho og ektemannen vinka farvel til Arendal og sette kursen mot den vesle kommunen med snaue 1300 innbyggarar.
– Vi ville prøve noko nytt og komme oss vekk frå byen. Vi las at Fyresdal ønskte unge menneske som ville stifte familie, og vi ville teste ut det, seier 28-åringen.
Fleire arbeidarar enn fastbuande
På golvet fyk tre år gamle Leo rundt med ei sjørøvarskute, sterkt inspirert av eit ferskt besøk i Dyreparken i Kristiansand.
Gjennom kikkerten ville Kaptein Sabeltann kunne skimte støvskyene frå anleggsplassen litt lengre opp i dalen.
Her er det svenskeigde selskapet Egdeconnex i full gang med å bygge eit enormt datasenter.
Under byggeperioden som vil fortsette over fleire år, vil det ifølge selskapet vere behov for rundt 1500 arbeidarar.
Når prosjektet som omfattar seks datasenterbygningar står ferdig, skal meir enn 300 personar ha arbeidsplassen sin her. Det utløyser eit stort behov for fleire bustader.
Budde hos svigermor
For familien Sauvik starta jakta på eigen bustad for halvtanna år sidan.
– Da vi flytta hit ønskte vi først å leige for å sjå om det var her vi ville vere, men heller ikkje det var lett. Vi budde hos svigermor i nærare eitt år før vi fekk leigd ein bustad av ein kollega som skulle flytte, seier Ingrid.
No leiger den vesle familien eit anna hus. Også dette leigeforholdet er eit resultat av kontakt med kjente.
– Det verkar ikkje som veldig mange eksempelvis bruker Finn.no når dei skal selje eller leige ut bustader her. Vi har høyrt om både sal og utleige som har skjedd utanfor den opne marknaden, seier Dani Hveding Sauvik.
– Minne om Oslo og Tromsø
Bustadutfordringane har heller ikkje gått lokalpolitikarane hus forbi.
– Det er ikkje nokon tvil om at situasjonen i bustadmarknaden har endra seg kraftig etter at vedtaket om datasenteret blei gjort. Det minner litt om tilstandar vi ser i eksempelvis Oslo og Tromsø.
Det seier Børge Sandum som er styremedlem i SV sitt relativt nystarta lokallag i Fyresdal.
– Det har vore vanskeleg å få tak i bustader over lengre tid, men det har blitt ytterlegare forsterka etter at det blei kjent at vi skal få eit datasenter.
Éin bustad på Finn
Sandum er kjent med at kommunen jobbar for å oppføre nye bustader, men meiner dette arbeidet burde starta tidlegare.
5. august låg det berre éin bustad i Fyresdal ute for sal på Finn.no.
Det er ikkje buplikt i Fyresdal og SV-politikaren fryktar at bustadhaiar kjem svømmande mot bygda ved Fyresvatnet for å sikre seg bustader dei kan leige ut.
– Det er ingen tvil om at det kan oppstå ein slik situasjon. Eg forstår at folk vil tene pengar, men det må settast nokre grenser om vi skal tiltrekke oss fleire barnefamiliar, seier Sandum.
NRK har prøvd å innhente statistikk for prisutviklinga i bustadmarknaden i Fyresdal. Eiendom Norge og lokale meklarar viser til at omsetninga av bustader er så låg at kommunen ikkje er med på offisielle statistikkar.
Samtidig bekreftar fleire eigedomsmeklarar inntrykket til småbarnsfamilien av at bustader i Fyresdal skiftar eigarar utanfor den opne marknaden.
– Kunstig høge prisar
Elise Lauvrak (Ap) er varaordførar i Fyresdal der kommunestyret berre består av politikarar frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
Lauvrak erkjenner at det er for få bustader til sals og utleige, ikkje minst med tanke på den forventa auka busettinga.
– Prisane er kunstig høge no og særleg i utleigemarknaden er det veldig høgt. Vi ser at det er uheldig, men det kjem til å regulere seg over tid når det blir nok bustader.
Lauvrak meiner kommunen i størst mogleg grad må legge til rette for at folk skal kunne bygge nytt. Ho påpeikar at kommunen allereie har vedtatt å bygge rundt 40 nye bustader.
– Kanskje bør vi også subsidiere tomter eller andre ting for å stimulere til meir bygging. På kort sikt må vi også vurdere om vi kan sette opp mikrohus som spesielt unge menneske kan leige.
– Kan ikkje gripe inn
Samtidig understrekar Lauvrak at kommunen ikkje kan blande seg for mykje inn i bustadmarknaden.
– Vi vel ikkje kven som skal få leige hus. Vi har heller ikkje høve til å bestemme prisar i leigemarknaden eller kor mykje bustader kan seljast for.
Tilbake på kjøkkenet hos familien Sauvik har ikkje kvartetten gitt opp håpet om å kunne kjøpe seg sin eigen bustad.
– I verste fall må vi vurdere å flytte til ein annan kommune, men vi har jo tru på at det snart dukkar opp ein bustad som passar for oss og som vi har råd til å kjøpe, seier Dani.