en ambulanse står på tvers av skinnene rett framfor bybanen
Bybanen har køyrt inn i ein ambulanse. Foto: Maria Simonsen / Tipsar

– Ambulansen køyrde utrykking og brukte blålys. Den køyrde på raudt lys og kolliderte med bybanen, opplyser politiet.

Dei to som var i ambulansen skal ha kome frå hendinga utan skadar, men ein av passasjerane i bybanen kan ha fått seg ein smell i kneet.

Naudetatane rykte ut til staden der det blei trafikale utfordringar og kø.

Politiet opplyser at dei jobbar med å avklara kva som har skjedd. Dei avhøyrer dei involverte partane og vitne på staden.

Tommy Nybakk i Helse Bergen opplyser til NRK at det ikkje var nokon pasientar i ambulansen.

– Ambulansen var på utrykking og på veg til ei hending.

Det var BT som melde om ulukka først.

– Eit smell og eit trykk

Geirmund Wergeland blei vitne til situasjonen.

– Ambulansen kom med blålys og så klirra bybanen fælt. Då såg me opp, og då small det.

Han skildrar det som ganske kaotisk.

– Bybanen flytta ambulansen tre-fire meter, så det smalt godt, men ingen av dei hadde særleg høg fart.

Han og fleire andre sprang bort for å sjekka om det gjekk bra med dei involverte, noko dei fekk inntrykk av at det gjorde.

– Så tok det ekstremt kort tid så var det full oppsats med politi og brannbilar her.

Sigve Brix Dyrhovden var om bord i bybanen då kollisjonen skjedde.

Han fortel at det var billettkontroll og at han var i ferd med å finna fram billetten sin.

– Då var det ei ganske brå nedbremsing. Så kom det eit smell og eit trykk og då stoppa banen ganske fort, fortel han.

Han fortel at han har vore med på liknande nedbremsingar fleire gonger før, når folk har sprunge over vegen like framfor banen.

– Men no var det eit krasj på slutten, og me visste jo ikkje korleis det hadde gått.

ein mann med jakke og sekk står framfor ein brannbil og ein ambulanse
Sigve Brix Dyrhovden måtte venta i 20–30 minutt i bybanen før han og dei andre passasjerane blei følgde ut. Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Han skildrar stemninga bak i banen som roleg.

– Sjåføren informerte om at det hadde skjedd ei ulukke. Etter kvart rygga bybanen tilbake og nokon vektarar geleida oss ut, seier han.

Han skildrar opplevinga som litt sjokkerande.

– Ein blir jo uroleg når ein får det så tett på seg. Men eg tenkjer mest på dei som sat i ambulansen og sjåføren, korleis det går med dei.

Bybanen går som normalt igjen

Brannvesenet melde at dei bidreg med å med sikra skadestaden, bilen og bana.

en ambulanse på en bergensbil med skader i sida
Ambulansen har skadar i sida. Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

I retning mot Åsane var vegen ei stund stengd. Det var trafikale problem på staden.

– Bybanen har rygga vekk, så den ser ut til å kunna køyra sjølv. Den stod på skjenene og har ikkje spora av, seier Jostein Steinsland-Hauge i brannvesenet til NRK.

bybane med knust frontrute
Bybanen har skadar i front. Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Han seier at ambulansen måtte hentast av bilbergar.

Vegtrafikksentralen opplyser til NRK at både bybanen og ambulansen er fjerna frå staden.

Bybanen linje 1 mellom Byparken og Flesland går no som normalt, men det er forseinkingar etter tidlegare omkøyring, melder Skyss.

Politiet opprettar sak på hendinga, men ingen førarkort er inndregne.

ambulanse med skadar i sida står på berginsbil
Ambulansen blir henta av bergingsbil. Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Ambulansepersonell til legesjekk

Nybakk i Helse Bergen opplyser at dei ikkje kan uttala seg om årsaka til ulukka på noverande tidspunkt.

– Korleis går det med personane i ambulansen?

– Tilsynelatande går det bra med personellet. Dei er til legesjekk no.

Han viser til at dei har etablerte rutinar for å følgja opp slike hendingar.

– Det viktigaste for oss er å ta vare på personellet som var involvert. Utover dette vil me på eit seinare tidspunkt gå gjennom hendinga saman med relevante instansar.

Mann foran ambulanse
Tommy Nybakk i Helse Bergen. Foto: Helse Bergen