– Med stadig aukande ungdomskriminalitet og behov for fleire ressursar, kan vi ikkje akseptere ein situasjon der det ikkje er nok politi.
Det seier Kjetil Reinskou (H), byrådsleiar i Trondheim.
Saman med byrådsleiarane i Oslo og Bergen møter han justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen, for å krevje fleire ressursar til politiet i dei store byane.
– Vi ser at det er stadig behov for meir politi for å oppklare ting som skjer, og spesielt i dei store byane. Men dei ressursane kjem ikkje, seier han.
I april varsla dei tre Høgre-byrådsleiarane om kritisk politimangel og auka kriminalitet i dei store byane.
Og i dag møtte dei Aas-Hansen for å snakke om det dei kallar ein «heilt uakseptabel situasjon».
– Vi er nok framleis ueinige om ein del ting, men vi ser ganske likt på situasjonen, seier byrådsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg, etter møtet.
– Kapasiteten er ikkje stor nok og då blir ikkje arbeidet godt nok
Det partane er einige om er mellom anna at den sikkerheitspolitiske situasjonen er utfordrande.
– Vi opplever at vi har eit veldig dyktig politikorps og veldig mange dyktige tilsette i politiet. Men kapasiteten er ikkje stor nok og då blir ikkje arbeidet godt nok, seier Reinskou.
Byrådsleiarane krev difor at politiet må få fleire folk i dei store byane.
– Forsvaret har fått betydeleg meir ressursar. Det har ikkje politiet fått. Samtidig er vi i ein situasjon der mange av truslane vi står overfor, er det politiet som må oppdage og etterforske, seier byrådsleiar i Bergen, Christine Meyer.
I tillegg til ein skjerpa sikkerheitspolitisk situasjon, er trusselen frå kriminelle nettverk betydelege og vedvarande, viser Politiet si trusselvurdering for 2026.
– Vi er særleg bekymra for ungdommane våre. Og så er det sånn at vi er i ein spesiell sikkerheitspolitisk situasjon som krev veldig mykje ressursar av politiet, seier Solberg.
Og når ressursane i politiet går til å møte den sikkerheitspolitiske situasjonen, meiner byrådsleiarane det går utover viktig førebyggande arbeid.
– Derfor er vi avhengige av at vi opprettheld og styrkar politiressursane, slik at vi kan fortsette det viktige arbeidet for å overvinne barne- og ungdomskriminalitet.
Aas-Hansen: – Politiet har blitt prioritert over tid
Justis- og beredskapsminister, Astri Aas-Hansen, seier til NRK at det var eit godt møte med byrådsleiarane.
– Arbeidarpartiregjeringa har vore oppteken av at vi skal vere gode på førebygging, og der har kommunane levert godt. Vi ser at barne- og ungdomskriminaliteten går ned.
– Politiet har blitt prioritert over tid, men vi må få mest mogeleg ut av kvar krone. Eitt av grepa for meir politikraft er digitalisering, legg ho til.
Likevel meiner byrådsleiarane at barne- og ungdomskriminaliteten er på eit urovekkande høgt nivå.
– Men det er avgjerande at politiet har nok ressursar. Elles risikerer vi at trenden snur igjen, og at det positive vi ser no berre er eit blaff, seier byrådsleiaren i Oslo.
Ministeren seier ho er einig i at politiet står i ein utfordrande situasjon, både med den sikkerheitspolitiske situasjonen, kriminelle nettverk, samt barne- og ungdomskriminalitet.
– I storbyane har ein eit ekstra ansvar for å forhindre at kriminaliteten kan finne stad. Politiet er viktig der. Vi vil fortsette satsinga på politiet, seier Aas-Hansen.
Likevel er ikkje Høgre-byrådane fornøgde med regjeringa si satsing på politiet.
– Det er ein grei start der vi er einige om problembeskrivinga, men det er inga løysing som kjem ut av dagens møte. Derfor skal vi fortsette å halde kontakten, seier Reinskou.
Får ikke oppholde seg i byen når Rosenborg spiller kamp: – Svært belastende
– Politiet må prioritere tydelegare enn før
Politiinspektør i Trøndelag politidistrikt, Svenn Ingar Viken, seier politiet er nøydd til å prioritere hardare enn før.
– Vi står overfor et stort antal oppdrag og straffesaker. Prioriterte område er ungdomskriminalitet, seksuelle overgrep mot barn, vald i nære relasjonar og kriminelle nettverk.
Viken seier dette dessverre går utover til dømes kvardagskriminaliteten, som til dømes uro i enkelte miljø, vinningsforhold og tjuveri.
I tillegg gjer den sikkerheitspolitiske situasjonen at politiet må ta fleire saker på større alvor enn før.
– Når vi får meldingar om skadeverk eller tilsvarande får det litt ekstra merksemd, fordi vi ikkje kjenner til motivet og årsaka til skadeverket, seier Viken.
No må politiet finne ut om skadeverket er knytt til den sikkerheitspolitiske situasjonen, for å skape uro i Noreg eller utryggleik, fortel politiinspektøren.
– Og då bruker vi i dag meir ressursar, meir av bemanninga vi har for å avklare kva dette faktisk er.