Triatlet Casper Stornes sitter på en stol med armen i fatle.
Etter ein sykkelvelt fekk Casper Stornes både brot i kragebeinet og i ein muskel i ryggen. Foto: Privat / Casper Stornes

– Det einaste eg hugsar, er at eg plutseleg fall, og at eg låg på bakken etterpå, seier Casper Stornes til NRK.

Berre to dagar etter at han kom til Hawaii blei den regjerande verdsmeisteren tatt av eit kraftig vindkast på ei sykkeløkt.

Han brekte kragebeinet og fekk også eit brot i ryggen. Dermed rauk sesongens store mål: å forsvare gullet i Ironman-VM.

Rett bak han låg treningskameraten Gustav Iden.

– Sykkelen kjem over meg, og så landar han bak meg. Det er heilt sjukt at eg ikkje fell òg. Det var ganske ekstremt, seier Iden til NRK.

Iden, Stornes og Blummenfelt
Gustav Iden (til venstre), Casper Stornes og Kristian Blummenfelt etter å ha tatt ein historisk trippel i VM i fjor. Stornes tok gullet framfor Iden og Blummenfelt. Foto: Bartłomiej Zborowski/Activ’Images / ironman.com

Stornes hadde reist til Hawaii saman med Iden og Kristian Blummenfelt for å førebu seg til VM.

– Det gjekk berre tomt gjennom heile meg. Er det mogleg, liksom? seier Stornes.

– Då flyg han over styret

Trioen var ute på treningstur i VM-løypene, på veg mot vendepunktet Hawi. Blummenfelt låg først, Stornes som nummer to – med Iden på hjul.

Då kom det ein orkan inn mot øya, fortel Stornes.

– Akkurat der han fall var det ein busk som tok nesten heile vegskuldra, så han måtte svinge ut i vegen. Når han svingar ut, kjem det samtidig eit vindkast. Eg trur berre hjulet blir tverrstilt. Då stoppar det, han står bom stille, og då flyg han over styret, fortel Iden.

Triatlet Casper Stornes på sykehus etter den stygge velten på Hawaii.
Stornes på sjukehus på Hawaii. Foto: Privat / Casper Stornes

Stornes anslår at farten var mellom 45 og 50 kilometer i timen.

Iden låg på hjul for å spare krefter. I konkurranse må utøvarane halde større avstand.

– Eg var litt sliten den dagen, så då tenkte eg det var digg å berre ligge på hjul for å spare litt energi, forklarer han.

Plutseleg måtte Iden svinge unna. Han rakk ikkje å bremse.

– Eg skjønner ikkje korleis han klarte å komme frå det der, seier Stornes.

Triatlet Casper Stornes på sykehus etter den stygge velten på Hawaii.
Foto: Privat / Casper Stornes

Blummenfelt sykla framfor, så han såg ikkje sjølve fallet. Også han kjempa mot dei kraftige vindkasta.

– Nokre av dei gjorde at eg blei dytta to–tre meter ut i vegen, og eg gjorde det eg kunne for å halde sykkelen beint. Hadde eg hatt dårleg timing der med ein bil og sånt, så hadde jo det gått stygt for min del òg, svarer Blummenfelt.

– Var det trygt å sykle då?

– Det var kanskje i grenseland, og med resultatet vi fekk med ein som gjekk ned, så var det kanskje ikkje det.

Triatlonutøver smiler og krysser mållinjen i en konkurranse. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kristian Blummenfelt. Foto: MELINA PIZANO / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Trioen trenar saman året rundt. Sjølv anslår dei at dei ser kvarandre rundt 320 dagar i året.

– Eg fekk jo vondt av å sjå draumen hans bli knust i løpet av eit vindkast. Då han sat der på bakken, skjønte eg ganske fort at her ryk VM og draumen hans om å vinne, seier Blummenfelt.

Har begynt nedteljinga til VM neste år

Tysdag måtte Stornes under kniven heime i Bergen.

– Du ser no at beinet stikk opp ved muskelen mellom nakken og ytterskuldra, fortalde han dagen før.

Legane har gitt han beskjed om at han skal få same mobilitet og styrke i armen igjen.

– Dei var ikkje bekymra for at det skulle gå utover noko.

Røntenbilder av Casper Stornes kragebein etter en sykkelvelt.
Foto: Privat

Skuffelsen trefte han for alvor to dagar etter ulykka.

– Eg var i kjempegod form. Ein føler at all den tida som er lagd ned berre er forgjeves.

Familie og svigerfamilie skulle komme for å heie han fram. Turen måtte dei avbestille.

No er det rundt 1350 treningstimar til VM neste år. Stornes har full tru på at han vil kjempe seg tilbake på gammalt nivå.

– Det er faktisk 369 dagar til, det sjekka eg i dag, ler han.

I VM i fjor, som blei arrangert i Nice i Frankrike, tok treningskameratane like så greitt gull, sølv og bronse – Stornes kunne stige øvst på pallen, framfor Iden og Blummenfelt.

Dermed var heile trioen verdsmeistrar i konkurransen som ofte blir omtalt som den tøffaste uthaldsidretten i verda.

– Eg trur faktisk vi hadde hatt ein god sjanse til å gjere reint bord i år òg, seier Stornes.