Christian Gauseth har gitt styret i Kristiansund Ballklubb beskjed at han ønskjer slutte som dagleg leiar for klubben.
Det skriv han i eit innlegg på Instagram tysdag ettermiddag, berre seks månader etter at han kom til klubben.
Eliteserieklubben Kristiansund Ballklubb (KBK) sette i september i verk ei ekstern gransking i ei varslingssak mot Christian Gauseth.
Det er snakk om fleire varsel frå dei tilsette som skal gjelde Gauseth sin leiarstil.
Avisa Tidens Krav har følgt saka tett. Ifølgje dei var det ikkje snakk om éin enkelt episode, men fleire ting som har bygd seg opp over tid.
Det har førebels ikkje lykkast NRK å få ein kommentar frå Gauseth sjølv.
Skriv om krevjande tid
Gauseth skriv at den siste tida har vore veldig krevjande, både for han sjølv og for familien hans.
Meldinga skriv han mens han er på intensivavdelinga på sjukehuset med si nyfødde dotter.
«I denne situasjonen er det riktige for meg å bruke all energi på å ta vare på familien min. Det er uforeineleg med å stå i ei krevjande personalsak med mange sider», skriv Gauseth på Instagram.
I sitt førre innlegg delte Gauseth frå fødselen:
«Vi har igjen fått kjenne på frykta og usikkerheita når starten på livet blir meir dramatisk enn planlagt, med ambulansehelikopter til Ålesund og vidare behandling her.»
Gauseth kommenterer ikkje sjølve innhaldet i varsla, og ønsker å legge det bak seg. Han takkar for tida i laget og ønskjer KBK alt godt.
«Eg har hatt mange tankar og visjonar om korleis klubben kan utviklast vidare i samspel med lokalsamfunnet og regionen, og eg håpar andre løftar dette framover», skriv han i innlegget.
Saka er avslutta
Det er styreleiar Odd Einar Folland som svarer for klubben. Dei fekk den siste konklusjonen på granskinga i går, og ser på saka som avslutta.
– Vi fekk beskjed om fråtredinga i ettermiddag, og har valt å aksptere det. Særleg med tanke på situasjonen og at han vil bruke tid på familien, seier Folland.
Han vil ikkje kommentere innhaldet i granskingsrapporten. Han seier dei vil begynne med å informere om den internt i klubben, og vil bruke det til læring.
Kristiansund ligg for tida på nedrykksplass i Eliteserien, og må no hente inn ein ny dagleg leiar.
– Det er klart det gir oss ei utfordring med å rekruttere ein dagleg leiar. Det skulle vi gjerne ungått i den fasen vi er i no, med å sikre sport og økonomi.
Styreleiaren håper dei vil finne ei rask løysing, i alle fall mellombels.
– Vi har gode folk som styrer det sportslege i klubben. Vi forventar at vi no skal kjempe minst like mykje som vi bør for å sikre resultat.
Supporterklubben støttar leiaren
Dagleg leiar Arne Olsen i supporterklubben Uglan seier han støttar Gauseth 100 prosent i at han no tek seg av familien, som han skriv i innlegget. Olsen seier han ikkje kjenner detaljane i varslingsakene, og difor ikkje kan kommentere dei. På spørsmål om han er overraska over at Gauseth no går, svarar han slik:
– Ja, eigentleg, fordi Christian har stått i blæsten før, men samtidig er eg ikkje overraska fordi han må ta seg av familien sin, seier han.
Olsen seier til NRK at det viktigaste for supporterklubben er å halde fram som før.
– Vi støttar laget, uansett, seier han.