– Ein sterk prestasjon. Ein flott måte å starte sesongen på. La oss fortsette slik, oppsummerer Martin Ødegaard til TNT sports.
Han og Arsenal rysta Erling Braut Haaland og Manchester City då dei sikra siger i den engelske supercupen søndag.
Arsenal tok leiinga etter berre 23 sekund i Community Shield-kampen. I andre omgang sette Ødegaard inn det tredje målet for dei regjerande ligameistrane.
– Martin Ødegaard har rett og slett sett sylskarp ut og Arsenal har sett altfor gode ut for City så langt, sa Viaplay-ekspert Lars Tjærnås om Ødegaard.
Kapteinen hamna aleine mot Donnarumma og finta han ut før han sette ballen enkelt i mål.
Arsenal vann 3–0 og kunne ta med seg trofeet heim.
– Det var slik me ville ha det. Me ville starte her med det første trofeet og det gjorde me. Eg tenker forutan sigeren så spelte me fantastisk fotball, seier Ødegaard.
– Den aller, aller beste
Viaplay-eksperten meiner Ødegaard var banens beste spelar.
– Han har gjort absolutt alt riktig. Det er 22 veldig gode spelarar på banen, men sjølv utan norske briller så vil eg påstå at Martin Ødegaard har vore den aller, aller beste av dei, sa Tjærnås.
Førre sesong skåra Ødegaard sitt einaste mål i Premier League i heimekampen mot Brighton. Det var i desember i 2025.
– Eg vil alltid hjelpe laget så mykje som mogleg med mål, målgjevande pasningar og kombinasjonsspel. Eg vil også skåre fleire mål, dette var ein god måte å starte på, seier Ødegaard.
Tok leiinga etter 23 sekund
– Hjarteleg velkomen til ny sesong, helsing Arsenal, sa Tjærnås då Arsenal dunka inn det første målet.
Arsenal og City møttest i Community Shield fordi Arsenal vann Premier League og City vann FA-cupen sist sesong. Kampen er på mange måtar ein generalprøve før ligastarten neste helg.
Det tok berre 23 sekund. Rett etter avspark angreip «The Gunners», Riccardo Calafiori fekk ballen og sette han i det nærmaste hjørnet.
27 minutt seinare dobla Kai Havertz leiinga for Arsenal. Før Ødegaard sette inn 3–0 etter pause.
– Dei første seksti minutta synest eg det var klasseforskjell på laga før dei (Arsenal) la seg lågare og kontrollerte det inn, seier Tjærnås.
Tilbake frå ferie
Ein annan kjend nordmann som starta kampen, var Erling Braut Haaland. Han fekk berre éin sjanse før han blei bytt ut i det 54. minutt.
For City-spissen var søndagens kamp den første sidan Noregs VM-exit mot England i kvartfinalen i juli. Han returnerte til City sitt treningsfelt først i starten av denne veka.
Martin Ødegaard har spelt 77 minutt fordelt på to treningskampar i sesongoppkøyringa for Arsenal.
I Premier League-opninga skal Arsenal spele heimekamp mot nyopprykte Coventry, mens City tek imot Bournemouth.