Dei siste åra har cruisebåtar sleppt ut meir CO₂ i Noreg enn alle fly innanlands.
Det kjem heile 6,5 millionar dagsbesøk frå cruiseturistar – i over 4000 kaianløp – ti gonger så mykje som i 1980.
«Svartedauden» og «klimagassfabrikkar» er ord som er brukte om dei flytande hotella, medan gründarar kan fortelje om korleis dei meiner dei har blitt lurte av cruiseselskapa.
Og på same tid som Noreg subsidierer næringa – rasar debatten om me også her i landet skal innføre cruiseavgift.
Bør den kome i statsbudsjettet på onsdag?
– Alt forbruk om bord
For femten år sidan dreiv Håvard Utheim frå Averøy med guida turar for cruisebåtane. Det blei kortvarig.
– Eg tok dei med på gåturar med utsikt langs kysten, som ein liten topp me selde inn som «Ørnhammaren».
Firmaet hans «Gåsehud» fekk rundt 500 kroner per cruiseturist. Snart fann han ut at cruiseselskapa selde turane for det femdobbelte – 2500 kroner per person, hevdar han. Og ikkje berre det:
– På turane hadde selskapa med eigne folk, og det tredje året tok dei over turane sjølv – så dei fekk absolutt alle pengane, fortel han.
Reiselivsgründeren hevdar også at mange cruiseselskap krev pengar av suvenirsjapper for å føre turistane til dei.
– Båtane er rigga for at nesten alt forbruk skal skje om bord. Alle måltid og drikke, dei har med SUP-ar og syklar til leige. Nokre pyntar litt på det med nokre lokale innleigde, men særleg dei store båtane freistar å låse forbruket om bord, hevdar nordmøringen.
For to år sidan var Utheim i ekspertgruppa som leverte rapporten «Reiseliv 2030» til regjeringa.
Dei foreslo blant anna cruiseavgift på 100 kroner per passasjer per døgn.
– I Venezia får ikkje cruisebåtar lov å leggje til lenger. Dei store båtane tek jo heilt over ein by, seier Utheim.
Det gjeld ikkje berre i Venezia.
– Tek bilete
Den døsande småbyen Molde er brått blitt ein myldrande by. 4400 turistar strøymer ut av gigaskipet Preziosa – ein auke i folketalet på 15 prosent for rosenes by.
Bilane i Storgata står i kork, sidan ein kar står midt i bilvegen og tar bilete av ... blomekasser. På sjøpromenaden freistar eit italiensk ektepar å klappe ei stokkand.
Torget er stappa, men legg alle cruisefolka igjen euro?
Størst klimaavtrykk
NHO har vore usedvanleg kritisk til cruisenæringa.
– Vi må gjere noko med dei uakseptable utsleppa frå cruise, sa NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold allereie i 2019, og la til:
– Målet må vere å tiltrekke oss fleire turistar med lågt klimaavtrykk, som blir her lenge.
«Cruiseturistar legg igjen minst pengar og slepp ut mest CO₂» står det i ein stor rapport frå NHO.
Starten
Maga-cruise
Til Åndalsnes kom dei første cruiseskipa alt på 1880-talet. No har tindestaden fått gondol, og cruisetrafikken har meir enn dobla seg dei ti siste åra.
Fjellklatrar Stein P. Aasheim meiner at den type turisme var feil veg å gå for småbyen med attraksjonar som Trollstigen, Rampestreken og Romsdalseggen.
– Åndalsnes hadde den type turistar som alle prøvde å få tak i. Dei motsette av masseturistar, nemleg folk som var her i fleire dagar, la igjen masse pengar og belasta bumiljøet minst mogleg, seier Aasheim, som sjølv bur i kommunen.
Han bedyrar at hotell i byen sa nei til bussturselskap, sidan fotturistane la att mykje meir kroner. For å gå over Romsdalseggen måtte folk bruke minst to dagar.
– Båtane stenger for utsikta og ureinar lufta. Det er dette reiselivet som legg att minst kroner. Kvifor er det da så viktig å få det hit? Eg forstår det ikkje, ristar friluftsmannen oppgitt på hovudet.
– Det er kanskje lett for deg å seie som ikkje har butikk her?
– Ja, eg seier ikkje at cruisebåtane ikkje gir inntening, men samanlikna med andre turistar som no blir fortrengde – er innteninga minimal.
Fleire butikkar i sentrum er derimot positive til dei store skipa. Albin Bonafede i tindebutikken Piteraq trur dei måtte hatt mindre ope utan cruisebåtane:
– Dei er ein ganske stor del av kundebasen vår på sommaren. Kanskje me måtte vinterstengt butikken utan dei.
Denne dagen er det eit heilt spesielt cruise som er på besøk, nemleg ein gjeng Maga- og Trump-entusiastar frå USA som har lagt til i kommunen med høgst SV-oppslutning i Noreg.
Og dei velståande amerikanarane vil ikkje ha på seg at dei snur på krona:
Fjordane
Sjølv om cruisenæringa slepper ut mykje, legg ho også att pengar her og der.
Nordfjordeid har gått frå 0 til 200.000 cruisegjestar dei siste sju åra, og turistar strøymer inn døra på vikingsenteret Sagastad.
Dagleg leiar Synnøve Aabrekk fortel at av 60.000 årlege besøkjande på Sagastad kjem kring 50.000 frå cruisebåtar.
– Utan at me hadde bygd cruisebåtkai her, hadde dette flotte senteret aldri blitt noko av, seier ho.
Med utgifter på rundt 120 millionar kroner til cruisekai og vikingsenteret, fekk dei i fjor inn rundt 10 millionar frå cruisefolket – og eit driftsresultat på rundt 2 millionar kroner.
Eit par timar lengre vest, i Florø, er sentrum full av tyskarar som virrar rundt i Strandgata. Ein tar bilete av ei raud postkasse, medan fleire slår i hel tid i regnet på turistinformasjonen.
– I dag skal me spasere litt, før ei utflukt med buss, før me reiser vidare, seier Holger frå Frankfurt.
Tidlegare Firda-journalist Knut Magnussen er skeptisk til kva cruisefolket legg att av kroner.
– Me kan ikkje leve av å bli tatt bilete av, seier han.
Frå Kunstsiloen i Kristiansand ser oljefondssjef Nicolai Tangen rett ned på eit cruiseskip som har lagt til kai. Han humrar litt av synet av eit par som har kledd seg ut i setesdalsbunad på kaia – nettopp for å bli tatt bilete av.
Sjølv om Tangen kan ein del om økonomi, skal han ikkje uttale seg i denne saka. Men museet hans får ikkje mange besøkande frå cruiseskipa denne dagen (heller).
Skattefritak
Samfunnsøkonom Øystein Sjølie har jobba i Finansdepartementet og er no rådgivar i Frp. Han har skrive at det viktigaste klimatiltaket er å kutte subsidiar til bruk av fossil energi.
I fjor skreiv Sjølie kritisk i Dag og Tid om subsidiane cruisebåtane får frå Noreg, og konkluderte med at «cruisenæringa er lite lønsam utan subsidiar»:
«SKATTEFRITAKA er mange. Norske reiarlag betaler knapt skatt på overskota sine. Om bord kan passasjerane drikke alkohol utan avgifter. (...) Og skipa betaler sjølvsagt ikkje skatt på utslepp av CO₂ og anna forureining. Likevel får reiarlaga tilgang på offentlege tenester. Statlege Enova har saman med norske hamner sponsa anlegg for at cruiseskipa skal få nytte straum frå land når dei ligg til kai.»
Økonom Sjølie peikar også på at dei tilsette betalar lite skatt til Noreg, heller ikkje dei som er busette her, men at desse likevel tener opp fulle rettar i Folketrygda.
Eit forslag frå regjeringa om norsk løn i norsk farvatn møtte motstand:
«Det vil i så fall radere ut store deler av landet, og da særleg Nord-Norge, frå cruisekartet», sa Arthur Kordt i European Cruise Services til Dagens Næringsliv i fjor.
Cruisebåtane er også avhengige av norske helsetenester og politi, eller for å sikre tryggleik, som då «Viking Sky» nær gjekk på grunn ved Hustadvika i 2019.
Islandsk avgift
Det var utfordringar i gamle dagar også.
Historikar Anders Kvernberg fortel om ein britisk adeleg som var i Molde seks somrar på rad for å sjå panoramaet med 222 fjelltoppar – men skyene låg lågt kvar einaste sommar.
– Til slutt gav han opp, og fekk aldri sjå det, seier historikaren, som og fortel om overturisme.
Ein noregsferie hadde keisar Wilhelm II med seg 23 digre krigsskip på øving.
Da gjekk til saman 6000 tyskarar i land i Molde – som på den tida hadde 2000 innbyggjarar. Ei firedobling av innbyggjartalet (!).
– Den største forskjellen på cruiseturismen før og no, er nok at turistane da la igjen store summar, særleg til mat frå bønder, seier Anders Kvernberg.
Han fortel om nyleg utfordringar på Island.
– Det blei ei greie blant islendingane på nettet å drite ut turistar som drit i hagane.
I 2024 innførte Island ei cruiseavgift på rundt 190 kroner per turist per døgn, noko som blei redusert til 120 etter lokal motstand.
Det har ført til ein moderat nedgang frå 1209 til 1163 cruiseanløp i fjor.
Avgifta på Island er ganske lik forslaget i Noreg.
«Klimagassfabrikkar»
Frå 2019 til 2024 gjekk alle utsleppskjeldene til reiselivet ned, unntatt éin, melder NHO.
– Utsleppa frå cruiseskip har auka, seier Ole Michael Bjørndal i NHO Reiseliv.
Dei meiner at ei cruiseavgift er bra.
– Det vil vere med på å breie ut spleiselaget for kven som betalar i Noreg. Cruise har jo ein heilt anna type skattlegging enn landbasert reiseliv.
Ei avgift på 100 kroner vil gi nærmare 60–70 millionar til dei største cruisedestinasjonane, ifølge NHO.
– Meir enn nok middel for å handtere press dei skulle ha i kommunane, seier Bjørndal.
Eit anlegg for landstraum kostar 60–150 millionar kroner. Det minkar utsleppa med ein femdel (eit cruiseskip har 20 prosent av utsleppa i «hotellmodus» ved kai).
Ein NHO-rapport viser at cruisefolket i snitt legg att 650 kroner per døgn, og 247 gram CO₂ for kvar krone brukt i Noreg.
Til samanlikning viste rapporten at ein sveitsisk bilturist i snitt sleppte ut 8 gram CO₂ for kvar krone.
Ulike rapportar fortel at cruiseturistar grovt sett brukar ein tredel til ein femtedel av pengane vanlege turistar brukar i Noreg. Medan dei slepp ut 4 til 6 gonger så mykje.
Altså eit klimaavtrykk som er 10–30 gonger så høgt per krone.
Urinering
I Ålesund er det kompakte sentrum denne maidagen fylt med 13.000 (!) cruiseturistar. Det myldrar i kø opp til det gratis utkikkspunktet Aksla. Det er sett opp festivaldoar i parken der trappa startar.
I vesle Skjolden har campingeigarar vore oppgitt over invasjonar på doane, og urinering på hushjørne.
I Oslo prøvde eit lokalt selskap i år å selje bollar til cruiseturistane, men gav fort opp: Dei fleste fortalde at dei var mette frå båten.
Og i Stavanger har det i år vore demonstrasjonar mot cruise-gigantane – i ein by der fleire har slite med turistar som går inn i deira vanlege bustadhus for å kikke.
Cruiseorganisasjonen
Hans Chen Braas er direktør for Norden i den internasjonale cruiseorganisasjonen CLIA. Han fortel at Noreg er på topp tre innan cruise i Europa, og forstår ønsket om ei cruiseavgift.
Men dei meiner ei cruiseavgift bør vere lågare enn 100 kroner.
– Også eit fleirtal av kommunane som mottar cruiseturistar meiner det er for høgt, og har uttrykt bekymring for eit meir oppsplitta reiselandskap i Noreg og svekka konkurranseevne, hevdar han.
– Men mellom 2019–2024 gjekk alle utsleppskjeldene til reiselivet ned, unntatt frå cruiseskipa. Kva skal til for å få ned klimaavtrykket frå cruiseturistane?
– Reiarlaga som opererer i Noreg jobbar aktivt for å nå netto nullutslepp innan 2050, seier Braas.
Han bedyrar at drivstoffbruken og utsleppa frå skipa har gått ned med nærmare 20 prosent i snitt. Samtidig får fleire og fleire skip teknologi til å kople seg på landstraum.
Men auken i anløp har ført til ei tredobling i cruise-utslepp dei siste ti åra.
– Det er umogleg å drive store cruiseskip på ein berekraftig måte. Vi bør derfor seie nei takk. Dette er flytande klimagassfabrikkar, meiner Truls Gulowsen, avgåande leiar for Naturvernforbundet.
Cruise-direktør Braas seier at næringa årleg bidrar med om lag 17 milliardar kroner i samla verdiskaping i Noreg.
Til samanlikning skapte det samla reiselivet i Noreg verdiar for 122 milliardar kroner i 2024.
11 kroner
Det er éin ting som går att når NRK spør turistar rundt i Noreg om kva dei kan tenke seg å bruke pengar på:
Suvenirar eller klesplagg med norske stadnamn.
Det blir til dels støtta av ei undersøking eit engelsk konsulentfirma for nokre år sidan gjorde i Oslo.
I tillegg kjem nokre hundrelappar brukt på utflukter. Mest overraskande er kanskje dei magre 11 kronene til museum, men så er no både Frognerparken og Operataket gratis.
Ei cruiseavgift på 100 kroner ville altså legge til ein god del på reknestykket. Men om det kjem i statsbudsjettet no, det tvilar politiske ekspertar på.