Det blei grei skuring for Brann då dei møtte Aalesund i cupfinalen på Ullevaal stadion søndag.

– Det var aldri noko tvil, men Aalesund gav eit godt forsøk, seier NRKs ekspert Carl-Erik Torp.

Det er Branns første cuptittel sidan 2022. Aalesund har aldri vore i finalen før.

Bergenslaget hadde ikkje tapt ein einaste kamp i cupen eller i Toppserien i år, og var favorittar før søndagens kamp.

– Brann er og skal vere eit betre lag, sa Torp då laget sikra 3-1.

Men Aalesund, som ligg på andreplass bak Brann i serien, starta sterkt og tok tidleg leiinga. Toppskårar i Toppserien, Katarina Dybvik Sunde, fekk ein presis pasning frå Laura Gashi og skalla inn ballen etter berre seks minutt.

Oslo 20260906. Jubel etter skåring av Aalesund-spiller Katarina Dybvik Sunde under NM-finalen i fotball for kvinner mellom Brann – Aalesund på Ullevaal stadion i Oslo søndag. Foto: Terje Bendiksby / NTB
1-0: Toppskårar sende Aalesund i leiinga. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Skotte storspelte

Men så skulle det snu. Og ein skotte bidrog til det.

Lauren Davidson gjekk heilt aleine gjennom Aalesund-forsvaret og sette inn 1-1 i det 14. minuttet. Kort tid etter slo ho den målgjevande pasninga til Amalie Eikeland, som sende Brann i leiinga 2-1.

Davidson var òg delaktig i 3-1-scoringa då ho blei felt inne i 16-meteren og skaffa straffespark. Brenna Lovera var trygg frå straffemerket.

– Eg er fornøgd. Eg er alltid fornøgd når eg bidrar til laget med mål og målgjevande. Eg føler laget mitt gjer det enkelt for meg, seier Davidson til NRK.

Davidson kunne endeleg ta med seg pokalen heim til Bergen.

– Det er min første. Eg har vore i klubben i to år, så det er fint å endeleg vinne cupen, legg ho til.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Det er sjølvsagt tøft. Du har kjempa hardt for det og så er det rett veg mållinja. Det var kjipt, men sånn er fotballen, seier målskårar for Aalesund, Sunde.

Ueinig i straffe

Eksperten var usikker på straffesituasjonen.

– Det er «soft». Det er ikkje ein takling i foten, men litt skulder. Likevel er det ikkje nok til at VAR bør gripe inn, meiner eg, sa Torp.

– Eg synest den ser litt «light» ut, men eg har ikkje sett han på nytt i etterkant. Men det var førsteinntrykk, seier trenaren til Aalesund, Martin Lindmark, til NRK.

Dommaren peika likevel på straffemerket.

Spillere og støtteapparat fra SK Brann kvinner jubler foran supportere etter fotballkamp. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
NOREGSMEISTRAR: Brann blei noregsmeistrar etter å ha slått Aalesund. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Litt seinare reagerte Torp på nytt på ein situasjon i feltet.

Brann-spelaren Zomers skaut mot mål, men ballen gjekk via ein motspelar og ut over dødlinja. Brann-spelarane ropa på straffe, men fekk korkje straffe eller hjørnespark.

– Merkeleg handtering av dommaren og VAR, sa Torp, og la til:

– Dette er meir straffe enn situasjonen me fekk straffe på.