En mann i svart jakke står og blir intervjuet av en journalist med mikrofon. Bakgrunnen viser en gruppe mennesker i utydelige former, som deltar i en sportsrelatert aktivitet. Intervjusituasjonen skjer i et lukket miljø, muligens en arena eller et studio. Mannen ser alvorlig ut mens han lytter til spørsmålene som stilles.
SKUFFELSE: Kristiansunds kaptein Dan Peter Ulvestad måtte sjå VM-finalen frå Bergen i staden for New York. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Dette var ikkje eit krus på tombola eller ein genser. Denne moglegheita kjem eg aldri til å få igjen, seier han.

NRK snakkar med Dan Peter Ulvestad som nettopp har landa i Bergen. Å beskrive ham som knust, er ei underdriving.

For om ting hadde gått etter planen, hadde Kristiansunds midtstoppar og kaptein sete i VIP-losjen på New York stadion under finalen i fotball-VM.

Stadion med store flagg fra Spania og Argentina på gressmatta før VM-finale. Illustrasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
STORSLÅTT: Utsikta frå finalearenaen i New Jersey. Foto: JON DURR / REUTERS,NTB

Men slik blei det ikkje.

– Eg kunne faka ein skade, tatt eit ekstra gult kort. Eg var sjuk for berre eit par veker sidan. Eg kunne ha køyrt ekstra hardt på da. Men eg hadde det ikkje i meg.

– Det har blitt nokon sånne tankar nå?

– Det kan eg love deg.

Lokalavisa Tidens Krav melde om nedturen først. Sunnmørsposten har også skrevet om saka.

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar i Kristiansund Christian Gauseth. Les svaret hans på kritikken lenger ned i saka.

Ni timar i bil

Gjennom ein konkurranse i regi av ei daglegvarekjede og eit brusmerke vann 37-åringen i vår ein pakke som inkluderte VIP-billettar til finalen, flybillettar og hotellopphald i tre dagar i New York. Det heile har ein verdi på rundt 450.000 kroner.

Det einaste problemet:

Kristiansund spelte heimekamp i Eliteserien laurdag klokka 16:00. Kampstarten av finalen på den amerikanske austkysten var 21:00 søndag (norsk tid).

Og klubben var tydelege på at dei ikkje ønskte at kapteinen skulle dra.

Fotballspillere på banen under en kamp. En spiller i blå drakt står foran tribunen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
I AKSJON: Dan Peter Ulvestad spelte heile kampen og heldt nullen mot Sarpsborg 08. Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ulvestad spelte heile kampen mot Sarpsborg 08. Den enda 0–0.

Men KBK-kapteinen fann eit fly frå Bergen som ville gjere – dersom alt gjekk vegen – at han rakk kampen med nokre få timar.

Etter at kampen på Nordmøre stadion var ferdig laurdag kveld, køyrde han dei ni timane i bil til Flesland lufthamn.

Der tok eit fly han vidare til Schiphol i Amsterdam.

Men flyet derfrå til New York blei forseinka med fleire timar.

Tøffe samtalar med klubben

Så mange timar at flyet til Ulvestad hadde landet berre 20 minutt før kampstart.

Da fann han ut at det ikkje var formålstenleg å boarde.

– Då eg tok avgjerda sokk eg berre saman med hovudet mellom beina. Der låg eg lenge. Samtidig tikka meldingane inn med «unner deg dette» og «god tur». Gode meldingar blei berre vonde. Det var heilt jævlig.

Pappa Rune, som hadde dratt tidlegare, måtte dermed vere til stades på finalen aleine.

– Eg hadde mange tankar om klubben før eg drog, og har enda fleire nå. Eg skal vere varsam med å dele dei. Vi er ikkje einige.

Han fortset:

– Eg er framleis glad i lagkameratane og dei rundt. Men klubben og eg har litt vi må løyse. Og eg veit ikkje korleis vi skal løyse det.

– Kva er dine tankar om Christian Gauseth (dagleg leiar) akkurat nå?

– Dei får du ikkje.

Portrett av fotballtrener Amund Skiri i en blå KBK-vest på en fotballbane. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SJEF: Kristiansunds daglege leiar Christian Gauseth er tydeleg på at Dan Peter Ulvestads nærvær mot Sarpsborg 08 var viktig. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Ulvestad har vore i Kristiansund sidan 2012 og har spelt over 350 kampar for klubben. Det er flest gjennom tidene.

– No er eg heilt tom, seier han.

– Ikkje sportsleg forsvarleg

Når dagleg leiar Christian Gauseth blir presentert for kritikken, avviser han at klubben stod i vegen for kapteinens tur.

– Vi har lagt til rette for at han skulle dra. I fellesskap med Dan Peter kom vi fram til følgande: Klubben gav fri både i går (søndag), i dag (måndag) og i morgon (tysdag), seier den daglege leiaren og utdjupar:

– På den premien hadde han opphavleg reist på fredag, men når vi speler eliteseriekamp på laurdag, må den kampen spelast. Les også Brøt ut slåsskamp etter VM-finalen - Fifa skal etterforske saken

Gauseth understrekar at han forstår skuffelsen til kapteinen.

– Vi forstår at Peter hadde eit stort ønske om å oppleve finalen i VM. Alle som er glad i fotball skjønner at det er stor stas å vere med på. Det var derfor vi strekte oss så langt som vi kunne.

Samtidig peikar han på det sportslege ansvaret til klubben.

– Kvart poeng og kvar situasjon kan bli veldig avgjerande i år, og at vi skal då seie frå oss hærføraren vår i teljande kampar, det hadde ikkje vore sportsleg forsvarleg. Eg er veldig klar på at vi har gjort det rette i kampen mot Sarpsborg, og vore fleksible og løysingsorientert for det som kom etter, avsluttar Gauseth.