Nokre minutt før han skulle kjempe om den gjævaste tittelen på Landsskyttarstemnet, låg Daniel Nisja Sørli i fosterstilling.
Med ein brekt rygg måtte 35-åringen finne ein måte å hente seg inn på før finalen.
– Ja, det er ei fin stilling, slappe godt av då, sa Sørli med eit smil etter han tok sigeren.
Det var langt frå sikkert at kroppen skulle halde. Men då han la seg ned for å skyte på Kongelaget, viste Sørli nok ein gong kvifor han er ein av dei beste skyttarane i landet.
Han skaut seg til sin tredje tittel som skyttarkonge.
Ein kamp mot smertene
Bak prestasjonen låg det ein tøff kamp mot smertene. Sørli fortel at han måtte jobbe hardt mentalt for å klare å levere då det gjaldt som mest.
– Det var intenst. Det har vore ein utruleg dag frå i går til i dag, så eg måtte jobbe veldig hardt med meg sjølv, seier Sørli.
35-åringen meiner mykje av styrken til å stå i krevjande situasjonar kjem frå bestefaren.
– Eg har lært av bestefaren min at ein berre må stå i det, tørre å gjere det du kan og vere trygg på seg sjølv. Han har hatt mykje vondt og vanskeleg i livet sitt med mykje smerter og sånt, så eg trur eg har arva nokre genar derifrå.
NRKs skyttarekspert Ola Lunde meiner Sørli sin prestasjon er noko heilt spesielt.
– Det er heilt utruleg å sjå på korleis han løyser dette. Fantastisk, sa Lunde.
Kristi Haug Transet sikra seg den gjeve tittelen som skyttarprinsesse under årets Landsskyttarstemne.
Sørli vart skyttarkonge i 2016 og 2023. I tillegg vart han skyttarprins i 2017.
Imponerande kvalifisering
– Eg trur ikkje det vart det store. Det vart for mykje puls, sa Sørli til NRKs reporter etter kvalifiseringa tysdag.
Men då han fekk sjå poengsummen sin, fekk pipa ein annan lyd.
– Jaaaaa, helvete! Jaaaa!
Sørli skaut 249 av 250 under kvalifiseringa og gjorde seg fortent til skive éin på Kongelaget.
– Herregud. No får vi snakkast seinare. Eg har ikkje noko meir å seie. Eg er nøydd til å komme meg til bilen før adrenalinet går ut.
Sørli bomma berre på den inste blinken med eitt av tjuefem skot, og var berre nokre få millimeter frå å få full pott. Men det kunne han ikkje brydd seg mindre om.
– Det gir eg fader i. Eg har brekt rygg, og så skyt eg så bra som det her.
– Det er mykje vilje
Adrenalin er nok kjærkomme for mannen som skyt for Sunndal Skytterlag. Han har nemleg store smerter i ryggen.
– Eg har eit brot i ryggen, det er ei skive som har sklidd og som klemmer på nervar heile tida. Eg har veldig vondt.
Sjølv om Sørli sjølv seier han ikkje kjenner så mykje smerte under konkurranse, kunne NRKs reporter sjå at han laga grimasar då han skaut.
– Eg må kjempe med alt eg har, så eg gjorde alt eg kunne, fortel Sørli som var ordknapp då han møtte NRK på veg heim.
– Å prestere det du gjorde i dag med det du går og kjenner på, korleis er det?
– Eg veit ikkje, kva skal eg seie, eg prøver berre å gjere så godt eg kan. Eg har ikkje noko meir å seie enn det.
Sjølv om orda var få, var det ikkje vanskeleg å sjå kor mykje prestasjonen betydde for familiefaren.
– Det er mykje vilje. Det er full adrenalin, heilt klikk for å seie det slik. Det er gøy.
Ventar på operasjon
Sjølv veit han ikkje akkurat når det gjekk gale i ryggen. Men han veit at om kort tid vil det truleg bli bra att.
– Eg skal operere om ein månad, så då håpar eg det slepper, seier Sørli.
Operasjonen skjer på St. Olavs hospital, og legane er ved godt mot.
– Dei trur det kan bli betre ja. Eg har hatt vondt i eit par år, så eg håpar det kan bli bra etter operasjonen.