– Vi må parkere bussen! Kan vi i det minste håpe på eit heiderleg 0-1 tap?
– Kan vi tilsette Drillo? Få med Nils Johan Semb?
Frykta er til å ta og kjenne på blant panelet i den danske podkasten B.T Fodbold når journalist, historikar og ikkje minst fotballentusiast Adam Holm gjer danskane merksame på at Noreg ventar i Nasjonsligaen til hausten.
Dei raud-kvite kjem først på besøk til Ullevaal 24. september, før det er Ståle Solbakkens menn sin tur til å gjeste Parken i København 17. november.
– Heile tribunen kjem til å sitte og ro når dei leier 0–4 over oss i Parken i november, lyder det frå Thomas Loft i ein av Danmarks største sportspodkastar, Fodboldlisten.
Kampen i september blir det første møtet på tretten år der Noreg er rangert høgare enn Danmark på Fifa-rankinga. Noregs VM-suksess har nemleg løfta Erling Braut Haaland & Co. til ein nittandeplass – to plassar over Danmark.
– Det som faktisk gjer mest vondt, er at om ein ser på det danske landslaget i nyare tid, har dei nesten klart seg best med ein nordmann som landslagstrenar (red: Åge Hareide), seier Holm og fortset:
– Så eg synest på ein måte det berre blir gnidd så veldig i fjeset på oss!
Vil heller ha fotballen enn Grønland
Holm har norsk kone, og seier han likar Noreg, men det gjer det ikkje lettare å innsjå at «Danish Dynamite» er i ferd med å miste stempelet som storebror til Noreg.
«Det er ikkje mindre enn uuthaldeleg at Noreg nå også kan spele fotball», skreiv Holm i ein kommentar i Aftenposten i juni.
Det er faktisk så vondt for han at han heller ser at Danmark ofrar Grønland enn å miste overtaket på grasmatta.
– For å halde fast i fotballdominansen over Noreg, ville eg gjerne ofra den store øya i ishavet, seier Holm.
Holm trekker historiske linjer for å forklare kvifor det er vanskeleg for danskane å akseptere at Noreg er betre i fotball.
– Danmark regjerte over Noreg, så eg trur det er installert ei førestilling i oss om at vi, sjølv om vi er eit mykje mindre land geografisk, økonomisk fattigare og dei sjølvsagt kan stå på ski og alt anna vi ikkje kan, så er det vesle vi har igjen at vi er betre i fotball enn dei er.
– Er ikkje redde
– Det er jo vanskeleg for ein danske å finne sinnssjukt mange argument for at vi framleis er betre enn Noreg.
Det seier Kenneth Møller Pedersen, som er fotballekspert i DR. Han seier danskane berre må finne seg i at styrkeforholdet mellom laga har endra seg, og ser på Noreg som klare favorittar mot Danmark.
– Etter at vi ikkje kvalifiserte oss til VM, har vi fått eit anna forhold til kva som er dei danske styrkane og svakheitene – sistnemnde er det ganske mange å få auge på, seier Pedersen.
Likevel vil fotballeksperten ikkje seie at det er nokon grunn til å grue seg til kampen i september.
– Vi er ikkje redde. Vi gleder oss. Vi treng ein kamp som er viktig utan å vere altavgjerande, men som samtidig gir oss ein realitetssjekk på kor Danmark står akkurat nå.
– Men vil det likevel gjere vondt om de taper?
– Det gjer vondt berre å seie det.
Førre gong laga møttest, var i ein privatlandskamp i Danmark i juni 2024. Da var danskane best, og vann til slutt 3-1 over Ståle Solbakkens mannskap.