Eit titals skuleelevar på Sunnmøre kasta seg rundt for å vere med å demonstrere utanfor Stortinget fredag. Dei vil vise si støtte til kyrkjeasylant Suel Kassembo, som no må forlate landet.
– Han er jo ein av oss i Herøy. Han er like norsk som vi som alltid har budd her.
Dei seier Emilie Hide, som går i 10. klasse på Herøy ungdomsskule.
Ho bestilte seg like godt ein flybillett då læraren gav grønt lys til å bli med på demonstrasjonen. Andre elevar reiste i timevis med nattbuss.
– Eg tenkjer dette er mykje viktigare enn ein dag med skule.
For skuleelev Luna Marie Aurvåg var det viktig å vise støtte. Ho meiner Kassembø høyrer til på Sunnmøre.
– Eg tenkjer vi må ha rettferd for Suel. Han høyrer ikkje til i Burundi, har høyrer til i Herøy, det er det som er heimen hans.
Sendt ut av landet
Onsdag denne veka blei Suel Kassembo, som dei siste åra har vore landets einaste kyrkjeasylant, henta i Herøy kyrkje av politiet si utlendingseining.
Han blei sendt til utlendingsinternatet på Trandum utanfor Oslo, og skal etter planen bli sendt ut av landet.
Viss du er nysgjerrig på bakgrunnen for saka, kan du lese om dette her:
Kaja Runde i støttegruppa «Rettferd for Suel» håper demonstrasjonen kan føre til at Kassembo får bli i landet.
– Eg håpar at politikarane vil sjå engasjementet til folk og forstå at dei er nøydde til å gjere noko.
Ho meiner at styresmaktene har tatt feil i å skulle sende han ut.
– Dei (Stortinget, red.anm.) er nøydde til å gje han amnesti. For rettsstaten Noreg kan ikkje gå god for dette. Det går ikkje an å miste all trua på systemet vårt, det er ingen tent med.
Utanfor Stortinget er det fleire personar som har samla seg fredag. Demonstrasjonen var planlagt på førehand, og fleire personar har halde tale.
Nye reglar
Ingeborg Midttømme er biskop i Møre bispedømme. Ho seier dette er første gong ein kyrkjeasylant blir sendt ut av landet etter at regjeringa kom med nye reglar i 2023.
– Vi har vore budd på dette, i og med at regjeringa valde å endre regelverket. Men Suel var den einaste kyrkjeasylanten i heile landet, så eg tenkjer det hadde vore mogleg å komme fram til ein dialog i staden for å komme til kyrkja og hente han.
Borgar av Burundi
Kor vegen ber vidare for Suel Kassembo, er førebels ikkje bekrefta.
Ifølgje sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, som var til stades då politiet henta Kassembo tidlegare denne veka, hadde betjentane opplyst at Kassembo skulle bli sendt til Burundi.
I grunngjevinga for pågripinga skriv Politiets utlendingseining at han er «borgar av Burundi». Dette er første gongen styresmaktene slår fast at Kassembo kjem derifrå, då dei tidlegare har hevda at han kjem frå Tanzania.
Politiet si utlendingseining ville verken bekrefte eller avkrefte overfor NRK kor Kassembo no blir sendt.
Via kommunikasjonseininga har seksjonsleiar for ID-avklaring Håvard Johnsen Bekk svart skriftleg på spørsmål frå NRK.
Skuleelev Luna Marie Aurvåg er tydeleg på kor ho meiner Kassembo bør opphalde seg framover.
– Herøy engasjerer seg i denne saka. Suel høyrer til i Herøy, han høyrer ikkje til i Burundi, seier ho.