– Det var ingen andre som kunne ta på seg den oppgåva. Difor gjorde eg meg ingen refleksjonar rundt det, det var berre å brette opp ermene og setje i gang, har prinsesse Astrid sagt.
Ho var 22 år og følte seg som «ein grønskolling», som ho sjølv har sagt. Ung og utan opplæring.
For jenter kunne ikkje arve trona då ho vaks opp, og ho sto utan trening til nokon stor offentleg rolle.
Men då mor kronprinsesse Märtha døydde berre 53 år gammal i 1954, blei prinsesse Astrid kasta inn i rolla som Noregs førstedame.
Både farfar kong Haakon og far kronprins Olav var då enkemenn. Og sidan storesyster prinsesse Ragnhild hadde gifta seg borgarleg og flytta utanlands, var prinsesse Astrid aleine i et kongehus av menn.
Kongehusets einaste kvinnelege representant. Noregs førstedame.
No var det hennar oppgåve å vere vertinne for statsleiarar og representere Noreg i inn- og utland.
– Ver deg sjølv
Alvoret hadde gått opp for henne då storesyster prinsesse Ragnhild og hennar ektemann Erling Lorentzen flytta til utlandet etter bryllaupet i 1953.
– Då Ragnhild og Erling reiste ut frå Skaugum på kvelden, fekk eg krampegråt. Mor var veldig sjuk, og det gjekk opp for meg at eg kunne få eit stort ansvar, fortalde prinsesse Astrid til NRK då ho fylte 75 år.
Prinsesse Astrid hadde få erfaringar med store offentlege hendingar. Ho måtte difor søke råd hos andre for å lære seg rolla som førstedame, og korleis ho skulle utøve denne.
– Eg var jo ganske nervøs til å begynne med. Korleis ville eg bli teke imot? Folk var jo vande med mor, og så kjem ein ung jypling og liksom skal gjere det same, sa prinsessa seinare.
Ein av dei ho spurde, var den gamle hoffdama til mora, som gav henne eit godt råd:
– Ver deg sjølv. Ikkje tenk på korleis mor ville ha gjort det. Du må finne din eigen måte, elles blir det oppstylta og unaturleg.
Det blei rettesnora for henne då ho tok til med gjerninga – ei gjerning ho fylte med innhald og oppdrag for monarkiet heilt til det siste.
Dramatisk flukt
Prinsesse Astrid Maud Ingeborg blei fødd 12. februar 1932.
Ho var den mellomste av tre søsken: Storesøster Ragnhild var to år eldre enn henne, medan veslebror Harald var fem år yngre.
Dei vaks opp på Skaugum i Asker.
Men 9. april i 1940 tok livet ei brå og dramatisk vending for prinsessa og familien hennar.
Meldinga om at tyske soldatar var i ferd med å invadere Noreg, gjorde at heile kongefamilien måtte flykte.
Prinsesse Astrid var åtte år og måtte flykte frå Hitlers bomber, med ei dukke i armkroken.
Familien reiste først samla, men dei måtte etter kvart dele seg fordi det blei for farleg.
Kronprinsesse Märtha tok med seg barna. Dei reiste etter kvart nordover, gjennom Finland, mot Barentshavet.
Inst i ei bukt nær Kirkenes blei dei plukka opp av det amerikanske skipet «American Legion». Det var president Franklin D. Roosevelt som hadde sendt skipet som skulle ta dei med til USA.
Det blei ein lang og farefull tur over Atlanteren saman med andre krigsflyktningar. Det var 300 barn om bord. Skipet måtte krysse minefelt og vike av frå ruta to gonger på grunn av vanskelege isforhold.
Då dei endeleg kom til New York, blei dei kongelege innlosjerte på hotellet Waldorf Astoria. Seinare flytta familien til eigedommen Pooks Hill i Maryland, like utanfor Washington D.C.
Familien levde i eksil dei fem åra krigen varte, medan faren, kronprins Olav, leia motstandskampen saman med kong Haakon frå London.
Den dramatiske flukta er skildra i filmen «Kongens nei», som kom i 2016. Prinsesse Astrid var ein av dei som regissør Erik Poppe rådførte seg med for å få ei så korrekt handling som mogleg.
Lukkelege år i eksil
Sjølv om familien var splitta, var tida i eksil ei lukkeleg tid, sa prinsesse Astrid seinare.
– Det var eit anna familieliv enn heime på Skaugum. Vi levde som ein storfamilie. Mor var meir heime på kveldane, og vi åt mat saman.
Kronprins Olav tok turen over Atlanterhavet frå London fleire gonger i løpet av dei åra kronprinsessa og barna budde i USA. Dei hadde også mykje besøk av skandinavar som budde i USA, slik at barna skulle halde ved like det norske språket.
Det skulle gå fem år før dei fekk kome tilbake til Noreg. I Oslo 7. juni 1945 blei dei møtte av eit folkehav av jublande nordmenn som ønskte familien velkomne heim.
Men for barna var dette ei skremmande oppleving.
– Det var ei kolossal omvelting. Vi hadde levd så beskytta, og det å bli møtt av eit slikt folkehav var rett og slett skremmande. Det var så mange menneske og så mykje bråk og begeistring.
Før krigen hadde prinsesse Astrid og prinsesse Ragnhild fått privatundervisning heime på Skaugum. Men medan dei budde i USA, gjekk dei på privatskule saman med andre barn.
Då dei kom tilbake til Noreg etter krigen, kravde prinsessene å få gå på vanleg skule. Foreldra gav til slutt etter, og prinsesse Astrid starta på Nissen pikeskole i Oslo.
Der tok prinsesse Astrid artium, og ho blei den første i kongefamilien som var russ. I 1950 reiste ho til Oxford for å studere.
Førstedama
Medan ho var i England, blei mora sjuk. Familien håpte i det lengste at ho skulle bli frisk igjen. Men i 1954 døydde ho, og prinsesse Astrid måtte «brette opp ermene» og gå i gang med pliktene sine.
I tillegg til den gamle hoffdama til mora blei dronning Ingrid av Danmark ein viktig mentor for den norske prinsessa.
– Eg sa: «No, tante Ingrid, no må du lære meg opp.» Og ho gav meg masse råd. Eg hadde jo inga erfaring. Så eg auste av hennar, og det var ei velsigning.
– Ho lærte meg mykje om slike ting ein ikkje går rundt og tenkjer på, men som må vere rett. Som korleis ein sat i bilane, kven som skal gå først inn, og kva side ein skal gå på.
Prinsesse Astrids første statsbesøk som førstedame var då Haile Selassie av Etiopia kom til Noreg som ein del av ein Skandinavia-tur i november 1954 – same år som kronprinsesse Märtha døydde.
– Da var eg jo heilt grønskolling, sa prinsesse Astrid til NRK om dette første statsbesøket som førstedame.
Det blei eit spesielt og morosamt møte for prinsesse Astrid. Under besøket var ho vertinne for ein gallamiddag med fire kvinner og 130 menn på Slottet.
– Medan dei var i Sverige, hadde dei fått høyre at mor var død, og at det berre var meg her. Då lét Haile Selassie alle damene vere igjen Sverige, mens herrane blei med hit. Fleire av dei hadde med seg koner på turen, men dei blei verande igjen i Sverige, så dei måtte kongen og dronninga i Sverige underhalde.
Prinsesse Astrid var også vertinne då britiske dronning Elizabeth, som også var tremenningen hennar, var på si første utanlandsreise som dronning.
I eit regntungt Oslo tok prinsesse Astrid imot det britiske reisefølget saman med kong Haakon og kronprins Olav på den same kaia der kongefamilien hadde gått i land etter fem år i eksil ti år tidlegare.
– Det er ekstra hyggeleg når det er familie som kjem. Vi såg jo kvarandre ikkje så ofte på den tida, sa prinsesse Astrid.
Langs reiseruta til Slottet hadde jublande nordmenn på nytt samla seg for å helse dei kongelege.
Sjahen og Elvis
I åra som førstedame møtte ho statsoverhovud frå svært ulike land. I 1960 kom det thailandske kongeparet på eit sjeldan statsbesøk. Året etter kom sjahen av Persia saman med dronning Farah Diba på besøk. Ho gløymde aldri møtet med den norske prinsessa.
Prinsesse Astrid besøkte også den amerikanske presidenten Dwight D. Eisenhower i Det kvite hus i Washington.
I 1960 var prinsesse Margaretha av Sverige, prinsesse Margrethe av Danmark og prinsesse Astrid av Noreg i Los Angeles i samband med at SAS opna direkte flyrute til byen.
Der fekk dei blant anna vere med på innspelinga av ein film og åt lunsj på settet. Då møtte dei tre skandinaviske prinsessene rockekongen Elvis Presley.
– Han var ein stor gentleman. Og eigentleg den gentlemannen vi møtte der. Han var veldig naturleg. Og veldig søt og vennleg.
Prinsesse Astrid var ein viktig støttespelar for faren, kronprins Olav – ikkje minst då han blei konge i 1957.
I 1958 reiste Olav til Trondheim for å bli signa som konge. Etterpå reiste han på signingsferd frå Trondheim til Oslo. Prinsesse Astrid reiste saman med han på kongeskipet og besøkte fleire byar på vegen langs kysten.
Men det var lange og tettpakka dagar for prinsessa, og det var ikkje berre godvêr på reisa. Ein dag måtte prinsesse Astrid gå med regnvåte klede, utan moglegheit til å skifte. Dette gjorde at ho blei sjuk, men ho måtte likevel gjennomføre delar av programmet. I ettertid førte dette til at ho hadde kroniske smerter frå giktfeber. Det var først dei seinare åra ho fekk kontroll på smertene.
I 1959 besøkte kong Olav og prinsesse Astrid Nord-Noreg for å helse folket der. I 1991 og 1992 tok kong Harald og dronning Sonja dei same turane etter at dei var signa i Trondheim.
Dagane som førstedame kunne vere hektiske. Då ho kom heim etter at ho hadde studert i England, lærte ho seg å arbeide med keramikk. Prinsessa hadde i fleire år eigen keramikkverkstad. Det blei ein fristad for henne når ho trong litt fri frå dei offentlege oppgåvene.
Lojal støttespelar
Prinsesse Astrid hadde rolla som førstedame fram til august 1968. Då gifta dåverande kronprins Harald seg med Sonja Haraldsen, og Sonja tok over rolla.
Men prinsesse Astrid heldt fram med å representere kongehuset heilt til det siste. Når kongeparet hadde behov for avlastning, stilte prinsesse Astrid opp. Kong Harald har sagt om Astrid at dei to hadde eit veldig nært og godt forhold.
– Ho er grenselaust lojal. Det har alltid vore eit kjennemerke ved henne, sa han.
Også kronprins Haakon sa han var glad i prinsesse Astrid, både som tante og representant for kongehuset.
– Først og fremst er ho ei tante vi er veldig glade i, og som alltid stiller opp. Ho bidreg utrøytteleg, slik det har vore tradisjon for i familien vår. Slik sett har ho mykje av kong Olav i seg, sa kronprinsen i samband med 85-årsdagen hennar.
Den vanskelege kjærleiken
Både prinsesse Astrid og søskena hennar arva interessa for segling etter kong Olav. I ungdomstida ferierte prinsesse Astrid saman med familien på Hankø om sommaren. Der brukte dei mykje tid på segling. Ein av instruktørane var ein ung mann som heitte Johan Martin Ferner.
Nokre år seinare forelska prinsesse Astrid og Ferner seg, og dei ønskte å gifte seg. Men forholdet mellom dei to skapte offentleg debatt. Grunnen var at Johan Martin Ferner hadde vore gift før, og gjengifte var kontroversielt.
Kong Olav var lenge usikker på om han kunne tillate giftarmålet. Han rådførte seg med fleire personar og gav til slutt løyve til at paret kunne forlove seg. Men biskopen i Oslo nekta å vie dei.
Løysinga blei difor at biskop Arne Fjellbu i Nidaros vigde paret i Asker kyrkje i januar 1961. Men Fjellbu møtte også motbør. Vigsla var så kontroversiell at kyrkjelyden stengde sakristiet for han. Difor måtte han gå gjennom heile kyrkja før gudstenesta for å kome fram til alteret.
Prinsesse Astrid, fru Ferner, som ho no heitte, og Johan Martin Ferner busette seg i Oslo og fekk fem barn saman. Johan Martin Ferner døydde i 2015.
Idrettsfantasten
Prinsesse Astrid var svært interessert i idrett. Ho og søskena fekk idretten så å seie inn med morsmjølka. Besteforeldra kong Haakon og dronning Maud byrja å gå på ski då dei kom til Noreg. Faren, kong Olav, var ein ivrig seglar.
Også prinsesse Astrid fatta tidleg interesse for sporten og deltok i fleire regattaer. Ho var også trufast til stades i Holmenkollen. Dersom ho ikkje hadde anledning til å vere på kongetribunen, såg ho det på TV.
Ho hadde også eit sterkt engasjement for Holmenkollen kapell, som er den lokale kyrkja til Kongssetra. Då kapellet brann ned etter at det blei tent på i 1992, var prinsesse Astrid ein pådrivar for å få gjenreist kyrkja. Nye Holmenkollen kapell stod ferdig i 1996.
I 2018 fekk ho Holmenkollmedaljen for innsatsen ho har gjort for Holmenkollen og skiidrett.
Prinsesse Astrid, fru Ferner, arbeidde livet ut for kongehuset. Då ho fylte 85 år, sa ho at det var uaktuelt å trappe ned verksemda.
– Eg er fødd til det. Og då må eg bere det til den dagen det er slutt. Det er klart.
Ho var beskyttar for fleire organisasjonar, blant anna Dissimilis, som arbeider for utviklingshemma. Prinsessa hadde sjølv lese- og skrivevanskar og engasjerte seg mykje for barn med slike problem.
I tillegg representerte ho familien og landet ved fleire store anledningar. I 2002 blei ho innvilga ærespensjon av staten for innsatsen ho har gjort for landet.
Prinsesse Astrid var ei svært populær førstedame.
– Eg har høyrt det, sa ho til NRK mange år seinare og lo litt.
– Eg har jo skjønt at eg har klart meg. Eg har bestått eksamen, for å seie det slik.
Prinsesse Astrid var kongsdottera som i 14 år var førstedame i Noreg, og som var ei lojal støtte då veslebroren blei konge.
Som fru Ferner var ho privat.
Som prinsesse Astrid tente ho fire monarkar. Ho var fødd utan arverett til trona, men gjorde den kongelege rolla til sitt livsverk.