Rettstegning av Tiltalt i England med sladd. Rettsak i London. Drapsforbund.
19-åringen frå Stavanger er dømd for drapsplanlegging i England. Her er ein rettsteikning frå England.Illustrasjon: Julia Quenzler

– Soningsforholda i britiske fengsel er alltid tøffe. Men for folk med slike dommar er dei både umenneskeleg og vanskelege. Det er vanskeleg å sjå for seg at guten vil overleve det, seier jusprofessor, Mads Andenæs om 19-åringen.

Andenæs sine hovudområde er blant anna internasjonal rett og menneskerettar. Og han seier sjølv at han har vore i fengselet som 19-åringen sit inne i.

Han er også medlem av FNs arbeidsgruppe for vilkårleg fengsling.

Portrettbilde av advokat Mads Andenæs.
Mads Andenæs er jusprofessor, med hovudområde på internasjonal rett og menneskerettar. Foto: Benjamin Vorland Andersrød

Onsdag vart 19-åringen frå Stavanger, som er fengsla i London dømd for drapsplanlegging i England.

I mars i fjor blei den då 18 år gamle mannen pågripen på eit hotellrom i Huddersfield med to våpen. På oppdrag frå den svenske kriminelle gruppa Foxtrot skal han ha planlagd å drepe ein ukjend person i England.

Etter to rundar i retten er no 19-åringen funne skuldig og kan risikere opp mot 45 år i fengsel.

Meiner myndigheitene er fråverande

Jusprofessor Andenæs meiner det er ei sjølvfølge at norske myndigheiter må be om at soninga skal skje i Noreg.

– Men det vil krevje eit initiativ og oppfølging. For norske myndigheiter har ikkje vist noko aktivitet i denne saka, seier Andenæs.

Som også peikar på at 19-åringen var ein ung mann då han vart rekruttert og at han hadde dårleg psykiske helse då han vart pågripen av politiet i England.

– Han kjem til å få ei streng straff, og difor er det endå viktigare at han får sone i Noreg, seier jusprofessoren.

Over 70 prosent av fengsla i England og Wales er kategoriserte som overbefolka.

For at 19-åringen skal få kome heim må Justisdepartementet ta kontakt med britiske myndigheiter, der dei må bli einige om at 19-åringen kan sone i Noreg.

– Ei straffesak i England kan overførast til Noreg dersom handlinga er straffbar i begge land og begge landa samtykker via formelle internasjonale avtalar, seier Agnes Beate Morland Hemiø, fungerande leiar for retts- og påtaleavdelinga.

Som også peikar på at vilkåra kjem fram av lov om overføring av straffeforfølging frå eit eller til eit anna europeisk land.

Advokaten til 19-åringen seier at arbeidet med å få han overført til Noreg er i gang for fullt.

– Vi håpar og forventar at norske myndigheiter involverer seg aktivt i dette arbeidet. Han må hentast heim til Noreg, seier advokat Saqib Razaq.

– Ein krevjande situasjon

Leiar for justiskomiteen, Jon Engen-Helgheim (Frp) seier til NRK at han ikkje kjenner godt nok til saka om 19-åringen og viser difor vidare til justisdepartementet.

– Men vi i Frp er tilhengarar av soningsoverføring, både av at norske statsborgarar skal få sone i Noreg og at utanlandske i Noreg skal få sone i deira heimland, seier Engen-Helgheim.

Portrett av Jon Engen-Helgheim (FrP),
Leiar for justiskomiteen, Jon Engen-Helgheim viser støtte til familie til 19-åringen som er dømd for drapsplanlegging i England. Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB

Han viser også støtte til familien til 19-åringen.

– Det er veldig forståeleg at dei vil ha han heim, for familien står i ein veldig krevjande situasjon.

NRK har vore i kontakt med Justis- og beredskapsdepartementet, men dei hadde ikkje tid til å kommentere saka i dag.