HM Kong Haakon i gallaklær
NY KONGE: Fredag delte kongehuset dette nye biletet av kong Haakon VIII. Foto: Kongehuset

Klokka 11.30 var det ekstraordinært statsråd på Slottet.

For fyrste gong etter at han vart konge, var det Haakon som leia det.

Der kunngjorde han òg kongenamnet sitt og valspråket sitt:

Kong Haakon VIII har valt valspråket «Alt for Noreg», det same som faren, bestefaren og oldefaren hadde.

Kongen takka òg regjeringa og det norske folket for støtte og medkjensle i denne tida.

Tysdag skal kong Haakon VIII avlegga eid i Stortinget, slik Grunnlova krev. Det seier stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) til NRK.

Då skal han seia dette:

«Jeg lover og sverger å ville regjere kongeriket Norge i overensstemmelse med dets konstitusjon og lover, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitende».

Dei nye titlane

Kong Haakon er ikkje den einaste som har fått ny tittel fredag.

Det har òg fleire andre medlemar av kongehuset, viser ei oversikt på nettsida deira.

HM Dronning Mette-Marit i gallaklær med diadem på hodet
Hennar Majestet Dronninga Mette-Marit. Foto: Kongehuset

Kronprinsesse Mette-Marit er no Hennar Majestet Dronninga, medan Ingrid Alexandra no er Hennar Kongelege Høgvyrde Kronprinsesse.

Dronning Sonja beheld dronningtittelen, men er ikkje lenger «hennar majestet».

Eit minutts stille

Rundt klokka 11 kom den nye kongen til Slottet, med kronprinsesse Ingrid Alexandra ved si side.

Den nye kongen i uniform sett gjennom et vindu i baksetet på en bil. Den nye kronprinsessen Ingrid Alexandra ved siden av ham.
Den nye kongen kom til Slottet like etter klokka 11 saman med den nye kronprinsessa Ingrid Alexandra. Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Ikkje lenge etter kom regjeringa til staden.

Dei samla seg inne på Slottet. Regjeringa starta med eit minutts stille, før den nye kongen og kronprinsessa kom inn i rommet.

I statsråd vart regjeringa formelt orientert om at kong Harald var død.

Flagget til topps igjen

Kort tid etter at det ekstraordinære statsrådet starta, vart kongeflagget på ny heist til topps på taket av Slottet for å markera at landet har ein ny konge.

Kongeflagget heises til topps Video: NRK
Kongeflagget heises til topps Video: NRK

Flagget vart firt til halv stong tidlegare fredag for å kunngjera at kongen var død.

Kong Haralds død skal likevel markerast ved å flagga på halv stong frå Slottsbalkongen.

Regjeringa har avgjort at det vert ei nasjonal sørgeperiode frå no og fram til etter gravferda.

Kongeflagg på halv stang fra Slottsbalkongen
Kongeflagget på halv stong frå Slottsbalkongen for å markera kong Haralds død. Foto: NRK

Signerte protokoll

Etter at det ekstraordinære statsrådet var ferdig, gjekk regjeringsmedlemane ut ein og ein for å signera kondolanseprotokollen på Slottet.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) starta og vart etterfylgd av dei andre i regjeringa.

Deretter gjekk regjeringa ut på Slottsplassen for å legga ned blomar og tenna ljos.

Fem regjeringsmedlemmer, blant annet Jens Stoltenberg og Espen Barth Eide, sett bakfra. Foran dem et blomsterhav og et folkehav på Slottsplassen.
Regjeringsmedlemane Jan Christian Vestre, Jens Stoltenberg, Espen Barth Eide, Jon-Ivar Nygård og Terje Aasland framfor eit blomehav på Slottsplassen. Foto: Thomas Andersen / NTB

Ny konge

Kronprins Haakon vart konge idet faren døydde tidleg fredag morgon.

Det har vore planen heilt sidan han vart fødd i 1973.

Som kronprins har han fått stadig meir ansvar og hatt ei rekke oppdrag for kongehuset.

Den nye kongen skal òg avlegga ein eid, slik Grunnlova krev.

Allereie då den dåverande kronprinsen vart 18 år, underteikna han ein skriftleg eid. Det måtte han gjera så han kunne fungera som regent for faren i periodar.

Det same må no kronprinsesse Ingrid Alexandra gjera, så ho kan vera regent når det er behov.