Denne veka blussa kamphandlingane opp att i Midtausten. USA gjekk til åtak mot kring 90 mål i Iran torsdag. Det skjedde etter at USA skulda Iran for å gå til åtak på skip.
Iran svarte med åtak på amerikanske basar.
Det er i dag kring 15 skip som er knytte til Noreg som er på innsida av Hormuzsundet, opplyser Rederiforbundet.
– Dette er i hovudsak skip som har sitt ordinære virke her, altså som er på langtidskontraktar, seier direktør for beredskapsavdelinga i Rederiforbundet, Audun Halvorsen.
I mars blei kring 3000 skip, av dei kring 30 med norske band, sperra inne i Persiabukta grunna krigshandlingane.
Iran stengde Hormuzsundet for trafikk, noko som førte til store forstyrringar i verdshandelen.
Situasjonen no er slik at alle norske skip som har ønskt å koma seg ut har klart det, ifølgje Rederiforbundet.
– Seglar ikkje inn i området no
Reiarlaget Odfjell i Bergen er eitt av reiarlaga som har hatt skip i Persiabukta.
Kommunikasjonssjef Anngun Dybsland fortel til NRK at alle deira skip har forlate området, og er på utsida av Hormuzsundet.
– Me kjem ikkje til å segla inn i området slik situasjonen er no. Det må ei stor betring til i tryggingssituasjonen før me gjer det, seier ho.
Rederiforbundet stadfester at trafikken gjennom sundet har gått kraftig ned dei siste dagane.
– Rett etter at USA og Iran inngjekk ein avtale var det nær 70 skip som segla inn og ut dagleg. Det har falt veldig no, seier beredskapsdirektør Audun Halvorsen.
Han slår fast at situasjonen er krevjande for Noreg, som ein stor sjøfartsnasjon.
– Uvissa gjer det vanskelegare for norske reiarlag å operera.
Tilrår skip å koordinera med amerikanske krigsskip
Det er den såkalla sørlege korridoren som har blitt brukt til segling. Dette er skipsleia som går nærmast Oman.
Rederiforbundet seier dei har tett kontakt med reiarlaga som har hatt eller har skip i regionen.
– Reiarlaga gjer eigne vurderingar av tryggingsrisikoen. Så prøver med å gje gode råd, og sørgja for at dei har så godt grunnlag for vurderingane som mogleg, seier Halvorsen.
Den norske krigsforsikring for skib (DNK) seier dei tilrår skip som skal segla gjennom Hormuzsundet om å ta kontakt med den amerikanske marinen.
– Det er USA som vernar om den sørlege ruta. Våre råd er å koordinera med amerikanarane, for å unngå ting som Iran kan finna på, seier tryggings- og beredskapsdirektør Freddy Furulund.