På Nesse gard sør i Vestland gir fleire bakkemonterte solcellepanel gjenskin i sollyset.
Her har bonde Steinar Nesse sett opp ei rad solceller rett i forkant av bustadhuset.
Årsaka er dei skyhøge straumprisane hausten 2021 som fekk regjeringa til å innføra straumstøtte.
Støtten har seinare blitt noregspris på straum, og ein kontinuerleg debatt om både populisme og offentleg sløsing.
– På ein månad passerte straumrekinga for garden 70.000 kroner, og det gjekk ikkje an, seier Nesse.
Fekk inspirasjon frå Europa
Men Nesse ville ikkje stoppa med solceller føre huset.
Bonden hadde sett at bakkemonterte solcelleanlegg i større og større stil var sett opp på kontinentet.
Også i kombinasjon med landbruk, som på fagspråket vert kalla Agri-Pv.
– Eg tenkte at dette må me få til her i Noreg også, seier Nesse.
Han kontakta difor det lokale energikonsernet Haugaland Kraft for om lag tre år sidan.
Sauene får beita rundt
Dei tykte også det var ein god ide, og måndag denne veka gjekk startskotet for bygging av Nesse solpark.
– Dette er ein stor dag for oss i Haugaland Kraft og Endra, seier Kristian Gautesen, administrerande direktør i Endra.
Om eitt år skal solcelleparken stå klar. Det vert ein av dei første i sitt slag i Noreg.
Den skal byggjast på ein del av garden som til no har vore brukt som beiteland til både sau og storfe.
Parken vil leggja beslag på cirka 150 mål, som er cirka 10 prosent av garden sitt totale areal. Ingen solcellepanel skal setjast opp på dyrka mark.
– Området er steinete og vanskeleg å bruka til mange andre ting, fortel Nesse.
Total kraftproduksjon frå anlegget er oppgitt til om lag 10 GWh, som svarar til energiforbruket til om lag 5–600 husstandar.
– Det er det første i Noreg som kombinerer dobbel arealbruk, i dette tilfellet kombinasjon av sauebeite og solkraftproduksjon, seier Gautesen i Endra.
Sintef: Solkraft har stort potensial
Søknadsmengda og energiproduksjonen frå solcelleanlegg i Noreg har gått i taket dei siste ti åra. Det viser tal frå NVE.
I 2015 var installert effekt av solkraft, altså kor mykje straum dei kan produsera, om lag 22 MWh
I 2026 har det same talet stige til 964 MWh. Det er aller flest anlegg i Sør-Noreg.
– Solkraft på garder har eit stort potensial. Slike anlegg er ein del av ein stor internasjonal trend, seier Gaute Stokkan, forskingsleiar for berekraftig industri ved Sintef, til NRK.
Men Stokkan understrekar at det er forska lite på det, og at ein må sjå nøye på kva type areal på gardane ein tek i bruk til formålet.
På Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har dei nyleg sett opp fleire solcellepanel i ein kornåker.
Målet er å sjå om matproduksjon og energiproduksjon kan eksistera i lag.
– Det er mange fordelar med å kombinera landbruk med energi. Ein haustar fornybar energi, lokalsamfunn vert meir robuste, og gardane får ei sikker inntekt, påpeikte Stokkan.
Bondelaget vil ha fleire solceller på driftsbygningar
Noregs Bondelag er i utgangspunktet skeptiske til å bruka landbruksareal til energiproduksjon. Spesielt ikkje dyrka mark.
Bodhild Fjelltveit, 1. nestleiar i Bondelaget og sauebonde, seier til NRK at bruk av landbruksareal til andre ting kan gå utover matproduksjonen.
Men at dei er veldig for fornybar energi.
– Samstundes er det stort potensial i solceller på driftsbygningar. Og bøndene sjølve er dei beste til å vurdera kva som er best for garden, seier ho.
For Steinar Nesse i Sveio er valet enkelt. Han er sjølv deltidsbonde, men skal snart overføra heile garden til dottera Maria. Dei driv i lag i dag.
– Då har eg sikra det økonomiske fundamentet for garden slik at ho kan vera heiltidsbonde, seier han.