Nordic Mining
DEPONI: Nordic Mining vinn ut mineral frå fjellet og deponerer gruveavfall i Førdefjorden. Foto: Nordic Mining

– Dette er ikkje til å tru!

Leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet er opprørt. Fordi gruveselskapet Nordic Mining er eit stort steg nærare å få lov til å tømme gruveavfall i Førdefjorden i tre år.

Onsdag kom Miljødirektoratet med si anbefaling om å seie ja til dette.

Det skjer etter at miljørørsla vann ein knusande siger i Høgsterett i juni.

Gulowsen meiner det som no skjer, er ein hån mot rettsstaten.

Truls Gulowsen
Naturvernforbundet er i harnisk over framferda til regjeringa. Foto: Terje Haugnes / NRK

– Eg hadde eit visst håp om at Miljødirektoratet skulle vise ryggrad, seier han oppgitt.

Krev stans

Den innbitne konflikten spissar seg til.

Korleis kan gruvedrifta halde fram, sjølv etter dommen i Høgsterett?

Her er greia:

Det er nemleg ikkje lov til å skade ein fjord, med mindre du har veldig gode grunnar til det.

Å tømme 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden, er i utgangspunktet ikkje særleg bra.

Dronebilete av Nordic Mining
Nordic Mining starta verksemda i god tru på at staten gav eit gyldig løyve. Foto: Oddmund Haugen

Nordic Mining hadde opphaveleg løyve til dette.

170 millionar tonn tilsvarar vekta av ein tredel av alle menneske på jorda. Avfallet skulle deponerast i løpet av 50 år.

Men i det opphavlege løyvet hadde ikkje staten gode nok grunnar til å gje unntak frå miljøreglane.

Det slo Høgsterett fast i juni. Dermed var utsleppsløyvet ugyldig.

Miljørørsla meiner derfor at gruvetømminga skal stoppe umiddelbart.

Episode om Førdefjorden
Striden om Førdefjorden er ein av dei største miljøkampane i Noreg. Foto: NTB

Skreddarsydd søknad

Regjeringa er ikkje einig.

– Sjølv om ein garasje er bygd på uriktig grunnlag, så må ikkje eigaren rive garasjen umiddelbart. I sagaen om Førdefjorden resonnerer regjeringa på same vis, seier NRK-kommentator Håvard Nyhus.

Det kan vere mogleg å finne eit nytt juridisk grunnlag for løyve. I mellomtida skal Nordic Mining få lov til å halde fram, etter alt å dømme.

Rett etter at dommen frå Høgsterett kom, sende Nordic Mining inn ein søknad om mellombels utsleppsløyve.

I søknaden ber dei om å få sleppe ut langt mindre gruveavfall – 4,5 millionar tonn i løpet av tre år.

Nordic Mining
Anlegget ligg i Vevring i Sunnfjord kommune. Foto: Nordic Mining

Det er ikkje eit tilfeldig tal.

I søknaden ligg ein detaljert miljøanalyse som skal vise at dette utsleppet ikkje øydelegg vasskvaliteten i Ytre Førdefjorden.

Dermed er det ikkje behov for å finne unntak frå miljøreglane, ifølge Nordic Mining.

No har òg Miljødirektoratet gått god for dette:

«Etter Miljødirektoratets vurdering vil ikke den aktuelle virksomheten føre til forringelse av den berørte vannforekomstens økologiske tilstand», skriv dei.

Med Engebøfjellet i Førdefjorden som kulisse lanserte Høgre fredag ein ny mineralstrategi for å setje fart på norsk bergverksdrift.
Nordic Mining har investert milliardar anlegget, som vinn ut rutil og granat. Foto: Oddmund Haugen

Dermed kan regjeringa gje grønt lys til mellombels utslepp – utan å gå på akkord med lovverket, ifølge denne rettstolkninga.

Og slik kan gruvedrifta halde fram, med det som kan bli regjeringa si velsigning.

– Ikkje enkelt

Nordic Mining ønsker ikkje å kommentere saka torsdag.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) seier dette er den vanskelegaste saka han har jobba med som minister.

Andreas Bjelland Eriksen
Klima- og miljøministeren seier saka er vanskeleg. Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Det er naturverdiar i fjorden som eg trur alle i utgangspunktet ønsker å ta vare på. Det står opp mot tilgang på eit kritisk mineral, som er viktigare enn før i ei utrygg og usikker tid, seier han til NRK.

Gruva vinn ut minerala rutil og granat.

– Dette er ikkje enkle avvegingar.

Det er Bjelland Eriksen som skal ta den endelege avgjerda om mellombels utsleppsløyve. Han har lova å svare raskt.

Bilete frå tunnel ved Nordic Mining
For innbyggarane i Vevring og lokalsamfunnet i Sunnfjord handlar striden om meir enn paragrafar. Foto: Jostein Vedvik/Nordic Mining

Høne å plukke med direktoratet

Men miljøanalysen til Nordic Mining held ikkje vatn, meiner Havforskingsinstituttet (HI).

Forskarane konstaterer at analysen er teoretisk, utdatert og upresis. Det handlar om korleis areal vert påverka av deponeringa.

Sist datainnsamling er frå september 2025, og no er det deponert nær seks gonger så mykje avfall, ifølge forskarane.

– Korleis er det då mogeleg å vurdere omfanget av påverknaden på botnlivet utan at dette vert undersøkt på nytt? spør Terje van der Meeren ved HI.

Terje van der Meeren i Havforskingsinstituttet på forskingstokt i Volda/Ørsta-området
Terje van der Meeren er kritisk til miljøanalysen til Nordic Mining. Foto: NRK M&R

Dei har ønska å gjere ein meir grundig vurdering av søknaden, men dei fekk ikkje tid på seg.

Høyringa var nemleg i juli, då var alle på ferie. Forskarane bad om meir tid, men fekk nei frå staten.

– Vi er ueinige med Miljødirektoratet i vurderingane, mellom anna om kor stort areal som kan bli påverka. Vi meiner det må nye data på bordet for å gjere desse vurderingane på ein fagleg god måte, seier forskaren.

Nordic Mining har tidlegare sagt at søknaden bygger på omfattande faglege utgreiingar og dokumentasjon.

Opp til Bjelland Eriksen

Juridisk er ekspertane òg ueinige om framgangsmåten til departementet.

No er det altså opp til Klima- og miljøministeren å vurdere saka.

Han har tidlegare signalisert at eit mellombels løyve truleg vil vere innanfor regelverket, det same som Miljødirektoratet no har konkludert med.

– Eg registrerer at dei anbefaler at det gjevast eit mellombels løyve. Vi skal sette oss godt inn i den og i dei vurderingane som Miljødirektoratet har gjort, seier han.