En grafikk med jordkloden i midten og de mest populære navnene i en ring rundt.
KVA SKAL BARNET HEITE?: Namna skil overraskande mykje mellom landa i Skandinavia.Grafikk: NRK

Namnelistene for dei mest populære namna i 2025 i Danmark blei publiserte tysdag.

Dei aller mest populære namna for nyfødde naboar i sør er:

Video: Malene Laura Solheim
Video: Malene Laura Solheim

No var riktignok Oscar/Oskar på ein femteplass på dei norske listene for fjoråret. Alma på ellevteplass for jentene.

Men når namneforskar Ivar Utne ser på dei danske listene er det éin ting som skil seg ut:

– Danskane ser ut til å vere meir medvitne om tradisjon enn nordmenn. Dei ser meir bakover i eigen tradisjon.

Norsk «oppskrift»

På dei norske listene for populære jentenamn regjerer Emma, Olivia, Nora, Sofie og Leah, med ulike skrivemåtar.

– I Noreg er suksessoppskrifta namn som kjem frå to kantar, forklarer Utne.

Mange av dei aller mest populære norske namna har røter frå norske tradisjonar, men fungerer også godt internasjonalt.

– Danskane kan også bli påverka frå utlandet, men det ser ut som dei ser meir bakover i sin eigen tradisjon.

Utne dreg fram fleire eksempel frå den rykande ferske lista:

Video: Malene Laura Solheim
Video: Malene Laura Solheim

For heller ikkje Danmark lever i eit vakuum. På lista over dei mest populære jentenamna er også fleire internasjonale hittar.

Sofia, Nora, Emma og Olivia finn vi alle på topp ti, akkurat som i Noreg.

På gutelista er også namn som Noah på fjerdeplass, Oliver på sjette og William på niande plass. Den norske statistikken viser at det er mange eittåringar også i Noreg med desse namna.

I Danmark er interessa for dei mest populære namna like sterke som her i landet.

Fleire danske medium har vigd god plass til topplista. Avisa Berlingske slår opp at 17 av 1000 nyfødde jenter fekk namnet Alma, medan namnet som klatrar mest er Vilde.

Elmer er gutenamnet som har gjort det største bykset blant danske nybaka foreldre.

Video: Malene Laura Solheim
Video: Malene Laura Solheim

Sverige er trendsettaren

Medan danskane held fast på sine eigne tradisjonsnamn, har Noreg ein vane med å importere namn.

Mange kjem frå Danmark. Tove og Bente er eksempel på det, ifølge namneforskaren.

– Dei fleste namnetrendane i Noreg kjem frå Sverige, seier Anders Sønstebø som er seniorrådgjevar i SSB.

Han forklarer at mange namn har teke ruta frå Sverige til vestkanten i Oslo, til Bærum og vidare ut i landet.

Denne trenden er førebels litt svakare no enn før, fordi medievanane våre har endra seg mykje.

– Før såg mange nordmenn på svensk fjernsyn. No veit unge knapt kva SVT er. No hentar vi inspirasjon frå kvar som helst i verda.

Sønstebø peikar også på at sidan mange har innvandrarbakgrunn slår dette også ut på topplistene for namna på nyfødde barn.